Niesa vår har tatt dette biletet av 814 Perla, 813 Litlo og 819 Odin.
Odin er solgt til ein kollega.
Det er altfor lenge sidan eit innlegg, så her kjem eit litt langt eit med mest bilete og litt tekst, så kanskje det løsnar og me klarer å ha litt oftare framover. :)
Me skulle i grunn ha eit innlegg i forlengelsen av klauvskjeringa i fjor med litt info rundt fordelar og ulemper med lausdriftfjøs og omkring behovet for klauvskjering, men så langt kom me aldri. Men kanskje me får litt meir fart i bloggen no og kan få lagt ut nokre innlegg framover? Det har i allefall skjedd ein del i fjøsen og på garden og mykje som kan oppdaterast.
Me får ta nokre innlegg no seinare med litt meir omkring klauvskjeringa, kalvane og anna som har skjedd. Det har kome mange kalvar sidan sist og me har solgt ein del oksekalvar. Det er berre ein att som skal seljast no. Det er veldig kjekt når ein får tilbakemeldingar om at "Det er dei finaste kalvane eg nokonsinne har kjøpt!" Det varmer våre gardbrukarhjarter!
Me ventar ein kalv om om lag ei veke, og det er alltid kjekt å få kalvar!
776 Guddlo på beitet
I mars hadde me ei fullfôrvogn på prøve frå Ove Neteland Landbruksservice. Han kom på besøk og nekta å reise herifrå før me tok den på prøve, så då hadde me ikkje noko valg, me vil jo ikkje ha han her så lenge. :) Ein veldig kjekk kollega og seljar!
Fordelen med den er at fôret vert kutta opp, slik at kyrne klarer å ete meir. I tillegg kan me blande i det me ønskjer. Som t.d. kan me blande ein rundball frå første slåtten og ein frå håslåtten (2.slåtten). Fôret har som oftast litt anna kvalitet på håslåtten pga bl.a. kortare vekstsesong og dermed kan det vere ein fordel å fôre med både første slått og håslått. Ein kan blande i høy, halm, ensilasje, brød, poteter osv.
Me merka og at mykje mindre fôr vart vraka då me hadde denne og kyrne drog mykje mindre silofôr inn på spalten. Når dei drar fôr inn på spalten, begynner måkeroboten (denne skal de få sjå og høyre om i eit eiga innlegg) å tulle seg for den drar då med seg silofôret då det legg seg under armane på den. I tillegg kan det, ved fôr på spalten, kome ein del silo i møkakjellaren som då heng seg fast i propellen og lagar problem der.
Ei slik ei, ikkje like stor og ikkje med beltet bak, står med andre ord på ønskjelista!
Doff´en er solgt til ein kollega og me
kjøpte ny Reimevogn av ein annan kollega til å køyre ut på jorda med.
22.april starta Jan Magne å køyre møk på slåttemarka.
Han køyrde møk på beita i godversperioden før dette.
Jan Magne brukar 12 kubikkvogna til å køyre møka til leigejorda med då me har rundt 7 km å køyre til mesteparten av leigejordene og så brukar han den nye Reimevogna (fire kubikk) til å køyre ut på jorda med.
I vinter har Jan Magne rydda rundt Storamyre i Leirvåg og grøfta opp att ein del av jorda. 600 meter med grøfter. I mai i år leigde me ein til å kome å flise opp alle greinene.
Effektivt!
Mange av dykk har sikkert fått med dykk ein del om jordbruksoppgjeret.
Jan Magne er leiar i Austrheim/Lindås Bondelag og dei har og aksjonert.
Avlessarvogna stod oppe i krysset ved hovudvegen her hos oss, medan den innpakka traktoren stod på Marås. Jan Magne hadde ein status på facebook i dei tider:
«Regjeringa med Sylvi listhaug i spissen vil at alle ska driva stort med mjølkeproduksjon. Her på vestlandet er det monge små teigar som ligg spredd på store avstandar. Eg har ein kvote på ca 300000 liter, og driv 10 garda for å ha nok grovfor til dei. Eg sat og rekna på kor monge km eg køyrde for å få møka ut og foret innat. Da blei 2700 km ette veg. Då har eg ikkje tatt med til og frå kjøyring ved slåing og pressing og anna jordarbeid. Eg er komen heilt i ei grense dar eg ikkje rekk meir. Mi meining er at me treng alle dei små bruka då det er dei som står for volumet av mjølk og kjøt produksjonen. «Mange bekker små gjør en stor å». Det er no viktig å slå ring rundt alle gardane som er i drift og halda dei i drift. Eg meiner då alle, om da e ammekyr, oksa, sau osv.Eg ser mi sterke gru på framtida viss regjeringa får det som dei ønske. Da e no betenkeli at eit av verdens rikaste land ikkje har råd til å produsera sin eigen mat. Eg håpar at dei tar te vet og snur. Da e ikkje for seint. J»
Bondelaga i Nordhordland var og på Frekhaug kai ein kveld og hadde Vardebrenning.
Det kan du og lese meir om her.
Dei hadde seg og ein tur til rådhuset i Lindås kommune og serverte mat/betong til formannskapet. Dei kunne velje mellom eggerøre med spekemat frå Ikeland gard eller betong.
Symbolikken i dette var at dersom regjeringa fekk det som dei ville med kun store gardsbruk vert mykje av Vestlandslandbruket lagt ned, kulturlandskapet vert overgrodd og mykje av den dyrka marka i dag vil gjerne ende opp med bustadfelt og industri. På den andre sida kan ein velje god lokaltmat som er trygg og rein og ein kan ha ei betre sjølvforsyning i landet.
Denne aksjonen kan du lese meir om her.
Symbolikken i dette var at dersom regjeringa fekk det som dei ville med kun store gardsbruk vert mykje av Vestlandslandbruket lagt ned, kulturlandskapet vert overgrodd og mykje av den dyrka marka i dag vil gjerne ende opp med bustadfelt og industri. På den andre sida kan ein velje god lokaltmat som er trygg og rein og ein kan ha ei betre sjølvforsyning i landet.
Denne aksjonen kan du lese meir om her.
22. mai fekk dei første kvigene kome på beitet!
Me brukar å ha dei i ei slags innhegning nede ved gamlefloren så dei får springe litt frå seg før me tar dei ned på beitet. Då får dei roa seg litt før dei kjem ned på det grøne graset og dei vert vane med straumgjerdet. Elles kan dei fort springe rett gjennom straumgjerda og ein må ut på leit etter kviger. Innhegninga fungerer kjempefint!
Litt kos med ei kvige før ho skal ned på beitet.
Dyra har det godt her på Keilegavlen!
Her er første pulja på 5 på veg ned på beitet.
Til no er 16 kviger kome ut, og resten av kvigene og kalvane skal få kome ut så snart me er ferdige med slåtten. 26. mai kom kyrne på beite.
Rolege kviger.
Me besøker kvigene på beitet kvar einaste dag. Dette både for å ha tilsyn med dei, sjå at alt er greit og at alle er friske, men og for å oppretthalde den gode kontakten me har hatt med dei sidan dei vart fødde. God kontakt er viktig, og det ser de resultatet av på biletet av Jan Magne og kviga over her.
Scott passar på.
Hans tar ein siste sjekk på at straumen er bra og at den ikkje går til jord nokon plass.
Litt lenger oppe skreiv me om eit attlegg Jan Magne har holdt på med, der han har gravd 600 meter med grøfter. Kristi Himmelfartshelga var to av søstrene til Jan Magne heime. Den eine med mann og tre døtrer og den andre med eine sonen. Fredagen vart heile gjengen med å plukka stein!
Fantastisk god hjelp!
Ein liten pause i steinplukkinga!
Mykje stein å plukke!
På laurdagen vart skjelsanden spreidd og så gjekk det slag i slag med møkekøyring, harving, såing og tromling. No spirer det og gror!
De kan lese meir om korleis eit attlegg vert til her.
Kyrne beitar i bakgrunnen.
Laurdag 7.juni starta me på slåtten.
Jan Magne slo ned graset på all jorda heime, om lag 75 daa.
9. juni raka Torunn alt medan Jan Magne pressa.
10.juni køyrde me alle rundballane vekk frå jorda.
11. og 12. køyrde Jan Magne møk på all heimejorda.
Tilskodarar til slåtten.
Godt med slik utsikt når ein jobbar.
Perfekt teamwork! :)
13. juni slo Jan Magne ned alt graset i Leirvågen, om lag 110 daa.
14. juni raka Torunn og Jan Magne pressa alt utanom Storamyre, den vart raka og pressa i dag. Det vart nokre skjer i sjøen som gjorde at me ikkje kom heilt i mål med alt i går.
Avløysaren hadde bl.a. gløymd å telle alle kyrne då han tok dei inn. Så då Torunn var heimom igjen med bilen, etter å ha vore i Leirvågen med diesel og plast til Jan Magne, for å hente traktoren og raka, så høyrde ho kyrne raute sånn i gamlefloren. Ho fann då ut at ho kunne fôre der nede før ho køyrde nord att. Når dei rauter slik er det som regel anten for at dei høyrer folk og vil ha kraftfôr eller så er det skjedd noko spesielt og nokon er lause. Det var det sistnemnde. Eller dvs to av kyrne som skulle vere i nyefloren hadde kome heim av seg sjølv etter at dei andre var tekne inn. Det var ikkje heilt suksess å jage kyr med avløysaren, det vart ein del krøll, så Jan Magne kom heim og då gjekk det som smurt. Skal ein jage på kyr må ein halde seg roleg, men samstundes vere bestemt.
Utsikt frå Storamyre i Leirvågen.
Avløysaren kom på måndag. Fordelen no er at me begge kan jobbe heile dagar utan å bli avbroten av fjøsen. Fram til han kom har Torunn tatt fjøsen slik at Jan Magne har fått lange dagar med attlegg, møkakøyring og slått. Me skal ha han no i slåtten og i møkakøyringa og så skal han vidare til nokon andre. Kveldsrunden tar me sjølv for å ta ein siste sjekk kvar kveld. Då får kalvane mjølk, me sjekker brunst og koster silofôr bort til kyrne i tillegg til at me går i lausdriften og koser og prater med så og sei kvar einaste ku. Det er viktig med god kontakt med dyra!
Husarbeid og matlaging går litt på hogg og belegg om dagen når det er så travelt.
Jan Magne har stort sett halde på frå kl 7 om morgonen til alt i frå 2400-0300,
medan Torunn har holdt på frå 7 om morgonen til alt frå 2300-0100. Så det vert lange dagar.
Då var det godt då Jan Magne si søster, Randi, og datra hennar, Maria, var så utruleg snille å invitere oss bort på taco innimellom pressinga i går.
Tusen, tusen takk!
Heldigvis kan bonden slappe av og.
Her i lag med Scott.
764 poserer for fotografen.
776 Guddlo
Kjekt å lese om livet på garden, Torunn! Og så flotte bilete, da!!! De gjer ein flott jobb - med hjarte, hovud, hender & sjel... :-)
SvarSlettTusen takk for det! :)
Slett