mandag 3. juni 2013

Den offisielle opninga


Ettersom det har skjedd ein del markeringar her på garden i samband med ny fjøs vert det nokre innlegg om tidlegare hendingar no i starten. Håpar de synes det er like kjekt som me gjer. :)
21. august 2011 vart det i regi av Austrheim/Lindås bondelag, og i samarbeid med dei andre bondelaga i Lindås, arrangert Open Gard her på tunet og samstundes vart det den offisielle opninga av den nye fjøsen. Vår kjære ordførar, Astrid Aarhus Byrknes, opna heile gildet.
Her overrekker ho ein flott blomsterbukett til Jan Magne etter talen.

Leiaren i Norges Bondelag, Nils T.Bjørke, heldt og ein tale og stod for den offisielle opninga av nyefjøsen.

Nils T. Bjørke er i hogstposisjon.


Nyefjøsen er erklært opna!

Parkeringa til Open Gard var eit stykke før sjølve garden og folket vart frakta ombord i ei dyrevogn inn til gardstunet.
Folket strøymer ut av vogna.
Til trass for at det bøtta ned med regn denne dagen var det mellom 400-500 menneske innom tunet.

Jan Magne og Agnar
Agnar er ein tidlegare selgar hos A-K maskiner og er den som har teikna fjøsen, tilpassa innreiingar og solgt innreiingane til oss. Ein kjernekar av ein selgjar.

Leif Gunnar, ein god kamerat og kollega, er våt, men like blid. :)

Astrid Aarhus Byrknes lærer seg å handmjølke med gode instruksjonar frå Nils T. Bjørke.
Det vart ikkje store skvetten, men humøret er likevel på topp. :)
Ho fekk godt lag med kalvane.
Me prøvde å tilby ho avløysarjobb, men har enno ikkje sett ho att på tunet. :)
Viss du klikker på biletet vert det større.

Det var mange aktivitetar for store og små denne dagen.
Hesteskokasting, hopping i høyet, mjølkespannhalding og ponnyridning.
Sistnemnde har me dessverre ikkje bilete av då det var ein liten pause i hesteridninga då fotografen var på plassen grunna svært mykje regn. Øyvind (nede til venstre) vann mjølkespannhaldinga.

Sjefskokken, Jorunn Åse, serverte betasuppe, pølser og sveler i tillegg til kaffi, te og saft.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar