onsdag 1. mai 2013

Eit nytt familiemedlem og namneforslag


I dag tidleg kom denne flotte verdsborgaren til verda.
Ein flott oksekalv som har fått nummer 778.
Jan Magne var oppe klokka 01 og 04 i natt, men mora, 481,
låg og jorta og slappa godt av kvar gong og såg ikkje ut til at ho
heilt hadde tenkt å dele kalven med oss enno.


Kalven var på plass i dag tidleg då han kom i fjøsen 
og er blitt ein racer til å drikke av flaska.
Her har han flytta inn i det flotte huset og trives godt under varmelampane.


"Eg treng eit namn," seier kalven. :)
Mest sannsynleg vert denne kalven solgt om nokre dagar til ein kollega
som driv med ammekyr og kvalitetskalv.
Dette er noko me og har søkt til Nortura om (kvalitetskalv), men foreløpig ikkje har fått.
Kom gjerne med namneforslag til denne flotte oksekalven!


Her er 776 og 778 gode vener, men 776, kvigekalv, treng og eit namn.
Så kom med forslag! :)


Dette er 481, mora til 778, ho er blanding av NRF og Brown Swiss.
Brown Swiss er den kurasen som produserer nest mest i mjølkemengde,
difor var det litt kjedeleg at ho kom med ein oksekalv og ikkje kvigekalv,
sjølv om kalven berre er 25% Brown Swiss.
Ho vart prøvd inseminert opp til fleire gongar, men var ein særdeles vanskeleg tenåring
og endte opp med ein gardsokse.
Me var veldig spente på korleis det vart å mjølke henne,
og etter mykje list og lempe for å få ho inn i mjølkestallen stod ho som eit lam.


"Kan eg få litt fred når eg et eller?!"

9 kommentarer:

  1. Ein kjekk blogg . Navnforslag .Sture og
    Guddlo

    SvarSlett
  2. Hei! Synest at Romeo og Julie er passande navn på dei flotte kalvane :-)
    Mvh Randi

    SvarSlett
  3. Mr.Brown and bomsidaisy B)
    Mvh anette

    SvarSlett
  4. Tusen takk for mange gode forslag! :)

    SvarSlett
  5. Forslag til navn er Rosa og Trøffel :) Mvh Renate, Julie og Kristin.

    SvarSlett
  6. God aften! Er en stor fan av bloggen, masse god og interessant informasjon å finne. Koselig å lære noe nytt og konkret om min slektshistorie! Eg er forresten deres favorittnevø, Bjarte<3
    Eg har navnforslag til neste kalv! Vikinghjerte! Håper dere vil bruke dette navnet!
    Med vennlig hilsen: Bjarte

    SvarSlett
  7. Hei Bjarte. Tusen takk for så god og kjekk tilbakemelding. Det kjem nokre kalvar i juli og ein del i august, så me skal nok få brukt det namnet, ja. ;) Helsing tanta og onkelen din. ;)

    SvarSlett
  8. Tusen takk alle saman for mange flotte namneforslag! Nokre av desse har de sikkert sett at me allereie har teke i bruk og ein del av dei kjem me nok til å ta i bruk framover. Det kjem nokre kalvar i juli og ein god del i august, så me skal nok få brukt dei. ;) Utover sommaren/hausten kjem nok og til å be om fleire namneforslag så det er berre til å legge hovuda i bløyt og kome med forslag. ;)

    SvarSlett