mandag 8. juli 2013

Ein ny kalv er fødd


Denne kalven kom til verda laurdag 6.juli.
460 er mora og ho kalva medan avløysaren mjølka resten av kyrne.
Ein stor og flott kvigekalv som treng eit namn, så kom gjerne med forslag!
Medan dei andre kyrne var ute på beite i dag gjekk ku og kalv inne i lag og koste seg.
Det var utruleg koseleg å sjå på ku og kalv som låg side om side på liggjebåsen og hadde, så godt som me kunne sjå, eit godt forhold. I enkelte tilfeller kan kua nekte å ha noko med kalven sin å gjere.
Kalven fekk i seg mykje råmjølk raskt etter fødsel og har fått den starten i livet den treng.
Råmjølka er ei viktig kjelde for nærings-, vekst- og antimikrobielle faktorar for den nyfødde kalven. Oppbygginga av morkaka hindrar overføring av immunoglobulin frå mordyr til kalv i fosterlivet. Difor er det viktig at kalven får råmjølk av god kvalitet (med høgt innhald av immunoglobulin) så raskt som mogeleg etter fødsel for å redusere risikoen for sjukdom og død etter fødsel. 460 vart mjølka ikkje lenge etter fødselen, så kalven fekk raskt i seg mykje råmjølk. No går den i lag med Rosa og Julie i den flotte bingen med ei god og lun kalvehytte.
Far til denne kalven er 10556 Motrøen.

Den nye kalven i lag med Rosa.

2 kommentarer:

  1. Korfor hiv de kalven oppi te andre kalvar som e så mykje eldre?
    Den andre kalven på bilde e jo to månar gammal og då skal ho vel ikkje ha mjølk meir? Det må jo vera betre å dela kalvene i bingar der dei får gå med dyr på same alder. Det e vell vanskjeleg når ein ska ha råmjølk, ein annan surmjølk eller kalvgott og ein annan ikkje mjølk i det heile?
    Helsing Jon-Inge.

    SvarSlett
  2. Det er godt observert, Jon-Inge, at dei to andre kalvane er 2 månadar eldre. Og i enkelte tilfeller kan nok det by på problem. Her hos oss fôrar me kalvane med søtmjølk, då det er det naturlege mjølkefôret til kalv. Syrna mjølk er bra for fordøyelsen til kalv, men me likar best å bruke søtmjølk fordi det er ikkje alltid like enkelt å halde mjølka ordentleg sur i periodar med få kalvar.
    Me har brukt kalvegodt i periodar, men kalvegodt er kostbart. Me brukar ofte mjølka frå kyr med litt auka celletal til kalvane. Slik som no at Rosa og Julie, som er to månadar gamle, går i lag med den nye kalven byr på lite problem, då den nye kalven får råmjølk frå flaske. Ja, kanskje det hadde vore betre for den å vere åleine, men sånn som me ser det på tilveksta og trivselen på kalvane så har dei det svært bra når dei kan gå i lag. Og problem i forhold til fôring har det ikkje vore her.

    SvarSlett