onsdag 10. juli 2013

Ein smak av sommar

Utsikt frå huset.

I dag har Jan Magne fått gjort ein del vedlikehaldsarbeid medan Torunn har vore på jobb. Det er sol og flott ver i dag, dog noko vind. No er Jan Magne og slår ned dei siste 70 daa med gras, fordelt på fire teigar, på Kaland og Fonnes. Planen er å la det ligge til fredag då det er meldt regn på laurdag. Dess lenger det får ligge dess betre tørrstoffinnhald vert det i fôret og dermed vert kvaliteten betre og det vert meir gras i kvar rundball. Sjølvsagt er fôrkvaliteten gått noko ned no ettersom graset har blitt seinare hausta enn ønskjeleg, men samstundes har det kalde veret vore litt på bonden si side og. Det at den voldsomme varmen ikkje har kome enno, har og ført til at graset ikkje er så hausta som det normalt sett kanskje ville vore når haustingsperioden er langvarig.
Det blir godt å bli ferdig!
All møkakøyring på jorda her heime, inkl leigejorda hos naboen, er no ferdig, i tillegg til ein del i Leirvåg. Så me nærmar oss ferdige med det og. Det blir godt.

Me har planlagt fleire vintrar å sage ned trea som du ser fremst på biletet over, forhåpentlegvis får me kanskje gjort det den komande vinteren. Fordelen med å få dei vekk er at me hindrar attgroing, me får rydda beitet og me får betre utsikt mot sjøen frå huset.
Me har enno ikkje fått tid til å diskutere kva kalven skal heite, så me får tenke litt til. Om du har eit forslag er det berre til å legge inn ein kommentar på innlegget som du finn her.

2 kommentarer:

  1. Long fortørking gjer høgt tørrstoffinnhald, men gjer tap av næringsstoff. Eg fann dette i eit rådgjevingsskriv frå Tine.


    Moderat fortørking til 25-30 % tørrstoff vil gi det minste tapet av næringsstoffer fra eng til fôrbrett.Tap i form av ånding og gjæring reduseres helt frem til tørrstoffet kommer opp imot 35 %. Sterk fortørking vil derimot øke tap av næringsstoffer på jordet i form av ånding, dryss og utvasking. Det er derfor viktig å ta hensyn til tørrstoffinn- holdet både ved valg av høstemetode og ensileringsmiddel.

    Fortørkinga bør være rask, helst bare noen timer. En bør unngå for lang tørketid fordi plantene vil forbruke sukker til ånding etter
    at det er slått. Tørkeprosessen vil gå raskest i starten fordi plantene tørker i bladene først, og da er spalteåpningene i plantecellene åpne. Størst fordamping har en om formiddagen dersom det er sol, og utover ettermiddagen og natta reduseres tørkeprosessen mye. Det lønner seg derfor ofte å slå tidlig, men etter at dugget i graset er borte. Dugget forsvinner mye fortere i stående gras enn i slått gras.


    Helsing Kåre Lie

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei.
      Tusen takk for gode innspel! Det er kjekt med engasjerte lesarar av bloggen.
      Ja, det er sant at kraftig fortørking fører til tap av næringstoff i graset, men med låg temperatur går fortørkinga seinare. Eg slo ned graset så fort eg kom meg utpå jorda med slåmaskina, og raka saman dagen etter slik at bakken kunne tørke mest mogeleg før eg byrje å presse. Dermed var det mindre fare for køyreskader då eg skulle utpå med pressa. Det er mykje kjekkare med tørre ballar til vinteren. :) Eg har fortørka fôret før til 40-50 % ts og hatt veldig bra fôranalyse på fôret.
      Til hausten tar me fôranalysar bl.a. av rundballar frå denne jorda, så då kan me kome tilbake til resultaten. :)
      Ha ein strålande søndag og fortsett gjerne med slike gode innspel som du gjer. Det får og oss til å tenkje meir gjennom kvifor og bidrar og til at me må forklare meir.

      Slett