onsdag 26. juni 2013

Me skundar oss før regnet kjem

 I dag har Torunn slått ned gras på Storamyre i Leirvågen etter at ho kom heim frå jobb.
Me vågar ikkje slå ned meir enno då det er meldt regn på fredag. I skrivande stund er det og nokre mørke skyer i Åsane og Bergen som me håpar fer forbi oss.

 Medan eg slo har Jan Magne pressa heime. Det er foreløpig usikkert kor lenge han held på i kveld/natt. Alt avheng av skyene som lurar. Dersom det ser greit ut tar han gjerne ein del av heimejorda i morgon i lag med Storamyre, men me får sjå.
Eg likar forøvrig TN95D´en betre enn T4050´en, rett og slett fordi vår tidlegare selgar, Agnar, ordna det slik på den traktoren at setet vart flytta slik at i fremste posisjon passar det til mine korte bein og i bakerste posisjon passar det til Jan Magne, men, men det går no med denne og.

 Jan Magne er i full gong med å presse. Eg har filma då han pressa, men av ein eller annan merkeleg grunn får eg ikkje lasta den opp på youtube eller direkte på bloggen. På youtube lastar den opp til 11% og så får eg beskjed om at det ikkje går likevel. Gjer eit nytt forsøk i morgon og dersom det går då får me heller legge ut ein video då, så kan de som ikkje har sett pressing med ei biopresse få sjå det og.

 Alle tekniske detaljar angåande utstyret får bonden sjølv ta seg av nå han er tilgjengeleg for slikt. :)
På biletet over her er nettet komen på rundballen og det er klart til pakking. Me brukar 8 lag med plast på kvar rundballe. Kor mange ballar det foreløpig er på målet, veit eg ikkje, men all slik info kjem og når bonden er tilgjengeleg. :)

Rundballen vert pakka. Når den er ferdig pakka vert plasten kutta og ringen som er rundt vert løfta opp og rundballen vert vippa av pressa, kammeret vert lukka og det er klart til å presse ein ny rundball. Eg håpar me kan vise ein film av dette i morgon eller i løpet av helga.
Det er utruleg kjekt når slåtten er i gong, så sant alt utstyr held og veret held seg bra, og så er det samstundes godt når alt er over og møka er på nytt komen ut for ein ny vekstperiode og det er ein liten pause før håslåtten. Då veit ein at graset er i hus og ein har sikra ein del bra fôr til vinteren. Slåtten er uansett ein svært viktig del av sjølve sommaren! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar