søndag 2. juni 2013

Søndag er kviledag

 Ja, søndag er kviledag her i heimen. Bortsett frå fjøsstella morgon og kveld så tar me livet med ro.
Søndagen er Jan Magne sin morgon å sove lenge på.
Me prøver, så langt me kan, å ta fri på søndagane.
Dersom det er midt i slåtten og det er fare for regn og fare for å miste avling då slår/presser me sjølv om det er søndag, men elles respekterer me fridagen både av omsyn til naboar, men og til oss sjølve.
Jobbar heller lengre dagar i vekene for å ha ein dag og koble ut på.

I dag vart det jammen meg to innlegg på ein dag, men når bonden finn barnet i seg må det jo dokumenterast. :)
 I dag nytta Jan Magne dagen til å bygge ein Technic traktorgravar som han fekk i 40 årsgåve
frå onkelbarna sine i januar. 

 Den skapte noko hovudbry...
I dag har temperaturen vore rundt 12-13 grader noko som er heilt ideelt.
Ja, sjølvsagt skulle me gjerne hatt 20 grader, sol og sommar no, men for grasveksten er det ikkje bra med varme enno. Dersom det er for varmt veks graset for fort og det vert berre ein mykje stenglar utan noko særleg bladverk på og det medfører at det vert lita/dårleg avling. Dette veret som er no med litt kjølege dagar medfører at graset veks seinare, det vert meir bladvekst og dermed mykje betre avling og meir mat til dyra.

 Okk og stønn, det manglar ein del, eller er med ein heilt feil del!
Det er då det er godt med ei kone som kan lokalisere kor feilen er... :)

 Feilen er retta opp og ein nøgd bonde har bygd ein traktorgravar! :)

Dagens arbeid. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar