fredag 14. juni 2013

Scott ♥

Scott er vår snart 4,5 år gamle Border Collie som opprinneleg kjem frå Eidfjord, men hadde eit stopp innom Ostereidet før han tok turen til oss. Han er ein skikkeleg vims av ein gjetarhund. :) Ein god gut som svømmer over av kjærleik, spring laust heile dagen, elskar å vere med i traktoren eller bilen og elskar å gå på tur! Her ved blomsterbedet har han sete sidan kyrne vart sluppen ut i dag tidleg. Han passar godt på dei og følg med på kvar einaste rørsle dei har.

 Dei få gongane han får lov til å springe for å gjete sauer er han best på å springe midt inn i flokken og dele dei så dei spring til alle kantar. Kyrne er det kjekkast å få størst mogeleg fart på. Akkurat på det tidspunktet, når kyr eller kviger spring over alle haugar fordi ein overivrig Scott er særdeles nøgd med seg sjølv som har fått så stor fart på dei, er vel Jan Magne ikkje akkurat så veldig glad i han... Dei fleste spilloppane vert heldigvis fort gløymde og ein kan le av dei i stadenfor. :)
Hunden, Siko, som me hadde tidlegare var Scott sin rake motsetnad når det gjaldt gjetareigenskapar. Siko kunne me sende avgårde i forvegen og han samla alle kyrne ved grinda så det kun var å opne den og så kom kyrne på rekke og rad heim mot fjøsen. Dei gongane han ikkje vart sendt i forvegen kunne Torunn berre stå og peike på ei ku og Siko sprang. Han var noko tunghørt på slutten, men han var kjempeflink. Scott og Siko er to vidt forskjellige hundar og gir oss to vidt forskjellige gleder.
Kjempegode hundar begge to!
Siko måtte me dessverre avlive for to år sidan. Og det tok litt tid før me var klare for å ha ein ny hund på tunet, men det er godt å ha Scott her. Han har no vore her i 1,5 år og er ein fantastisk herleg, god og snill hund.
På biletet over ser du Scott som passar på kyrne på beitet ved huset.

Kyrne kosar seg på beitet.
I dag har Jan Magne og Augustin heldt på med vedlikehald på skiveslåmaskina så no nærmar slåtten seg sakte, men sikkert. Det vert godt å kome i gong!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar