tirsdag 1. oktober 2013

Årets pedikyr


I dag har 20 av kyrne fått skjært klauvene sine. Resten skal til pers i morgon. Det er nokre år sidan me fekk klauvskjert kyrne sist og det har vore problem med å få tak i og ikkje minst finne klauvskjerarar. Eit lite tips til t.d. Bondelaget kan vere at dei legg ut linkar til aktuelle klauvskjerarar i sine områder? Me vart svært glade då me fann og fekk tak i Sigurd Århus, klauvskjerar frå Evanger, i vår. Han skal no kome to gongar i året framover og kjem då tilbake til våren. Når klauvene til dyra vert beskjært jamnleg aukar trivselen og dermed og mjølkeytinga til dyra. På biletet over spyler Århus klauvene først med vatn, dette for å få ein betre oversikt før han set i gong.


Deretter brukar han ein vinkelslipar med ei grov skjeve. 
 Alle kyr og kviger bør beskjærast minst ein gong per år. Dyr med tilsynelatande normal klauvform kan likevel ha sjukdomsendringar i klauva, og dette ser ein ikkje dersom ein ikkje får undersøkt dei i ein klauvboks. Heldigvis såg, så langt, mesteparten av våre bra ut. Ved å klauvskjere jamnleg kan ein og ta sjukdomar i eit tidleg stadium og kan begrense og stoppe ein del av dei. 

De skal få sjå meir av dette i løpet av veka då me har filma klauvskjeringa. Me må berre få lagt den ut. I dag har dagen gått i eitt for oss begge og me har knapt rukke å ete mellom fjøsstella så me tar det ein dag det er litt rolegare. Jan Magne starta dagen kl 0430 i dag for å køyre Augustinas til Flesland så det skal bli godt å slenge beina i sofaen i kveld. 


Etter den grove skjeva går Århus over med ei finare skjeve og får pussa fint over klauvene. 
Klauvboksen er heilhydraulisk noko som gjer arbeidet og arbeidsstillinga for klauvskjeraren mykje enklare. Sist me klauvskjerte dyra gjekk dei i båsfjøsen og det gjorde det ein del enklare å få god effektivitet. Det baud på diverse utfordringar i dag, men me fann til slutt ein teknikk som gjorde at det gjekk litt kjappare. Det er skummelt for kyrne når noko nytt skjer og i allefall når dei i tillegg først skal forbi ein skummel mann med hjelm og maske før dei kjem inn i klauvboksen. Århus har ein fangboks som han kjem til å ta med neste gong, men han hadde ikkje plass til den på hengaren og fekk ikkje tatt den med i dag. Forhåpentlegvis går det endå litt raskare til våren. Uansett går det fort når dei som verkeleg kan det klauvskjerer. Me har snakka om og evt gjere det sjølv, men med den mengda dyr me har så er det enklare og meir effektivt å få nokon profesjonelle til å gjere det. Samstundes som dei har ein meir kontuitet i arbeidet og dermed mykje meir erfaring i korleis ein skal klauvskjere ulike sjukdomsklauver.


Dette er kua me kjøpte i sommar, 647 Herline. Ho får litt kos frå bonden sjølv medan klauvene vert pussa på. Som de las i gårsdagens innlegg så fekk kyrne nyslått gras i gårkveld. I dagtidleg fekk dei silo/rundball. Dersom me hadde gitt dei nyslått gras i dagtidleg òg hadde det endt opp med ganske så rennande avføring på dei fleste dyra. Når ein no deler opp så dei får om lag annakvart stell med nyslått gras og annakvart med silo/rundball så vert vomma stabilisert og avføringa er fortsatt fast og fin. Ein bør ikkje ha brå overgangar til nytt fôr då det ofte medfører rennande avføring på dyra. I dag i klauvboksen har det likevel blitt noko rennande frå enkelte, men det er på grunn av at det skjer noko nytt og skummelt. No er Jan Magne i fjøsen medan Torunn har tatt kveld. I morgon skal dei siste kyrne klauvskjerast og meir informasjon og forhåpentlegvis ein film kjem i morgon. Me tytast då. :)

mandag 30. september 2013

Ein lang pause


Me har hatt ein lang pause no, og det er på tide med ei lita oppdatering. August og september har rast avgarde og bloggen har hamna litt i bakleksa. Me har som mål å prøve og oppdatere nokre gongar i veka, men i periodar vert det dessverre ikkje slik. Bloggen skal vere kjekt, ikkje eit ork. Mykje har skjedd i løpet av denne tida.
I juli vart det fødd 10 kalvar, 4 i august og 2 i september. Over ser de bilete av 362 Gulo og kalven hennar, 796 Gunnar. Han vart fødd 13.september. Gulo er ei snill mor og fekk gå i lag med kalven i to døger i kalvingsbingen. Gulo si oldemor vart kjøpt frå Gulen og fekk namnet Gulo. Namnet har dermed gått i arv. Me har og kjøpt ei ku 647 som har fått namnet Herline etter kollegaen me kjøpte kua av. Ho fekk kalven 795 Heidi som vart fødd 29. august.
Fjøsen har blitt spylt og anna førefallande arbeid har blitt gjort fortløpande. Slåtteutstyret vart reingjort og spylt og kom i hus så snart håslåtten (2.slåtten) var ferdig. Me er kome i gong med litt beiterydding og hausten har begynt å sette sitt preg på skogen og lufta. 
For 14 dagar sidan sendte me ein okse, 5 kyr og to kviger til slakt. Den eine kviga vart slakta då ho kasta kalven og ikkje produserte mjølk i tida etter. Den andre vart slakta då ho var Freemartin. Ei freemartin kvige er ei infertil kvige. Dette skjer ofte når ei kvige vert fødd tvilling i lag med ein oksekalv. Ein tvilling-drektighet hos storfe resulterer ofte i eit felles fosterkrinslaup som fører til byting av celler mellom fostra. Utviklinga av kviga sine reproduksjonsorgan vil blant anna føre til at gonadane utviklast til ei blanding av testiklar og eggstokkar og livmora er underutvikla. Slike individ vert danna i meir enn 90% av tvillingdrektighetane der det er kvige- og oksekalv. Det er aldri kjekt å sende dyr til slakt. Ein får eit forhold til kvart enkelt dyr. Dei har sin eigen personlegdom, kvar og ein av dei, noko som gjer det endå vanskelegare, men samstundes er det ein del av drifta.

20.september hadde me vore gift i 5 år og den 21. reiste me vekk ei veke. Det var godt! I fjor var me kun vekke ei langhelg på hausten, så det var godt å vere vekke ei veke i år. Augustinas kom frå Litauen same morgonen som me reiste for å stelle dyra og reiser heim att i morgontidleg. Det er alltid litt spanande å reise vekk, for det er som oftast då ting går gale. Me kom heim att natt til søndag og på laurdag hadde 792 Tigros, datra til 497, dødd av lungebetennelse. Det var ikkje noko kjekt! Bortsett frå det har det elles gått bra. Lungebetennelse kan i mange tilfeller vere smittsamt, men ingen av dei andre kalvane viser symptom til at dei er sjuke. Tigros vart flytta for seg sjølv i gamlefjøsen så snart det vart oppdaga at ho var sjuk, men til trass for behandling klarte ho seg dessverre ikkje.


I dag har me henta heim fire kviger som nærmar seg kalving. Det er fortsatt 6 kviger og 3 gjeldkyr som går ute på beitet. Ei gjeldku/sinku er ei ku som har slutta å produsere mjølk før neste kalving. Denne perioden vert kalla ein sinperiode og er ein "kvileperiode" mellom to kalvingar. Alle kyr bør ha ein sinperiode på om lag 8 veker før neste kalving. Det er enno godt med mat i beitet og veret er fint og flott no, så dei kosar seg ute. Jan Magne stod og kalla på dei på haugen på hovudbeitet og ein etter ein kom dei fram over haugen og kom trippande heimover.


Her står Jan Magne og Hans i lag med kvigene og gjeldkyrne. Som de ser er dei litt svarte oppetter beina då det har vore ein svært våt sommar og beitene er blaute. Heldigvis er det ikkje så bløtt at dei er svarte langt oppetter beina og buken, då hadde me tatt dei inn alle saman. 


Graset nord på stykket, som var det første me slo på håne (2.slåtten/håslåtten), var kome godt opp att og måtte slåast før vinteren. Du kan lese her om kvifor det vart slått ein del tidlegare enn resten. I dag slo Jan Magne 3.slått her som vart fôrt til kyrne og kyrne elskar nyslått gras! Dei kunne ikkje kome seg fort nok gjennom returgongen etter at dei var blitt mjølka så dei kunne få ete det gode graset.
Tru det eller ei, men i morgon kjem det faktisk eit nytt innlegg. :)

torsdag 5. september 2013

Mat på bordet?


Dagens innlegg i Strilen (kjem i Nordhordland på laurdag).

”Noe av det som imponerte meg mest under familieferien til Norge denne sommeren, var hvordan norske bønder har lykkes under utfordrende omstendigheter. I den fantastiske utsikten fra fjordene kunne familien min og jeg se hvordan jorden har blitt dyrket i landskap ulikt noe vi har sett før.”
– Bill Gates på Noregsferie sommaren 2013 (Dagens Næringsliv 02.09.2013)

Ønskjer du å oppleve det same? Eller ønskjer du eit landskap dominert av kratt og skog?

Dei blå partia ønskjer blant anna å effektivisere landbruket ved å ha større enkeltbruk og samdrifter og dermed ha større produksjon på kvart gardsbruk. I dei sentrale jordbruksområda i Trøndelag, på Jæren og på flatbygdene på Austlandet er hovudsakleg den dyrka jorda samla utanfor fjøsdøra og det er dermed mange store bruk og enklare og billigare å drive jorda.
Den Vestlandske topografien gjer det slik at ein har mange små jordlappar for å få den same mengda med fôr som det ein gjer på gjerne ein i dei sentrale områda.
På denne kanten av landet lever me mellom fjord og fjell og dersom ein vert pressa til å drive større og auke matproduksjonen ved å fjerne kvotetak og konsesjonsgrenser, slik som Høgre og FrP ønskjer, risikerer ein at det vert slutt på mjølkeproduksjonen i Nordhordland og landbruket vert sentralisert. Alle dei små jordlappane og alle dei bratte areala som no vert stelt slik at me har eit flott kulturlandskap å sjå på ender opp med å gro att. Buskar og kratt veks opp til skog, det biologiske mangfaldet vert mindre og mange arbeidsplassar går tapt. Dette gjeld ikkje berre bøndene, men og alle arbeidsplassar i tilknytning til landbruket. Den norske matproduksjonen og landbruket gjev blant anna 90.000 arbeidsplassar for bønder og foredlingsindustri. Samstundes er kvar tiande bedrift i Noreg ei landbruksbedrift.
Vestlandet som kulturlandskap vil etterkvart vere eit mindre attraktivt område for turistane og. Slike kommentarar, som den frå Bill Gates vil me ikkje lenger kunne lese.
Sjølvforsyninga av mat vert redusert for kvart gardsbruk som vert lagt ned. Med stadig aukande folkevekst i verda er det ikkje sjølvsagt at me kan importere all maten frå andre land. Er det riktig at me, i eit så rikt land som Noreg, skal ete opp maten til dei som er fattige og ikkje kan ”fråtse” i alle godene som me har? Bør me ikkje klare å produsere vår eigen mat? Det er kun 3% av det totale arealet vårt som vert nytta til dyrka jord. Sidan 90-talet har eit dyrkbart areal tilsvarande 2100 fotballbaner forsvunne. I Noreg produserer me kun halvparten av maten me treng sjølv, og dette er inkludert fisk.
Gjennom FN-konvensjonen har kvar stat forplikta seg til å sørge for matsikkerheit for sine innbyggjarar. Dersom det vert knapphet på mat i verda vil dei fleste landa innføre eksportforbod og sørge for sitt eige folk.

Landbruket er avhengig av importvern for å sikre matproduksjon i alle delar av landet, ivareta sjølvforsyning og nasjonal matvareberedskap. Kostnadsnivået i Noreg er svært høgt, det er små areal og kort vekstsesong som resulterer i at det er dyrare å produsere mat i Noreg enn i dei fleste andre land. Bøndene er avhengige av ei stønad frå statsbudsjettet skal dei kunne klare å produsere mat i dag slik at Noreg kan vere mest mogeleg sjølvforsynte med mat. Dersom H og FrP kjem til makta risikerer bøndene å gå ned 50-100.000,- kroner i årsinntekt. Dei færraste ønskjer vel å gå ned i løn?
I Noreg vert maten fulgt heile vegen frå bonden, til slakteriet og fabrikken , i butikken og til kjøkkenbordet vårt. Den norske maten er GMO-fri, utan vekstfremjande hormon og Noreg er på verdstoppen i mattryggleik.

Ein må og hugse på at det er dyr ein driv med og ein kan ikkje effektivisere i det uendelege. Eit industrilandbruk er ikkje ønskjeleg med tanke på dyrevelferd. Produksjon fordelt på små- og mellomstore gardar gjev betre dyrehelse ved meir kontakt med dyra og eit lågare smittepress for husdyrsjukdommar.

Det er no ein gong slik at ein kan ikkje ete korkje pengar eller olje!

Godt val!


Jan Magne Keilegavlen
Fungerande leiar, Austrheim/Lindås bondelag

torsdag 29. august 2013

Ferdig med "håne"



Måndagskvelden parkerte Jan Magne pressa kl 0210. Om kvifor det vart så seint kan du lese her.
Tysdagen slo Jan Magne ned, raka, pressa og pakka resten av graset på leigejorda hos naboen og på dei 6 daa me leiger på Hope. I går slo Jan Magne ned alt graset på Fonnes og på Kaland, om lag 70 daa til saman. Han var ferdig med det då Torunn var på veg heim frå jobb. Storm og yr meldte litt ulikt og i følge storm skulle det kome regn allereie frå morgonen av i dag, medan yr meldte regn frå kl 12. Me bestemte oss difor for å prøve å bli ferdige i går. Torunn raka, medan Jan Magne pressa. Det vart ikkje så mange bilete i går då me jobba på for å bli ferdige og begge i grunn var litt slitne. Torunn parkerte traktor og rake kl 2230 og Jan Magne parkerte traktor og presse kl 0100.
Me vart ferdige!!
Håne (håslåtten/ 2.slåtten) er ferdig for i år!
Så no får me vel ta slåttegrauten i løpet av helga, tenkjer eg.
I dag har Jan Magne køyrd saman alle rundballane på Fonnes og på Kaland. Hans har køyrd saman mesteparten av dei andre rundballane etterkvart som me har vore ferdige på dei ulike slåttemarkene. Det er godt å vere ferdige og vite at me no har mykje mat til dyra utover hausten, vinteren og våren. Med tanke på vinteren og den vekstsesongen det har vore og dei reduserte avlingane enkelte har, så er me likevel fornøyde. På håne rakar me som regel tre skårar saman på grunn av mindre avling blandt anna fordi det er kortare vekstperiode. På dei fleste markene har me ikkje kunna rake saman meir enn to skårar fordi det har vore bra med avling. Her på Fonnes var det ikkje så mykje så her har me rakt saman tre. Ei av årsakene til det er og at Jan Magne fekk køyrd lite møk på desse på grunn av mykje regn, som gjorde at han ikkje kunne køyre utpå jorda, og på grunn av mykje vind, som gjorde at han ikkje kunne bruke kanona. Dermed fekk han aldri nok møk ut her. Regnet gjorde at det var bløtt, så hadde han køyrd utpå risikerte han å øydelegge jorda og køyre gjennom torva med hjula. På Fonnes er det ein del hus tett opptil slåttemarkene og ved vind og bruk av kanon risikerte me ein del husvask om han hadde gjort det. ;)


På det øvste biletet skimtar du kanskje at det er litt antydning til små hjulspor i botn av bakken til høgre. Jan Magne grøfta opp att ei grøft litt bortanfor etter første slåtten då han trudde det var den som var hovudproblemet. No på håslåtten oppdaga han at han må spa opp ei lita grøft til for å få leia vekk vatnet som sig frå tomta. Det står no eit reidskapshus oppå toppen av denne vesle bakken. Tidlegare stod det ei løe her. Hjula på skiveslåmaskina har tatt litt nedi og eg (Torunn) følte ikkje for å køyre det meir opp med hjula på riva og det er heller ikkje ønskjeleg at Jan Magne køyrer over her med traktor og presse. Då var det berre til å ta bein og armar fatt og flytte graset for hand. 


Det har regna svært mykje mellom slåttane så det er godt bløtt, spesielt nedanfor reidskapshuset her på Fonnes der det er myrjord. Enkelte skårar måtte flyttast lenger inn eller ut på marka alt etter kor det var bløtt for å unngå at Jan Magne køyrde gjennom dei blautaste områda med traktor og presse. Litt svart er det enkelte plassar, men det er heldigvis ingen stader me har køyrd ordentleg gjennom. Etter alt regnet som har vore var det ikkje til å unngå at det vart litt svart, dessverre. Me måtte bli ferdige før helga for no til helga skal det regne mykje igjen og då tar det lang tid før det i det heile tatt er mogeleg å køyre utpå jorda igjen. Natt til laurdag melder yr at det skal kome mellom 8 og 22mm nedbør medan storm melder 8. Og det skal kome mykje regn gjennom helga og i starten av veka, så det er godt å vere ferdige!
I kveld holdt ein god kamerat, som hjelper oss når me treng hjelp, på med siste resten av slåtten då traktoren hans rauk. Så no er den eine traktoren vår på utlån medan Jan Magne køyrer saman rundballar for han slik at han og kan kome i hamn før alt regnet kjem. Det er ein god ting med dette yrket. Ein stiller opp for kvarandre og hjelper kvarandre der ein kan.

mandag 26. august 2013

Håslått med forviklingar


 Litt etterlengta vatn før resten av graset vert raka.

Ja, så kom me i gong med håslåtten. Jan Magne slo ned graset på Storamyre i Leirvågen på torsdag, raka og pressa dette på fredag. Fredagskvelden slo han ned resten på heimejorda og på laurdagen raka Torunn alt heime medan Jan Magne pressa. Laurdagskvelden slo Jan Magne ned ein del i Leirvågen og på søndag slo han ned graset på jorda me slår for ein svoger, Johannes, og på Elveteigen, som er på nabojorda her heime. I går (søndag) raka Torunn og Jan Magne pressa. Då Torunn var ferdig å rake på stykket med løa var Jan Magne ferdig å presse med campingvogna. Inntil dess hadde alt gått veldig bra og me snakka om at viss det gjekk så bra i dag så kom me jo til å bli ferdig i skapeleg tid. "Bank i bordet",- det skulle me ikkje ha sagt. For på slutten av pressinga på dette stykket oppdaga han at to av hjulboltane på pressa var øydelagte. 

To knekte hjulboltar (dei to til venstre).

Pressa vart parkert og han køyrde heim for å hente bilen og jekk så han kunne få av hjulet og få tak i hjulboltar. Torunn raka ferdig på stykket ved bedehuset og på stykket hos Johannes. Til saman i år slår me bortimot 300 daa så det er litt å fare over. 

Her raker Torunn på jorda hos Johannes.
Det er ganske bløtt borti dette hjørnet så det vart raka tre skårar saman og så vart skårane flytta såpass langt innpå jorda at Jan Magne ikkje køyrer med pressa på denne delen av jorda.

Jan Magne fekk tak i vakten på Eik og dei meinte 100% sikkert at dei hadde riktige hjulboltar. Jan Magne heiv seg i bilen i gårkveld og køyrde til Åsane (50 min køyring kvar veg, pluss kø inn til Åsane) berre for å finne ut at dei hadde hjulboltar til presse utan bremser, medan det på vår er bremser og me då må bruke andre hjulboltar. Dei skulle bestille i dagtidleg å få dei tilsendt med fly frå Danmark så han kunne hente dei på Flesland i dag. I dagtidleg fekk han telefon om at dei ikkje kunne bestille frå Danmark likevel for dei var redde for å bestille feile boltar. Jan Magne ringte då til Felleskjøpet og dei hadde på Kløfta og skulle sende med første fly. Ei god stund seinare ringte dei opp att og lurte på om han skulle ha mutrar og skjever og, for det hadde dei ikkje inne, men nei, det har me jo, så omsider vart dei sendt med fly frå Austlandet. 

Pressa står på eit hjul og venter på nye hjulboltar.

Jan Magne heiv seg i bilen og køyrde til Flesland (1,5 timar kvar veg) for så å finne ut at dei ikkje kom med fly før kl 1530, og deretter fekk han beskjed om at han ikkje kom til å få dei før kl 1630. Med så lang veg til Flesland var det heller ingen vits å køyre heim att og få gjort noko fornuftig.  Så medan Torunn har vore på jobb i dag har Jan Magne sete på Flesland og venta på hjulboltar. Frustrerande, men ikkje så mykje ein kan gjere med dessverre. På veg heim hamna han i rushtrafikken og så det tok si tid. 

Hjulboltane er på plass og pressa er klar til nytt arbeid.

No må me berre få pressa alt graset i Leirvågen og på Elveteigen. 
Torunn har raka på Elveteigen no i kveld medan Jan Magne presser. Han kjem nok til å holde på til eit godt stykke ut på kvelden/natta. Det er ikkje heilt bra at graset har lagt så lenge, men det er ikkje stort me kunne gjere med det. Viss me ikkje hadde fått tak i hjulboltar i dag hadde me måtta "ringt ein ven" og få hjelpe til pressinga. Heldigvis har det ikkje regna. Det er meldt regn i morgon så alt må bli pressa no utover kvelden/natta. Då har me att resten på nabojorda i tillegg til Fonnes, Kaland og Hope. Det er meldt noko regn no i slutten på veka, så me får sjå. 
Det er godt med gras på slåttemarkene om ikkje anna. Normalt brukar me å rake saman tre skårar på håslåtten då det gjerne er litt mindre gras pga bl.a. kortare vekstperiode, men på fleire av markene me har raka no så har me ikkje kunna rake saman meir enn to skårar då det har vore mykje gras på. Så vert det spanande å sjå fôrprøvane etter at dei er tekne og analyserte.


