lørdag 9. august 2014

Brått var håslåtten over

17.juni var me ferdige med første slåtten.
Me parkerte traktorane på Fonnes senter og tok kvar sin hamburger på Pizzeriaen før me tok turen til Kaland og Hope for å køyre saman dei siste rundballane. Torunn køyrde saman dei på Fonnes medan Jan Magne pressa ferdig. Avslutta med ein kopp kaffi og ein kopp te hos våre gode vener på Hope som og er dei me slår hos. Helga etter la Jan Magne turen til Lyngdal på 20.års jubileum og Torunn tok sekk og telt på ryggen og tok med seg Scott og ei veninne på vandring i vakre Stølsheimen!

Mandagen fekk me besøk av niesa vår, Dina, som var hos oss heile veka. Ho elskar å bake så det vart ein del bakst. :) Bl.a. blå traktorkake til onkelen. Viktig med rette fargen!
Ho var med onkelen då han hadde noko leigeslåing og -pressing.
Jan Magne fekk og ut resten av møka og mykje gjødning.

I juli fekk me besøk av Håvard igjen.
Han var med og jobba litt ei veke.
Me har i mange år snakka om å få støypt golvet i reidskapshuset.
Jan Magne fekk rydda utav det og Håvard og svogeren vår, Dag, har avretta det og grust. Her legg dei armeringsjern i lag med Jan Magne så det vert klart til støyping.

Golvet vart støypt onsdag denne veka.
Takk til Rønhovde Bygg og Anlegg AS.
No er det mykje lettare og reinslegare med lagring av høy, men og lettare å få utnytta plassen med lagring av reidskapar.

På måndag, 4.august, slo Jan Magne ned alt graset heime. Og me var i gong med håslåtten!
Tirsdagen raka Torunn heime medan Jan Magne pressa.

Torunn køyrde etterpå i Leirvåg å begynte å slå ned der medan Jan Magne pressa ferdig heime. Ho fekk slått ned ved Bedehuset, ved campingvogna og seks rundar på Storamyre før det vart så mørkt at det var best å ta resten dagen etterpå. På første runden på Storamyre var ho heller ikkje informert om eit svært hol langs kanten som ho endte opp med å stå godt planta nedi med tvillinghjula. Heldigvis fins det gode naboar i Leirvåg som kom og drog ho opp att. :)
På onsdagen køyrde ho i Leirvågen og slo ned resten medan Jan Magne raka ved campingvogna og ved Bedehuset. Han køyrde heim og henta pressa, fekk pressa ein ball før eine valsen i pressa rauk. Då var Torunn nesten ferdig å slå ned alt i Leirvågen.

Her ser du valsen, vals nummer to etter innmatinga, som er sprukken.
Dette var sjølvsagt ikkje noko som var på lager i Åsane, men Eik har fantastisk service. Dei stilte opp utanom arbeidstid og fekk skaffa ein vals som gjekk med siste fly frå Danmark på kvelden. Det kosta oss 2500,- kr ekstra om me ville hente den ut kl 2230. Me valgte å hente den kl 0630 torsdags morgon på Flesland.

Øydelagd vals.

Jan Magne begynte å demontere pressa for å få ut valsen.

Vår gode svoger, Johannes, kom til unsetning og var med Jan Magne for å få valsen ut. Det var enklare sagt enn gjort.

Til slutt delte Jan Magne valsen i to med vinkelslipar for å få den ut. Den var jo uansett boss og det viktigaste var å få den ut og gjere klart til ny vals som kom torsdagen.

Her er valsen ute av pressa!
Torsdagen køyrde Jan Magne til Flesland kl 0530 for å hente ny vals. Det starta å regne litt etter det og regna jamnt og trutt heile dagen. Regna dog meir i Knarvik området enn her ute, men det kom nokre gode byger på ettermiddag/kveld her og. 
Me hadde då over 100 daa med gras nedslått i Leirvågen!!
Jaja, graset vart no vaska for Svovel og anna frå oljeraffineriet på Mongstad. :)
Det er ikkje kjekt at det kom mykje regn i graset og heller ikkje kjekt at det måtte ligge så lenge, men ikkje stort me kunne gjere med det. Sjølvsagt kunne me slått mindre ned i slengen, men erfaringa vår i forhold til det er at då brukar me altfor lang tid på (hå-)slåtten. Det har vore svært lite problem med biopressa, det var mykje meir med Claas pressa me hadde før. Den kunne me ikkje lite ordentleg på på slutten og det var ein av grunnane til at den vart skifta ut. Då kunne me ikkje slå ned så store mengder i slengen.
Vår gode venn, Leif Gunnar, kom for å hjelpe Jan Magne med å få ny vals i pressa. Det er godt med gode vener som stiller opp når ein treng hjelp! Leif Gunnar er ein slik ven der hjelpa går begge vegar og ein stiller opp for kvarandre når det er noko ein treng hjelp med.

Fredag litt utpå dagen starta Torunn å rake i Leirvågen medan Jan Magne begynte å presse.
Då det kun var att å rake på myra me leiger hos svogeren vår, Johannes, kobla me om til skiveslåmaskina på traktoren til Torunn og ho for til Fonnes og slo ned det ho rakk før Jan Magne nærma seg ferdig med å presse det som var rakt i Leirvågen. Ho fekk slått ned dei to største jordene der, før ho køyrde tilbake til Leirvågen, kobla på igjen riva, og raka hos Johannes.
Køyrde deretter heim og fôrte i nyefjøsen, tok kveldsrunden og var i hus kl 0245. Jan Magne kom heim kl 0315. Då var det godt å sove!

I dag køyrde Jan Magne og slo ned resten på Fonnes og slo ned på Kaland og på Hope, medan Torunn fôrte i nyefjøsen og begynte å rake på Fonnes. 

Vermeldingane viste i går at det skulle regne fram til neste helg og me ville få det unna før det kjem for mykje regn. No viser det at det skal regne mellom 14 og 22mm i natt.
Så no er det godt å vite at me i kveld er ferdige med håslåtten og, for vår del, gjer det ingenting om det regnar! No er det berre å få rundballane til land. Ein kollega lånte eine rundballeløftaren i dag for å køyre sine rundballar til land på Fonnes. Han tok samtidig våre på Fonnes og, så då er i allefall nokre av dei komne til land. :)

Jan Magne kan presse rundballar og dei vert jamne, harde og ordentleg pressa. Me ser mykje forskjellig rundtom og utifrå det er det ikkje råd å samanlikne tal rundballar pr daa med andre kollegaer då ein presser så ulikt. 

Rundballen innpakka.
Dette er på Kaland.

Avløysaren vår, Augustinas, frå Litauen er kjempeflink og har medan me har styrt på med andre ting og no med håne (håslåtten/2.slåtten), spylt både nyefjøsen og gamlefjøsen. Det er alltid godt når det er gjort!
Han er og ein som klarar å finne seg arbeid utan at Jan Magne alltid må fortelle han kva han skal gjere og det er spesielt godt no når me har hatt mykje fokus på å få graset i hus.

No skal det køyrast ut noko møk på dei tørraste bøane (jordene). Graset på desse brukar me anten til å direktefôre til kyrne, eller så får sauene til kollegaer beite på dei. Graset skal no få vekse opp litt og så skal ein del sprøytast, dette for å få vekk høymole. Veksten på tredje slåtten vert og då redusert noko og det er i grunn heilt greit for me ønskjer ikkje tredje slått. Dette fordi haustane som regel er ganske våte på denne kanten av landet og det då kan bli svært vanskeleg å få graset i hus. 

Og til slutt eit bilete av nokre av kalvane.
Det har blitt fødd mange kalvar, og me ventar mange fleire kalvar framover.
Ein søndagsmorgon Torunn mjølka kom det tre kalvar på morgonen! :)
Dei kosar seg i kalvehytta og er utruleg kosete.
Det er nesten umogeleg å få måkt hos dei utan at dei får mjølk samstundes for dei går oss ned og vil ha kos. 

27.juli hadde Austrheim/Lindås Bondelag familiedag her hos oss.
Me skal prøve å få lagt ut nokre bilete frå det seinare.
Ikkje så mange som kom, men me som var her hadde det veldig kjekt!

søndag 15. juni 2014

På nett igjen

Niesa vår har tatt dette biletet av 814 Perla, 813 Litlo og 819 Odin.
Odin er solgt til ein kollega.

Det er altfor lenge sidan eit innlegg, så her kjem eit litt langt eit med mest bilete og litt tekst, så kanskje det løsnar og me klarer å ha litt oftare framover. :) 
Me skulle i grunn ha eit innlegg i forlengelsen av klauvskjeringa i fjor med litt info rundt fordelar og ulemper med lausdriftfjøs og omkring behovet for klauvskjering, men så langt kom me aldri. Men kanskje me får litt meir fart i bloggen no og kan få lagt ut nokre innlegg framover? Det har i allefall skjedd ein del i fjøsen og på garden og mykje som kan oppdaterast.
Me får ta nokre innlegg no seinare med litt meir omkring klauvskjeringa, kalvane og anna som har skjedd. Det har kome mange kalvar sidan sist og me har solgt ein del oksekalvar. Det er berre ein att som skal seljast no. Det er veldig kjekt når ein får tilbakemeldingar om at "Det er dei finaste kalvane eg nokonsinne har kjøpt!" Det varmer våre gardbrukarhjarter!
Me ventar ein kalv om om lag ei veke, og det er alltid kjekt å få kalvar!

776 Guddlo på beitet

I mars hadde me ei fullfôrvogn på prøve frå Ove Neteland Landbruksservice. Han kom på besøk og nekta å reise herifrå før me tok den på prøve, så då hadde me ikkje noko valg, me vil jo ikkje ha han her så lenge. :) Ein veldig kjekk kollega og seljar!
Fordelen med den er at fôret vert kutta opp, slik at kyrne klarer å ete meir. I tillegg kan me blande i det me ønskjer. Som t.d. kan me blande ein rundball frå første slåtten og ein frå håslåtten (2.slåtten). Fôret har som oftast litt anna kvalitet på håslåtten pga bl.a. kortare vekstsesong og dermed kan det vere ein fordel å fôre med både første slått og håslått. Ein kan blande i høy, halm, ensilasje, brød, poteter osv.
Me merka og at mykje mindre fôr vart vraka då me hadde denne og kyrne drog mykje mindre silofôr inn på spalten. Når dei drar fôr inn på spalten, begynner måkeroboten (denne skal de få sjå og høyre om i eit eiga innlegg) å tulle seg for den drar då med seg silofôret då det legg seg under armane på den. I tillegg kan det, ved fôr på spalten, kome ein del silo i møkakjellaren som då heng seg fast i propellen og lagar problem der.
Ei slik ei, ikkje like stor og ikkje med beltet bak, står med andre ord på ønskjelista!

Doff´en er solgt til ein kollega og me
kjøpte ny Reimevogn av ein annan kollega til å køyre ut på jorda med.

22.april starta Jan Magne å køyre møk på slåttemarka.
Han køyrde møk på beita i godversperioden før dette.
Jan Magne brukar 12 kubikkvogna til å køyre møka til leigejorda med då me har rundt 7 km å køyre til mesteparten av leigejordene og så brukar han den nye Reimevogna (fire kubikk) til å køyre ut på jorda med.

 I vinter har Jan Magne rydda rundt Storamyre i Leirvåg og grøfta opp att ein del av jorda. 600 meter med grøfter. I mai i år leigde me ein til å kome å flise opp alle greinene.
Effektivt!

Mange av dykk har sikkert fått med dykk ein del om jordbruksoppgjeret.
Jan Magne er leiar i Austrheim/Lindås Bondelag og dei har og aksjonert.
Avlessarvogna stod oppe i krysset ved hovudvegen her hos oss, medan den innpakka traktoren stod på Marås. Jan Magne hadde ein status på facebook i dei tider:

«Regjeringa med Sylvi listhaug i spissen vil at alle ska driva stort med mjølkeproduksjon. Her på vestlandet er det monge små teigar som ligg spredd på store avstandar. Eg har ein kvote på ca 300000 liter, og driv 10 garda for å ha nok grovfor til dei. Eg sat og rekna på kor monge km eg køyrde for å få møka ut og foret innat. Da blei 2700 km ette veg. Då har eg ikkje tatt med til og frå kjøyring ved slåing og pressing og anna jordarbeid. Eg er komen heilt i ei grense dar eg ikkje rekk meir. Mi meining er at me treng alle dei små bruka då det er dei som står for volumet av mjølk og kjøt produksjonen. «Mange bekker små gjør en stor å». Det er no viktig å slå ring rundt alle gardane som er i drift og halda dei i drift. Eg meiner då alle, om da e ammekyr, oksa, sau osv.Eg ser mi sterke gru på framtida viss regjeringa får det som dei ønske. Da e no betenkeli at eit av verdens rikaste land ikkje har råd til å produsera sin eigen mat. Eg håpar at dei tar te vet og snur. Da e ikkje for seint. J»

 Bondelaga i Nordhordland var og på Frekhaug kai ein kveld og hadde Vardebrenning.
Det kan du og lese meir om her.


 Dei hadde seg og ein tur til rådhuset i Lindås kommune og serverte mat/betong til formannskapet. Dei kunne velje mellom eggerøre med spekemat frå Ikeland gard eller betong.
Symbolikken i dette var at dersom regjeringa fekk det som dei ville med kun store gardsbruk vert mykje av Vestlandslandbruket lagt ned, kulturlandskapet vert overgrodd og mykje av den dyrka marka i dag vil gjerne ende opp med bustadfelt og industri. På den andre sida kan ein velje god lokaltmat som er trygg og rein og ein kan ha ei betre sjølvforsyning i landet.
Denne aksjonen kan du lese meir om her.

22. mai fekk dei første kvigene kome på beitet!
Me brukar å ha dei i ei slags innhegning nede ved gamlefloren så dei får springe litt frå seg før me tar dei ned på beitet. Då får dei roa seg litt før dei kjem ned på det grøne graset og dei vert vane med straumgjerdet. Elles kan dei fort springe rett gjennom straumgjerda og ein må ut på leit etter kviger. Innhegninga fungerer kjempefint!

Litt kos med ei kvige før ho skal ned på beitet.
Dyra har det godt her på Keilegavlen!

Her er første pulja på 5 på veg ned på beitet.
Til no er 16 kviger kome ut, og resten av kvigene og kalvane skal få kome ut så snart me er ferdige med slåtten. 26. mai kom kyrne på beite.

Rolege kviger.
Me besøker kvigene på beitet kvar einaste dag. Dette både for å ha tilsyn med dei, sjå at alt er greit og at alle er friske, men og for å oppretthalde den gode kontakten me har hatt med dei sidan dei vart fødde. God kontakt er viktig, og det ser de resultatet av på biletet av Jan Magne og kviga over her.

Scott passar på.

Hans tar ein siste sjekk på at straumen er bra og at den ikkje går til jord nokon plass.


Litt lenger oppe skreiv me om eit attlegg Jan Magne har holdt på med, der han har gravd 600 meter med grøfter. Kristi Himmelfartshelga var to av søstrene til Jan Magne heime. Den eine med mann og tre døtrer og den andre med eine sonen. Fredagen vart heile gjengen med å plukka stein!
Fantastisk god hjelp!

Ein liten pause i steinplukkinga!


 Mykje stein å plukke!

På laurdagen vart skjelsanden spreidd og så gjekk det slag i slag med møkekøyring, harving, såing og tromling. No spirer det og gror!
De kan lese meir om korleis eit attlegg vert til her.

