søndag 2. juni 2013

Byggjeprosessen


I går sette me oss ned og såg på bilete frå byggjeprosessen og til trass for at det berre er fem år sidan me starta med trehogsten her for å lage klart til bygget, så har me nok likevel gløymd litt korleis det opprinneleg såg ut. Desse to øvste bileta er scanna bilete frå før me begynte. Det er mykje som har endra seg.

Nyefjøsen står her som grantrea er.

Først vart alle trea hogd vekk og så grov Dag og Jan Magne av tomten og gjorde klar til skyting.
Dette var i påsken 2009.

Boreriggen er på plass og gjer klar til skyting. I bakgrunnen skimtar du den grønne gavlen på gamlefloren. Bilete er teken mot sørvest. 

Vassbakk og Stol stod for utskytinga og her vert dynamitt, anolitt og nonel tennarar lagt på plass i borehola.

 
Varsku´ her!

Bileta frå Jan Magne grov ut tomta finn me ikkje og me fryktar at dei ligg på ein av dei to bærbare 
pc´ane som tok kveld for nokre år sidan, før me fekk tatt sikkerhetskopi av bileta.
Her er det gjort klart til støyping av golvet i gjødselkjellaren der kanalomrøyringa skal vere/er.

Betongbilane er på plass.

Støyping.

Golvet i gjødselkjellaren er støypt.

Det begynner å bli klart til støyping av veggar og golv i sjølve fjøsen.

Liggjebåsane og spalten er på plass.
Det same er bygget som er over mjølkestallen (til venstre), kontor (til høgre), bad, gang, mjølkerom og teknisk rom. Madrassene til liggjebåsane er og komne på plass.

 Jan Magne maler golvet på fôrbrettet.

 Agnar og Jan Magne har montert innreiing.
Agnar er pensjonert no, men er ein tidlegare selgar hos A-K Maskiner avd Bergen som både Torunn og Jan Magne har "kjent" som selgar sidan dei var små og no og ved felles gardsdrift.
Agnar solgte innreiinga til oss før han vart pensjonert og er her med på dugnad.
Ein fantastisk dyktig selgar. :)

 Leif Gunnar, ein god kamerat og kollega, hjelper Jan Magne med montering av innreiinga.
Det er godt med gode hjelparar.
Det har vore fleire gode hjelparar innom, men ikkje alt har blitt tatt bilete av, dessverre, og enkelte ting har det blitt tatt bilete av, men her speler nok pc-kræsjane inn dessverre.

 Det første veggmåleriet er på plass bak kalvebingen (til høgre) og sjuke- og kalvingsbingane (til venstre). Biletet av fjøsen ferdig og i bruk kan du sjå herher, her og her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar