lørdag 29. juni 2013

Jag trivst bäst i öppna landskap


Medan me slo har avløysaren vår rydda frå redskapshuset og ned til garasjen, medan Benjamin, sonen til eit søskenbarn av Jan Magne, bar greiner. På biletet over ser du eit førbilete ved garasjen. Det var det einaste me fekk tatt før dei var i gong.


 No er alt på vår side rydda. Det er utruleg kor mykje kratt som veks opp med tida, men det vart mykje lysare og trivelegare no.

No er det berre berget att, og alle greinene ligg i haugar. Det blir endå finare når alle dei er rydda vekk og me får rydda litt ekstra rundt her.                                                      

Ope landskap :)

Her er avløysaren ferdig for dagen med saginga og skal ha seg ein liten pause før han startar i fjøsen. Han er utruleg kjapp og eit arbeidsjern!

 Alle greinene er samla i ein haug.

Då er det berre å få rydda vekk greinene eller leige ein fliskuttar og så ser det endå finare ut. I natt har det regna over 30mm, no skin sola så me håpar det tørkar godt opp så me kan starte å slå igjen. Det er meldt litt regn på måndag så dette vert nok ein av dei få søndagane me muligens kjem til å ta i bruk så me får redda graset i hus. Jan Magne har holdt på å presse til kl 01:00 fleire netter no, så det blir godt når alt er ferdig. Dersom du har lyst til å sjå ein film når Jan Magne presser og pakker, kan du sjå den her.

I går var det ei kvige som gjekk om som går på eit beite nedanfor huset. Ho hadde gøymd seg innimellom nokre graner ved det eine stykket me leiger. Ho tusla no heldigvis etter ei bøtte med kraftfôr heim og har kome på eit beite med nok andre kviger.

torsdag 27. juni 2013

Eit traktoregg blir til

Ja, då er omsider filmen klar.
Kvaliteten er ikkje så superbra, men det tok lang nok tid å laste den opp med denne kvaliteten så det blir som det blir denne gongen. ;) Dette er då ein film om pressing og pakking med biopresse og filmen startar mot slutten av pressinga, dette for at ikkje filmen skulle bli altfor lang. Du kan sjå filmen på youtube og. Jan Magne har pressa ferdig heimejorda i dag og har rakt der Torunn slo ned i går. Me brukar å rake to og to skårar saman, det medfører mindre køyring med traktor og presse. Dette får me forhåpentlegvis tatt bilete av ein dag fotografen er tilgjengeleg. :) No held han på å presse ferdig Storamyre i Leirvågen. I går var han heime kl 01.00, så eg håpar han får ein litt tidlegare kveld i kveld. I morgon er det meldt regn og det ser ut som om det regnar godt lenger sør i fylket.

På veg heim etter filminga i går kom kvigene som er på beitet rett ved springande til for å helse på, samstundes som dei er veldig obs på Scott. Scott er livredd kvigene og kvigene følger godt med på han og spring stort sett etter han om dei får mogelegheita. No var det heldigvis eit straumgjerde mellom dei. 

onsdag 26. juni 2013

Me skundar oss før regnet kjem

 I dag har Torunn slått ned gras på Storamyre i Leirvågen etter at ho kom heim frå jobb.
Me vågar ikkje slå ned meir enno då det er meldt regn på fredag. I skrivande stund er det og nokre mørke skyer i Åsane og Bergen som me håpar fer forbi oss.

 Medan eg slo har Jan Magne pressa heime. Det er foreløpig usikkert kor lenge han held på i kveld/natt. Alt avheng av skyene som lurar. Dersom det ser greit ut tar han gjerne ein del av heimejorda i morgon i lag med Storamyre, men me får sjå.
Eg likar forøvrig TN95D´en betre enn T4050´en, rett og slett fordi vår tidlegare selgar, Agnar, ordna det slik på den traktoren at setet vart flytta slik at i fremste posisjon passar det til mine korte bein og i bakerste posisjon passar det til Jan Magne, men, men det går no med denne og.

 Jan Magne er i full gong med å presse. Eg har filma då han pressa, men av ein eller annan merkeleg grunn får eg ikkje lasta den opp på youtube eller direkte på bloggen. På youtube lastar den opp til 11% og så får eg beskjed om at det ikkje går likevel. Gjer eit nytt forsøk i morgon og dersom det går då får me heller legge ut ein video då, så kan de som ikkje har sett pressing med ei biopresse få sjå det og.

