torsdag 13. juni 2013

Kuslepp :)


I går fekk endeleg kyrne kome på beitet.
Det vart mykje hopp og sprett som du ser i videoen over.
Du kan og sjå videoen her.
Dei ti beste mjølkekyrne vart plassert på det beste beitet,
medan dei resterande fekk kome på eit anna.
I dag har det hølja ned med regn og kyrne har då fått vere inne.

Desse kyrne er nett kome på det største beitet som og er hovudbeitet.
Gardfloren som du ser her står i inngongen til dette beitet.
Det er alltid kjekt når kyrne får kome ut.

Her er kyrne som går på eit betre beite nede med huset.
På dette beitet er den eine potetkjellaren som du ser her.

På tysdag tok Torunn prøvar av kyrne igjen så no ventar me spent på prøveresultata, spesielt frå 436. Du kan lese meir om prøvetakinga og forhistoria til at me er spente på resultata her, her og her
I dag har me og fått ein sesongarbeidar, Augustin. Han er flytta inn i ei campingvogn me kjøpte i går.
Det skal bli godt med litt hjelp i fjøsen no når slåtten kjem.
Me har tidlegare hatt ein avløysar felles med fleire andre i ein avløysarring, men han har, som oftast, vore heime når me trong han i slåttane. Difor er det veldig greit å ha ein sesongarbeidar no. Då kan me begge to køyre i slåtten og så har me ein sesongarbeidar i fjøsen og som samstundes kan gjere litt anna førefallande arbeid som me sjølv ikkje rekk over. Samstundes skal det bli godt å ha litt fri mellom slåttane. Sist me hadde fri ei helg og reiste vekk i lag var ei langhelg i september. Det begynner å bli ei stund sidan.

Takk for alle kommentarar som kjem.
Me minner om at me vert veldig glad om du legg inn kommentar vha "Navn/nettadresse" (som det står skrive oppe til høgre i bloggen) og ikkje som "anonym" då det er greit å vite kven me snakkar med. :)

3 kommentarer:

  1. Det er herleg når kyrne får ut om sommaren. Her hadde vi dei ut fyrste gongen i går.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er det! Alltid kjekt når dei får kome ut. I dag har dei fått vere inne sidan det er så stygt ver. :) Kor mange kyr har de?

      Slett
  2. Moro i fjøsnissen

    SvarSlett