Kyrne beitar i bakgrunnen.

Laurdag 7.juni starta me på slåtten.
Jan Magne slo ned graset på all jorda heime, om lag 75 daa.
9. juni raka Torunn alt medan Jan Magne pressa.
10.juni køyrde me alle rundballane vekk frå jorda.
11. og 12. køyrde Jan Magne møk på all heimejorda.

Tilskodarar til slåtten.

Godt med slik utsikt når ein jobbar.

Perfekt teamwork! :)

13. juni slo Jan Magne ned alt graset i Leirvågen, om lag 110 daa.
14. juni raka Torunn og Jan Magne pressa alt utanom Storamyre, den vart raka og pressa i dag. Det vart nokre skjer i sjøen som gjorde at me ikkje kom heilt i mål med alt i går.
Avløysaren hadde bl.a. gløymd å telle alle kyrne då han tok dei inn. Så då Torunn var heimom igjen med bilen, etter å ha vore i Leirvågen med diesel og plast til Jan Magne, for å hente traktoren og raka, så høyrde ho kyrne raute sånn i gamlefloren. Ho fann då ut at ho kunne fôre der nede før ho køyrde nord att. Når dei rauter slik er det som regel anten for at dei høyrer folk og vil ha kraftfôr eller så er det skjedd noko spesielt og nokon er lause. Det var det sistnemnde. Eller dvs to av kyrne som skulle vere i nyefloren hadde kome heim av seg sjølv etter at dei andre var tekne inn. Det var ikkje heilt suksess å jage kyr med avløysaren, det vart ein del krøll, så Jan Magne kom heim og då gjekk det som smurt. Skal ein jage på kyr må ein halde seg roleg, men samstundes vere bestemt.

Utsikt frå Storamyre i Leirvågen.

 Avløysaren kom på måndag. Fordelen no er at me begge kan jobbe heile dagar utan å bli avbroten av fjøsen. Fram til han kom har Torunn tatt fjøsen slik at Jan Magne har fått lange dagar med attlegg, møkakøyring og slått. Me skal ha han no i slåtten og i møkakøyringa og så skal han vidare til nokon andre. Kveldsrunden tar me sjølv for å ta ein siste sjekk kvar kveld. Då får kalvane mjølk, me sjekker brunst og koster silofôr bort til kyrne i tillegg til at me går i lausdriften og koser og prater med så og sei kvar einaste ku. Det er viktig med god kontakt med dyra!

Husarbeid og matlaging går litt på hogg og belegg om dagen når det er så travelt.
Jan Magne har stort sett halde på frå kl 7 om morgonen til alt i frå 2400-0300,
medan Torunn har holdt på frå 7 om morgonen til alt frå 2300-0100. Så det vert lange dagar.
Då var det godt då Jan Magne si søster, Randi, og datra hennar, Maria, var så utruleg snille å invitere oss bort på taco innimellom pressinga i går.
Tusen, tusen takk!

Heldigvis kan bonden slappe av og.
Her i lag med Scott.

764 poserer for fotografen.

776 Guddlo

tirsdag 1. oktober 2013

Årets pedikyr


I dag har 20 av kyrne fått skjært klauvene sine. Resten skal til pers i morgon. Det er nokre år sidan me fekk klauvskjert kyrne sist og det har vore problem med å få tak i og ikkje minst finne klauvskjerarar. Eit lite tips til t.d. Bondelaget kan vere at dei legg ut linkar til aktuelle klauvskjerarar i sine områder? Me vart svært glade då me fann og fekk tak i Sigurd Århus, klauvskjerar frå Evanger, i vår. Han skal no kome to gongar i året framover og kjem då tilbake til våren. Når klauvene til dyra vert beskjært jamnleg aukar trivselen og dermed og mjølkeytinga til dyra. På biletet over spyler Århus klauvene først med vatn, dette for å få ein betre oversikt før han set i gong.


Deretter brukar han ein vinkelslipar med ei grov skjeve. 
 Alle kyr og kviger bør beskjærast minst ein gong per år. Dyr med tilsynelatande normal klauvform kan likevel ha sjukdomsendringar i klauva, og dette ser ein ikkje dersom ein ikkje får undersøkt dei i ein klauvboks. Heldigvis såg, så langt, mesteparten av våre bra ut. Ved å klauvskjere jamnleg kan ein og ta sjukdomar i eit tidleg stadium og kan begrense og stoppe ein del av dei. 

De skal få sjå meir av dette i løpet av veka då me har filma klauvskjeringa. Me må berre få lagt den ut. I dag har dagen gått i eitt for oss begge og me har knapt rukke å ete mellom fjøsstella så me tar det ein dag det er litt rolegare. Jan Magne starta dagen kl 0430 i dag for å køyre Augustinas til Flesland så det skal bli godt å slenge beina i sofaen i kveld. 


Etter den grove skjeva går Århus over med ei finare skjeve og får pussa fint over klauvene. 
Klauvboksen er heilhydraulisk noko som gjer arbeidet og arbeidsstillinga for klauvskjeraren mykje enklare. Sist me klauvskjerte dyra gjekk dei i båsfjøsen og det gjorde det ein del enklare å få god effektivitet. Det baud på diverse utfordringar i dag, men me fann til slutt ein teknikk som gjorde at det gjekk litt kjappare. Det er skummelt for kyrne når noko nytt skjer og i allefall når dei i tillegg først skal forbi ein skummel mann med hjelm og maske før dei kjem inn i klauvboksen. Århus har ein fangboks som han kjem til å ta med neste gong, men han hadde ikkje plass til den på hengaren og fekk ikkje tatt den med i dag. Forhåpentlegvis går det endå litt raskare til våren. Uansett går det fort når dei som verkeleg kan det klauvskjerer. Me har snakka om og evt gjere det sjølv, men med den mengda dyr me har så er det enklare og meir effektivt å få nokon profesjonelle til å gjere det. Samstundes som dei har ein meir kontuitet i arbeidet og dermed mykje meir erfaring i korleis ein skal klauvskjere ulike sjukdomsklauver.


Dette er kua me kjøpte i sommar, 647 Herline. Ho får litt kos frå bonden sjølv medan klauvene vert pussa på. Som de las i gårsdagens innlegg så fekk kyrne nyslått gras i gårkveld. I dagtidleg fekk dei silo/rundball. Dersom me hadde gitt dei nyslått gras i dagtidleg òg hadde det endt opp med ganske så rennande avføring på dei fleste dyra. Når ein no deler opp så dei får om lag annakvart stell med nyslått gras og annakvart med silo/rundball så vert vomma stabilisert og avføringa er fortsatt fast og fin. Ein bør ikkje ha brå overgangar til nytt fôr då det ofte medfører rennande avføring på dyra. I dag i klauvboksen har det likevel blitt noko rennande frå enkelte, men det er på grunn av at det skjer noko nytt og skummelt. No er Jan Magne i fjøsen medan Torunn har tatt kveld. I morgon skal dei siste kyrne klauvskjerast og meir informasjon og forhåpentlegvis ein film kjem i morgon. Me tytast då. :)

mandag 30. september 2013

Ein lang pause


Me har hatt ein lang pause no, og det er på tide med ei lita oppdatering. August og september har rast avgarde og bloggen har hamna litt i bakleksa. Me har som mål å prøve og oppdatere nokre gongar i veka, men i periodar vert det dessverre ikkje slik. Bloggen skal vere kjekt, ikkje eit ork. Mykje har skjedd i løpet av denne tida.
I juli vart det fødd 10 kalvar, 4 i august og 2 i september. Over ser de bilete av 362 Gulo og kalven hennar, 796 Gunnar. Han vart fødd 13.september. Gulo er ei snill mor og fekk gå i lag med kalven i to døger i kalvingsbingen. Gulo si oldemor vart kjøpt frå Gulen og fekk namnet Gulo. Namnet har dermed gått i arv. Me har og kjøpt ei ku 647 som har fått namnet Herline etter kollegaen me kjøpte kua av. Ho fekk kalven 795 Heidi som vart fødd 29. august.
Fjøsen har blitt spylt og anna førefallande arbeid har blitt gjort fortløpande. Slåtteutstyret vart reingjort og spylt og kom i hus så snart håslåtten (2.slåtten) var ferdig. Me er kome i gong med litt beiterydding og hausten har begynt å sette sitt preg på skogen og lufta. 
For 14 dagar sidan sendte me ein okse, 5 kyr og to kviger til slakt. Den eine kviga vart slakta då ho kasta kalven og ikkje produserte mjølk i tida etter. Den andre vart slakta då ho var Freemartin. Ei freemartin kvige er ei infertil kvige. Dette skjer ofte når ei kvige vert fødd tvilling i lag med ein oksekalv. Ein tvilling-drektighet hos storfe resulterer ofte i eit felles fosterkrinslaup som fører til byting av celler mellom fostra. Utviklinga av kviga sine reproduksjonsorgan vil blant anna føre til at gonadane utviklast til ei blanding av testiklar og eggstokkar og livmora er underutvikla. Slike individ vert danna i meir enn 90% av tvillingdrektighetane der det er kvige- og oksekalv. Det er aldri kjekt å sende dyr til slakt. Ein får eit forhold til kvart enkelt dyr. Dei har sin eigen personlegdom, kvar og ein av dei, noko som gjer det endå vanskelegare, men samstundes er det ein del av drifta.

20.september hadde me vore gift i 5 år og den 21. reiste me vekk ei veke. Det var godt! I fjor var me kun vekke ei langhelg på hausten, så det var godt å vere vekke ei veke i år. Augustinas kom frå Litauen same morgonen som me reiste for å stelle dyra og reiser heim att i morgontidleg. Det er alltid litt spanande å reise vekk, for det er som oftast då ting går gale. Me kom heim att natt til søndag og på laurdag hadde 792 Tigros, datra til 497, dødd av lungebetennelse. Det var ikkje noko kjekt! Bortsett frå det har det elles gått bra. Lungebetennelse kan i mange tilfeller vere smittsamt, men ingen av dei andre kalvane viser symptom til at dei er sjuke. Tigros vart flytta for seg sjølv i gamlefjøsen så snart det vart oppdaga at ho var sjuk, men til trass for behandling klarte ho seg dessverre ikkje.


I dag har me henta heim fire kviger som nærmar seg kalving. Det er fortsatt 6 kviger og 3 gjeldkyr som går ute på beitet. Ei gjeldku/sinku er ei ku som har slutta å produsere mjølk før neste kalving. Denne perioden vert kalla ein sinperiode og er ein "kvileperiode" mellom to kalvingar. Alle kyr bør ha ein sinperiode på om lag 8 veker før neste kalving. Det er enno godt med mat i beitet og veret er fint og flott no, så dei kosar seg ute. Jan Magne stod og kalla på dei på haugen på hovudbeitet og ein etter ein kom dei fram over haugen og kom trippande heimover.


Her står Jan Magne og Hans i lag med kvigene og gjeldkyrne. Som de ser er dei litt svarte oppetter beina då det har vore ein svært våt sommar og beitene er blaute. Heldigvis er det ikkje så bløtt at dei er svarte langt oppetter beina og buken, då hadde me tatt dei inn alle saman. 


Graset nord på stykket, som var det første me slo på håne (2.slåtten/håslåtten), var kome godt opp att og måtte slåast før vinteren. Du kan lese her om kvifor det vart slått ein del tidlegare enn resten. I dag slo Jan Magne 3.slått her som vart fôrt til kyrne og kyrne elskar nyslått gras! Dei kunne ikkje kome seg fort nok gjennom returgongen etter at dei var blitt mjølka så dei kunne få ete det gode graset.
Tru det eller ei, men i morgon kjem det faktisk eit nytt innlegg. :)