 Alle tekniske detaljar angåande utstyret får bonden sjølv ta seg av nå han er tilgjengeleg for slikt. :)
På biletet over her er nettet komen på rundballen og det er klart til pakking. Me brukar 8 lag med plast på kvar rundballe. Kor mange ballar det foreløpig er på målet, veit eg ikkje, men all slik info kjem og når bonden er tilgjengeleg. :)

Rundballen vert pakka. Når den er ferdig pakka vert plasten kutta og ringen som er rundt vert løfta opp og rundballen vert vippa av pressa, kammeret vert lukka og det er klart til å presse ein ny rundball. Eg håpar me kan vise ein film av dette i morgon eller i løpet av helga.
Det er utruleg kjekt når slåtten er i gong, så sant alt utstyr held og veret held seg bra, og så er det samstundes godt når alt er over og møka er på nytt komen ut for ein ny vekstperiode og det er ein liten pause før håslåtten. Då veit ein at graset er i hus og ein har sikra ein del bra fôr til vinteren. Slåtten er uansett ein svært viktig del av sjølve sommaren! :)

tirsdag 25. juni 2013

Lukten av sommar

 Ja, no luktar det sommar,- det luktar nyslått gras!
Jan Magne starta å slå ned gras på ei slåttemark i går, og akkurat når han var ferdig vart skyene mørke og yr si vermelding stemte absolutt ikkje! Då var det ein bonde som ikkje var heilt blid. Det skein heldigvis opp att og me fekk slått ned litt meir i gårkveld. I dag var humøret betre og resten av heimejorda, inkl leigejorda hos naboen, vart slått ned i dag og er klart til raking og pressing i morgon.
Til saman er det 85 daa fordelt på 8 teigar. Bileta som er teke i dag er tatt på leigejorda hos naboen.

 Til å slå ned graset brukar me ei slepeslåmaskin, JF Stoll GMS 280. Den slår ei breidde på 280 cm og samlar det i skårar som du ser på bileta. I front er det sjølvsagt ein New Holland traktor, T4050. :)

Det er godt å vere i gong. No håpar me at veret held seg så me vert ferdige fort.

 Det går over haug og hamrar, og all jorda er ikkje flat, men me er no likevel blandt dei heldige her på Vestlandet og har lite bratte teigar.

 Eit pausebilete av bonden og Scott.
P.S: Scott er ikkje med i traktoren når Jan Magne slår, det er ikkje plass til han der, men han må jo få kome på besøk når traktoren står i ro.

Nedslått gras på ei av jordene.
Graset ligg her og vert fortørka slik at tørrstoffinnhaldet i graset vert høgare, då vert det betre fôr til dyra.

lørdag 22. juni 2013

Det nærmar seg...

 Det nærmar seg slåttestart.
I år har me kjøpt nytt syreutstyr til pressa (det som er montert i front på traktoren på biletet over). Me kjøpte eit tomt syrefat (tønne) av ein kollega og på denne skal me blande ut ensileringsmiddel som vert pumpa bak til pressa og blanda i graset. Då me brukte fôrhaustar og køyrde graset i siloen brukte me maursyre som ensileringsmiddel, men maursyre tærer mykje på utstyret og gjer levetida på dette kortare. Difor brukar me ikkje det i pressa, men me nyttar noko som heiter Sil-all 4x4. Det er eit naturleg biologisk bakteriekulturpreparat. Dette kjem i pulverform som vert oppbevart i frysen. Det vert blanda ut i vatn og skal vere i syrefatet som er montert på traktoren. Det må brukast opp innan 48 timar. Dette er det tredje året me brukar Sil-all, og så langt er me svært nøgde med det.

 Syrefat og syrestativet sett framifrå.
Sil-all 4x4 er samansett av eit høgt innhald av nyttige bakteriar kombinert med enzym som spaltar sukkeret. Det set i gong ein rask og effektiv fermenteringsprosess når det tilsettast graset. Dette er viktig for å oppnå god kvalitet på graset. Ved å hindre lufttilgong ved å pakke rundballane inn i plast (ensilering) og tilsette sil-all for å oppnå riktig pH (fermentering) oppnår ein god kvalitet på fôret som skal brukast utover hausten, vinteren og våren.

Knivane i pressa er slipte i dag. Skiveslåmaskina er alt klar, så no manglar berre tvillinghjula og så er me klare for første slåtten. Yr og Storm har meldt noko ulikt ver for natta som kjem og for morgondagen, så foreløpig vågar me ikkje å starte opp. Den første bya som skulle kome mellom kl 18 og 24 i dag, fòr forbi og tok turen i Masfjorden. Det er meldt noko regn framover, men me håpar å få starta opp i starten på veka.

