Dagens innlegg i Strilen (kjem i Nordhordland på laurdag).
”Noe av det som imponerte meg mest
under familieferien til Norge denne sommeren, var hvordan norske bønder har
lykkes under utfordrende omstendigheter. I den fantastiske utsikten fra
fjordene kunne familien min og jeg se hvordan jorden har blitt dyrket i landskap
ulikt noe vi har sett før.”
– Bill
Gates på Noregsferie sommaren 2013 (Dagens Næringsliv 02.09.2013)
Ønskjer du å oppleve det same? Eller
ønskjer du eit landskap dominert av kratt og skog?
Dei blå partia ønskjer blant anna å effektivisere
landbruket ved å ha større enkeltbruk og samdrifter og dermed ha større
produksjon på kvart gardsbruk. I dei sentrale jordbruksområda i Trøndelag, på
Jæren og på flatbygdene på Austlandet er hovudsakleg den dyrka jorda samla
utanfor fjøsdøra og det er dermed mange store bruk og enklare og billigare å
drive jorda.
Den Vestlandske topografien gjer det
slik at ein har mange små jordlappar for å få den same mengda med fôr som det
ein gjer på gjerne ein i dei sentrale områda.
På denne kanten av landet lever me
mellom fjord og fjell og dersom ein vert pressa til å drive større og auke
matproduksjonen ved å fjerne kvotetak og konsesjonsgrenser, slik som Høgre og
FrP ønskjer, risikerer ein at det vert slutt på mjølkeproduksjonen i
Nordhordland og landbruket vert sentralisert. Alle dei små jordlappane og alle
dei bratte areala som no vert stelt slik at me har eit flott kulturlandskap å
sjå på ender opp med å gro att. Buskar og kratt veks opp til skog, det
biologiske mangfaldet vert mindre og mange arbeidsplassar går tapt. Dette gjeld
ikkje berre bøndene, men og alle arbeidsplassar i tilknytning til landbruket.
Den norske matproduksjonen og landbruket gjev blant anna 90.000 arbeidsplassar
for bønder og foredlingsindustri. Samstundes er kvar tiande bedrift i Noreg ei
landbruksbedrift.
Vestlandet som kulturlandskap vil
etterkvart vere eit mindre attraktivt område for turistane og. Slike
kommentarar, som den frå Bill Gates vil me ikkje lenger kunne lese.
Sjølvforsyninga av mat vert redusert
for kvart gardsbruk som vert lagt ned. Med stadig aukande folkevekst i verda er
det ikkje sjølvsagt at me kan importere all maten frå andre land. Er det riktig
at me, i eit så rikt land som Noreg, skal ete opp maten til dei som er fattige
og ikkje kan ”fråtse” i alle godene som me har? Bør me ikkje klare å produsere
vår eigen mat? Det er kun 3% av det totale arealet vårt som vert nytta til
dyrka jord. Sidan 90-talet har eit dyrkbart areal tilsvarande 2100 fotballbaner
forsvunne. I Noreg produserer me kun halvparten av maten me treng sjølv, og
dette er inkludert fisk.
Gjennom FN-konvensjonen har kvar stat
forplikta seg til å sørge for matsikkerheit for sine innbyggjarar. Dersom det
vert knapphet på mat i verda vil dei fleste landa innføre eksportforbod og
sørge for sitt eige folk.
Landbruket er avhengig av importvern
for å sikre matproduksjon i alle delar av landet, ivareta sjølvforsyning og
nasjonal matvareberedskap. Kostnadsnivået i Noreg er svært høgt, det er små
areal og kort vekstsesong som resulterer i at det er dyrare å produsere mat i
Noreg enn i dei fleste andre land. Bøndene er avhengige av ei stønad frå
statsbudsjettet skal dei kunne klare å produsere mat i dag slik at Noreg kan
vere mest mogeleg sjølvforsynte med mat. Dersom H og FrP kjem til makta
risikerer bøndene å gå ned 50-100.000,- kroner i årsinntekt. Dei færraste
ønskjer vel å gå ned i løn?
I Noreg vert maten fulgt heile vegen
frå bonden, til slakteriet og fabrikken , i butikken og til kjøkkenbordet vårt.
Den norske maten er GMO-fri, utan vekstfremjande hormon og Noreg er på
verdstoppen i mattryggleik.
Ein må og hugse på at det er dyr ein
driv med og ein kan ikkje effektivisere i det uendelege. Eit industrilandbruk
er ikkje ønskjeleg med tanke på dyrevelferd. Produksjon fordelt på små- og
mellomstore gardar gjev betre dyrehelse ved meir kontakt med dyra og eit lågare
smittepress for husdyrsjukdommar.
Det er no ein gong slik at ein kan
ikkje ete korkje pengar eller olje!
Godt val!
Jan Magne Keilegavlen
Fungerande leiar, Austrheim/Lindås
bondelag
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar