søndag 5. mai 2013

779 Julie er fødd

I dag tidleg, då Jan Magne kom i fjøsen, hadde 401 kalva og låg og sleika på kalven sin. Dette for å tørke og stimulere den.
Kalven har fått namnet Julie, eit av forslaga som kom inn då me spurde etter namn til Freia og Guddlo.
Tusen takk for alle kommentarar i tidlegare innlegg! Veldig kjekt om de som legg inn som anonyme skriv eit namn til slutt, så me har ei lita formeining om kven som har skrive. ;)

 Freia er fotogen og poserer gjerne for fotografen.

 I starten tar det ofte litt tid før nye kalvar skjønar at det er varmare og lunare inne i kalvehytta og dei må ha hjelp fleire gongar om dagen til å kome seg inn her og ikkje ligge ute på spalten.
Dei første dagane etter kalving har mora råmjølk. Råmjølksperioden er tida frå fødsel og fram til kalven er fem dagar gamal. I denne tida kan ikkje mjølka leverast til meieriet. Etter fem dagar har mjølka vanlegvis normal samansetnad og kan leverast til Tine. Råmjølka har eit høgt innhald av næringsstoff, bl.a. immunoglobulin som er viktige immunstoff som vert overførte frå ku til kalv.
Råmjølka gir den nyfødde kalven antistoff mot mikroorganismar som fins i det lokale miljøet,
og gjer at dei har større motstand mot ulike sjukdomar.
Mellom ku og kalv vert desse antistoffa kun overførte gjennom råmjølka og ikkje gjennom morkaka, som hos menneske. Opptaket av immunoglobulin hos kalven er høgast under dei første seks timane etter fødsel og vert gradvis redusert til det opphører 1-2 dagar etter fødsel. Difor er det særs viktig at kalven får i seg råmjølk så raskt som mogeleg etter fødsel.

Me sjekker kvaliteten på råmjølka til kvar ku som kalvar vha eit Colostrumeter. Dette måler tettheten i mjølka, som er eit uttrykk for innhaldet av immunstoff. Ved å gjere dette kan me fryse ned råmjølk frå kyr som har god råmjølkskvalitet og ha på lager dersom det kjem ei ku seinare som har dårlegare kvalitet eller er sjuk eller dør slik at den nyfødde kalven ikkje kan få råmjølk av god kvalitet.
"Kva er dette for noko?!"
767 har fått namnet Ask. Her i lag med Julie.

6 kommentarer:

  1. Flott blogg som eg er inne på kvar dag.Evelyn E

    SvarSlett
  2. Så kjekt å høyre, Evelyn! :) Det gjer det endå kjekkare å skrive når ein får slike tilbakemeldingar. ;)

    SvarSlett
  3. Veit dykk kven faren er eller hadde hu vore på vift??

    SvarSlett
  4. Faren til Julie er 10432 Velsvik: http://www.flickr.com/photos/genonorge/6213205937/
    Det er kun eit fåtal med kviger som det blir brukt gardsokse på, og det skjer dersom dei ikkje vil ta kalv ved inseminering, og det er ein svært liten prosentandel. Hovudandelen vert inseminerte med oksesæd frå geno. Dette er 401 sin tredje kalv.

    SvarSlett
  5. Så herlige koseklumper :)
    Små, uskyldige og søte, enn så lenge ;)
    Interessant og koselig informasjon, fru Keilegavlen!

    Simba's mamma

    SvarSlett
  6. Tusen takk for det, Simba´s mamma! :) Koseleg at du legg att ein kommentar. Ja, dei er veldig søte. ;)

    SvarSlett