325 Goffeline fekk jurbetennelse i forgårs. Goffeline kjøpte me frå ein kollega som heiter Godtfred, og dermed fekk ho namnet Goffeline. Ho hadde feber og betennelse på to spenar. Det vart teke ut speneprøvar og dei er frosne ned og vert sendt til Veterinærinstituttet på måndag. Det var ingen vits å sende dei på fredag for då vert dei berre liggande til over helga og kan bli øydelagde før dei vert sett på. Sidan Goffeline var allment påkjend vart ho behandla med ein gong med ei penicillinsprøyte i kroppen, tubar i spenane (innlegg og bilete av det kan du sjå her) og smertestillande/febernedsettande. Så ventar me på prøveresultata for å sjå kva bakteriar som er årsaka til hennar mastitt.

onsdag 19. juni 2013

Dyreliv og beitepuss


I dag vart nokre av kyrne flytta til eit beite som me leiger hos naboen.
Her kjem desse på veg heim til mjølking i kveld.

Kyrne på veg heim frå naboen.

"Hæ? Ka skjer? Må eg posere, eller?"
Kyrne på hovudbeitet på veg heim med Brown Swiss krysninga i tet.

 Ei god rekke med kyr på veg heim frå beitet.
Sjølvsagt ville dei ikkje gå perfekt på rekke når fotografen var med...
 Kyrne på veg heim frå ein annan vinkel.
"Hm...kva er det som skjer oppi bakken der?"

 Dei får god trim på veg heim og her er dei på veg opp siste bakken til fjøsen.

 Ein del kyr hadde eit stort behov for å gå innom denne grusdungen og gnure seg godt nedi dungen før dei gjekk inn i fjøsen. Det resulterte i fleire kyr som var grå i halve ansiktet i dag.

Sotus er med og remjer etter kos og selskap.

 Scott passar på kvigene som kom på beitet i dag.

Dette er beitet som kyrne, som vart flytta i dag, gjekk på fram til i går.
I dag har Jan Magne beitepussa det som var att av gras, ugras og andre ulumskheter, som bl.a. ei bøtte som hadde forvilla seg ned på beitet. :) 
No vart det så fint atte og me venter på at graset skal vekse opp att slik at kyrne på nytt kan gå her.

fredag 14. juni 2013

Scott ♥

Scott er vår snart 4,5 år gamle Border Collie som opprinneleg kjem frå Eidfjord, men hadde eit stopp innom Ostereidet før han tok turen til oss. Han er ein skikkeleg vims av ein gjetarhund. :) Ein god gut som svømmer over av kjærleik, spring laust heile dagen, elskar å vere med i traktoren eller bilen og elskar å gå på tur! Her ved blomsterbedet har han sete sidan kyrne vart sluppen ut i dag tidleg. Han passar godt på dei og følg med på kvar einaste rørsle dei har.

 Dei få gongane han får lov til å springe for å gjete sauer er han best på å springe midt inn i flokken og dele dei så dei spring til alle kantar. Kyrne er det kjekkast å få størst mogeleg fart på. Akkurat på det tidspunktet, når kyr eller kviger spring over alle haugar fordi ein overivrig Scott er særdeles nøgd med seg sjølv som har fått så stor fart på dei, er vel Jan Magne ikkje akkurat så veldig glad i han... Dei fleste spilloppane vert heldigvis fort gløymde og ein kan le av dei i stadenfor. :)
Hunden, Siko, som me hadde tidlegare var Scott sin rake motsetnad når det gjaldt gjetareigenskapar. Siko kunne me sende avgårde i forvegen og han samla alle kyrne ved grinda så det kun var å opne den og så kom kyrne på rekke og rad heim mot fjøsen. Dei gongane han ikkje vart sendt i forvegen kunne Torunn berre stå og peike på ei ku og Siko sprang. Han var noko tunghørt på slutten, men han var kjempeflink. Scott og Siko er to vidt forskjellige hundar og gir oss to vidt forskjellige gleder.
Kjempegode hundar begge to!
Siko måtte me dessverre avlive for to år sidan. Og det tok litt tid før me var klare for å ha ein ny hund på tunet, men det er godt å ha Scott her. Han har no vore her i 1,5 år og er ein fantastisk herleg, god og snill hund.
På biletet over ser du Scott som passar på kyrne på beitet ved huset.

