mandag 6. mai 2013

Naudslakt

Me lengtar etter sommaren

I dag måtte me dessverre ringe etter naudslaktbilen til ei kvige, nr 710.
I går sette ho seg fast i båsinnreiinga med hovudet og Jan Magne og faren måtte skru innreiinga frå kvarandre for å få ho laus. Ho har ikkje klart å reise seg opp på bakbeina sidan det, men har ete og drukke normalt og elles vore i god form. Ho fekk eit døger på seg i ro i håp om at ho skulle klare å reise seg opp med bakparten. Det gjorde ho ikkje så i dag ringte Jan Magne etter naudslaktaren. Naudslakt vert brukt på dyr som kan brukast til konsum, men som ikkje kan fraktast på bil til slateriet. Dei vert difor avliva på tunet og frakta til slakteriet etterpå.
Dette er dessverre ein av livets realitetar. Ny kalv ein dag og så skjer slike ting som dette ein annan dag.

I dag høljer det ned med regn og me lengtar mot sommar og sol, det gjer nok kyrne og.

2 kommentarer:

  1. Uff så trist da,betyr det at ho var blitt lam i bakparten siden ho ikke klarte å reise seg igjen ?

    SvarSlett
  2. Ja, det er veldig trist når slike ting skjer. Ja, ho var lam i bakparten og klarte ikkje å kome seg opp anna enn med framparten. Og då var det best at ho fekk sleppe.
    Flott om du skriv kven du er bak spørsmålet ditt, så me veit kven me svarer. ;)

    SvarSlett