fredag 26. juli 2013

Brakking

 Onsdag kveld brakka Jan Magne eit lite jorde på 2 dekar. Han brukte like godt ATV´en med den vesle åkersprøyta på. Bommen på den er på tre meter, så det går no ikkje så seint. :) ATV´en er Hans sin, men me får no låne den innimellom.
Me brukar den hovedsakleg til å sprøyte på beitene med, og brukar 3 dl på dekaret med Glysofat. Glysofat er noko rimeligare en Roundup.

I vinter, då Jan Magne grøfta opp att delar av Storamyre i Leirvågen (det kan du lese om her og her), grøfta han denne samstundes. Ved å sprøyte denne jorda vert alt gras og ugras drept og me kan snu den om og så i på nytt. For og kunne kjøpe og nytte sprøytemidler må ein ha sprøytesertifikat, og det har Jan Magne.

I gardbrukaryrket, som i mange andre yrker er det mykje papirarbeid som skal gjennomførast, blandt anna dokumentasjon på alt ein gjer, som til dømes ved sprøyting. Då skal det førast ein sprøytejournal med bl.a. informasjon om dato, tidspunkt på dagen det er sprøyta, kor ein har sprøyta, kva ein har sprøyta mot, preparat som er brukt og mengde, vassmengde, veret då ein sprøyta, utviklingsstadium på det ein sprøyta mot, behandlingsfrist og kven som har utført sprøytinga. Alt dette er i samband med KSL (Kvalitetssystem i Landbruket). KSL er eit kvalitetssystem som er utvikla av landbruksnæringa sjølv. Dette av di forbrukaren skal kunne ha tillit til at maten som vert produsert i Noreg held høg kvalitet, og vert produsert på ein måte som tar omsyn til både dyr, menneske og til naturen. KSL dekkar alle typar matproduksjon i Noreg, og den stiller krav til korleis ein skal gjennomføre produksjonen og kva som skal dokumenterast. Kvalitetssystemet byggjer på dei krava lovar og forskrifter stiller til matproduksjon, dyrevelferd, miljøomsyn og arbeidsmiljø, men dei stiller og krav definert av landbruksnæringa. Du som forbrukar vil møte KSL gjennom Matmerk, t.d. Nyt Norge og Debio godkjende produkt.

Systemet har to typar revisjonar: Bonden si eiga, årlege gjennomgong (internrevisjon) der ein avdekker sterke og svake sider ved drifta og ekstern revisjon på ein viss prosent av alle gardsbruk kvart år. Me hadde eigenrevisjon i desember 2012, så det er ei stund til me treng neste, men i mellomtida er det mange papir som må fyllast ut undervegs så ein kan dokumentere t.d. kor tid ein har sprøyta. Det er viktig at eigenrevisjonen er på plass, det fører til at ein får diverse tillegg på mjølke- og slakteoppgjeret. Viss ein har KSL i orden og får tillegga, men av ein eller annan grunn plutseleg ikkje har alt på stell og dermed mister KSL-tillegget, vil det følast som eit trekk. Og i denne bransjen treng ein alle tillegg ein kan få så ein streber etter å ha alt på stell.

2 kommentarer:

  1. KSL gjer tillegg, ikkje trekk i slakte- og mjelkeoppgjer. Det er ein gulrot og ikkje ein pisk som nyttast for at så monge som mogeleg skal vera med i kvanlitetssystemet og gje næringa ein kvalitetsprofil.

    Helsing Odd.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tilbakemeldinga, Odd!
      Du har heilt rett. Me formulerte oss litt feil. For oss som allereie får eit KSL tillegg vil det følast som eit trekk dersom me plutseleg ikkje har alt i orden og dermed ikkje får det lenger. Innlegget er endra så det vert lettare å forstå.

      Slett