Kyrne kosar seg på beitet.
I dag har Jan Magne og Augustin heldt på med vedlikehald på skiveslåmaskina så no nærmar slåtten seg sakte, men sikkert. Det vert godt å kome i gong!

torsdag 13. juni 2013

Kuslepp :)


I går fekk endeleg kyrne kome på beitet.
Det vart mykje hopp og sprett som du ser i videoen over.
Du kan og sjå videoen her.
Dei ti beste mjølkekyrne vart plassert på det beste beitet,
medan dei resterande fekk kome på eit anna.
I dag har det hølja ned med regn og kyrne har då fått vere inne.

Desse kyrne er nett kome på det største beitet som og er hovudbeitet.
Gardfloren som du ser her står i inngongen til dette beitet.
Det er alltid kjekt når kyrne får kome ut.

Her er kyrne som går på eit betre beite nede med huset.
På dette beitet er den eine potetkjellaren som du ser her.

På tysdag tok Torunn prøvar av kyrne igjen så no ventar me spent på prøveresultata, spesielt frå 436. Du kan lese meir om prøvetakinga og forhistoria til at me er spente på resultata her, her og her
I dag har me og fått ein sesongarbeidar, Augustin. Han er flytta inn i ei campingvogn me kjøpte i går.
Det skal bli godt med litt hjelp i fjøsen no når slåtten kjem.
Me har tidlegare hatt ein avløysar felles med fleire andre i ein avløysarring, men han har, som oftast, vore heime når me trong han i slåttane. Difor er det veldig greit å ha ein sesongarbeidar no. Då kan me begge to køyre i slåtten og så har me ein sesongarbeidar i fjøsen og som samstundes kan gjere litt anna førefallande arbeid som me sjølv ikkje rekk over. Samstundes skal det bli godt å ha litt fri mellom slåttane. Sist me hadde fri ei helg og reiste vekk i lag var ei langhelg i september. Det begynner å bli ei stund sidan.

Takk for alle kommentarar som kjem.
Me minner om at me vert veldig glad om du legg inn kommentar vha "Navn/nettadresse" (som det står skrive oppe til høgre i bloggen) og ikkje som "anonym" då det er greit å vite kven me snakkar med. :)

onsdag 12. juni 2013

Attlegg på 1-2-3

 Vel, det er vel å ta litt hardt i at eit attlegg er gjort på 1-2-3, men her skal de få sjå litt stegvis korleis det vert gjort. Ofte når ein skal snu om ei slåttemark til eit attlegg startar ein med å brakke, det vil seie at ein først drep alt graset ved hjelp av eit ugrasmiddel som og tar graset. Evt kan ein starte med å pløye dersom ein ikkje har grunne grøfter, for då snur ein grasrota med ein gong, og treng dermed ikkje å brakke først. Her på denne kanten av landet er det mange grunne grøfter og det er sjeldan at plogen blir brukt. Pløyer ein då vil ein øydelegge grøftene.
Viss du vil sjå starten av "vegen mot eit attlegg" på denne slåttemarka vår, kan du ta ein kikk her
Dersom ein ikkje treng grøfte så går ein rett frå brakking til harving, eller dersom ein har mogelegheit til å pløye brukar ein ein slodd i stadenfor ein harv, dette fordi det er lett for å snu grasrota igjen med harven. Vidare under her kjem det punktvis kva me har gjort. :)

1. Slodding
Over ser du bilete av slodding.
Ved hjelp av ein slodd jamnar ein ut jorda.

 Bilete av attlegget og nokre steinar som kjem opp.
Når ein sloddar kjem det og ofte opp ein del steinar, dei største her må plukkast vekk.

 2. Steinplukking
Det må plukkast vekk all den største steinen før ein kan jobbe vidare med jorda.
Det vart om lag 10 slike skuffer med stein.

 3. Skjellsand
Ein kollega tilbaud seg å køyre ut skjellsand.
Skjellsand køyrer ein på for å få opp pH´en i jorda.
Over ser du bilete av når skjellsand vert lasta opp i spreiaren.

 Skjellsandspreiing.

 4. Møkakøyring
Deretter må møka køyrast ut på jorda slik at ein får gjødsla og såfrøa får næring.

 Den største møkavogna brukar me til å frakte møk heimifrå og til Leirvågen med. Det er om lag 7 km køyring. Møka blir lasta over i Doff´en og blir køyrt ut på jorda med denne. Det går fire Doffelass i den store vogna.

 5. Harving
Etter møkakøyringa må møka blandast inn i jorda.
Dette gjer ein ved hjelp av ein harv, samstundes som ein sletter litt i jorda og lagar klart eit såbed.
Når ein harvar slik kjem det og gjerne opp noko meir stein, så det må gåast over igjen seinare å plukke resten av steinen.

 6. Såing
Så sår ein ut frø. :)
Det vert sådd med 3-4 kg frø/daa
I denne blandinga er det timotei, engsvingel, fleirårig raigras, kløver og sikkert noko meir. :)
Som de kanskje ser så brukar me ei anna såmaskin her enn me brukte i eit tidlegare innlegg. Dette fordi den andre, direktesåmaskina, vil berre skubbe jorda framfor seg og er best å bruke der det allereie er gras. Altså til å så i der noko gras har gått ut i løpet av vinteren. Såmaskina som er brukt her er betre å bruke ved attlegg og legg såfrøa ned i jorda.
No var klokka nærmare 2230 då denne prosessen starta.
Me er så heldige at Jan Magne har ein far som er temmeleg sprek og hjelper mykje til,
men det er ikkje alltid han klarer å hugse på at han er litt eldre og kanskje bør ta seg ein pause eller, rett og slett, ta kveld. På dette tidspunktet endte Torunn opp med å køyre i Leirvågen å hente han og beordre han heim. ;) Han var ikkje heilt enig, men eg vil tru det gjorde godt å kome heim og sove.

7. Tromling
Til slutt tromlar ein for at frøa skal få god kontakt med jorda.
Jan Magne var ferdig i 2-tida i natt. Då var det godt å kome heim og ete og sove.
Lysa i bakgrunnen på biletet er flammane på Oljeraffineriet på Mongstad.
Dagen i dag har vore litt rolegare, men det har no gått i eitt likevel.
Kyrne har fått kome ut og eit innlegg med film om det kjem i morgon. ;)

lørdag 8. juni 2013

Klargjering til fleire kvige- og kuslepp

 Før alle kvigene og kyrne kan få sleppe ut på beita må straumgjerda settast opp og ein må gå over dei permanente gjerda for å sjekke at dei er i orden og vedlikehalde desse. Ein del av straumgjerda står allereie langs beita, men må sjåast over og ordnast. Når det er gjort må ein slå alt graset som er under strengane der det er straumgjerde. Dersom ein ikkje gjer dette, så vil graset som alt tar borti strengen, eller når graset etterkvart veks borti, gjere slik at delar av straumen vil gå i jorda og det vil bli enklare for dyra å "gå om" (dvs. gå over gjerdet og kome over på ei slåttemark, vegen eller på eit anna beite).
På biletet over ser du Jan Magne som startar opp kantklipparen og er klar til å slå gras.

 I full gong!
Kvigene lærer seg fort med straumgjerdet det første året dei er på beitet, og etter det er dei, som regel, aldri borti strengen lenger. Dette lærer dei seg oftast når dei er i innhegninga før me slepp dei på sjølve beita. Dei held seg på beitet og veit kva strengen tyder, men når det minkar med gras på beitet og det nærmar seg beiteskifte lærer dei seg fort om det er mindre straum eller graset ligg nede ein plass og dei tar seg fort turen over på den andre sida "der graset alltid er grønare".

 Det har regna litt i det siste så det sprutar noko gras oppi ansiktet.
Det beste er å slå når det ikkje er vått i graset, men no regna det i natt og har tørka litt opp utover dagen, samstundes som dette må gjerast før me kan sleppe fleire dyr ut på beitet.

Sjå kor fint det blir!

Foreløpig er det svært ujamn vekst av graset på denne slåttemarka.
Det er enno ei stund til me kan starte på første slåtten.
Veret har heller ikkje vore heilt med oss denne veka. Det hugsar gjerne innlegget om bryting der Jan Magne heldt på å lage til eit attlegg? Han var ferdig å bryte dette på onsdag og skulle starte å slodde på torsdag. Ein slodd brukar ein til å jamne overflata med, smuldre klumpar og for å bryte opp skorpa som evt har laga seg etter nedbør. Me skal vise bilete av dette når me får gjort dette, men foreløpig har han ikkje kome i gong med det enno sidan det har regna, då dette bør gjerast når det er tørt.

Ei av kvigene som kosar seg på beitet. :)