tirsdag 23. juli 2013

Grøfting for hand

 No på førsteslåtten merka me at det hadde blitt blaut nedanfor eit redskapshus på den eine leigejorda på Fonnes. Det kom vatn opp i torva. I går og i dag har det vore nydeleg ver her. I dag tok Jan Magne spaden fatt og ville løyse problemet på Fonnes. Grøftene er grunne her så det går fint å spa når grøfta ikkje er så lang. Der reidskapshuset står var det tidlegare ein fjøs og det er vassig frå tomta som gjorde det blaut.

 Her har Jan Magne funne den grøfta som skal leia vatnet ut frå tomta. Sidan det er ei kort og grunn grøft så brukar me ikkje gravemaskin på dette. I tillegg er det ei steingrøft og det er då lett for å øydelegge grøfta med gravemaskin, samstundes som det var svært blaut der og det frista ikkje å belte utpå med maskina. Det er no godt å få spa litt og. :)

 No renn vatnet inn i grøfta og det skal få sige ut til i morgon tidleg. I morgon skal det leggjast singel i botn så dreneringsrøyret ligg godt og deretter vert drensrøyret lagt oppå og til slutt vert det lagt singel  nesten opp til torva. Det fører til at det vert god drenering. Det har vore over 27 grader i skuggen i dag, så sveitten har fått runne godt, og Jan Magne valgte den varmaste dagen til styrketrening på. :) 

Det sildrar godt ut i steinlaget.

I dag er det forresten to år sidan den første mjølkinga i den nye fjøsen. :)

2 kommentarer:

  1. Dumt at dere går til det skrittet å endre kommentarfeltet. Er mange som ikke har slike kontoer. Når dere blogger på denne måten må dere regne med litt kritikk. Tror dere mister gode kommentarer nå.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, du har heilt rett. Og takk nok ein gong for gode og konstruktive tilbakemeldingar frå deg. Håpar du likar bloggen og. ☺
      Det er klart me må tåle kritikk, men ikkje all kritikk er slikt ein skal tåle og ein del har vore langt utanfor det som har med korkje gardsdrift eller blogg å gjere. Du har heilt rett, og det er det me har vore engsteleg for og å miste dei gode tilbakemeldingane og tipsa. Så me endrar det tilbake,- så tusen takk for god tilbakemelding! ☺
      Me var vel heller ikkje heilt forberedt på at bloggen skulle nå ut til så mange, då me i utgangspunktet tenkte den var for familie og vener, men det er veldig kjekt med alle i Noregs land og i utlandet som les og som kjem med tilbakemeldingar.
      Dette innlegget vert endra slik at infoen om kommentarfeltet vert vekke og så legg me ut info i neste innlegg om at anonyme fortsatt kan kommentere.
      Takk! :)

      Slett