Medan Torunn raka på heimejorda på laurdag gjekk desse kvigene på den delen av beitet som er rett ved den eine slåttemarka. Raking er ikkje den mest artige jobben å gjere i lengda, så då er det kjekt å ha slike trivelege dyr å sjå på. Desse bileta er tekne i kveld då eg (Torunn) og Scott gjekk på tur (me hadde jo sjølvsagt ikkje hugsa på å ta med kamera då me rakte og pressa). Scott låg nede på vegen eit stykke bortanfor medan eg gjekk opp til dei på beitet. Dei kom raskt til og ville helse på å ha selskap. Me sat der ei stund å prata og koste før Scott og eg gjekk vidare.


Kvigene var ikkje ferdige med kosen og kom ruslande etter heilt til me kryssa gjerdet. :)
Som de ser har den ein kviga mista det eine øyremerket, det er sånn som skjer av og til og det er bestilt nye slik at ho har to. I følge forskrift om merking av storfe/småfe er det påkrevd med to øyremerker.

I går skulle det vore Open Gard i kommunen, men den vart dessverre avlyst. Me hadde tenkt oss til Radøy på Open Gard der, men i går var me begge ganske slitne og trøtte og måtte dessverre kaste inn handkledet og slappe av nokre få timar før me måtte starte å rake og presse. Me har ein smule dårleg samvit for at me ikkje kom oss bortover, det hadde vore kjekt å sjå korleis dei gjer det der og treffe litt folk, men me trong og å kvile hovudet litt og slappe av litt etter ein svært travel sommar for oss begge.

mandag 19. august 2013

Litt nytt frå garden

Det går treigt mellom innlegga om dagen, men til trass for det dårlege veret er det travelt. Me har såvidt kome i gong med håslåtten, men det var ikkje fordi at graset var kome langt nok. "Nord på stykket" trives hjorten veldig godt, og dei hadde beita og trakka ned graset mykje. Om me hadde venta med å slå det hadde det ikkje endt opp med meir gras, heller mindre. På onsdag slo Jan Magne ned graset på dei 11 daa og på torsdag vart det pressa. Same dagen pressa han om lag 12 daa for ein kollega. I følgje meterologane skal det vere opplett no resten av veka, så får me no sjå om me kanskje kjem i gong med resten av håslåtten i slutten av denne veka.

Lausdriften kan delast i to ved at me sperrer av i kvar ende med grindar. Me brukar desse ved kvart stell. Stenger først den eine grinda og jagar så dyra over til den sida som mjølkestallen er før me stenger den siste grinda. Når dei då er ferdigmjølka kjem dei ut att på den andre sida der det har kome silofôr og dei har tilgong til kraftfôrautomatane. Scott likar å passe på kyrne når dette skjer. På biletet over ser de han passar på ei kvige som ikkje skal vere med over, då ho ikkje har kalva enno. Scott er tøff så lenge ikkje kviga tar hovudet ut på andre sida av innreiinga, då ryggar han til han er på trygg avstand :)

 Dette er ku nr 458 som verkeleg har funne kvilestillinga :). Eg (Jan Magne) må innrømme at eg kvapp ikkje reint lite første gongen eg såg ho låg slik, men det verkar som ho har funne roen. :) Ho ligg slik heilt til ein startar å måke rundt henne. Kvart stell blir det strødd mykje spon i kvar einaste liggjebås, men i tida fram til nytt stell vil det gjerne forsvinne ein del frå enkelte av båsane. Enkelte av kyrne likar å skrape vekk sponen medan i andre tilfeller skjer det gjerne dersom ei er i brunst og rir og herjer på dei andre.

 Her får kalvane mjølk frå kalvebaren. Det er full fart når dei ser at ein kjem med mjølk. Den kalven som ikkje drikk av kalvebaren har fått av flaske. Det er kalv nr 791 Baltus. Halen spinn i ring og dei kosar seg når dei får mjølk. Det er kjekt å sjå når kalvane veks og har det bra, dei likar seg inne i hytta der ligg dei tett saman og kan liggje fint der inne sjølv om det er folk innom i fjøsen. Så kjem dei gjerne tuslande ut ein etter ein og vil ha kos og vil sjekke ut kva som skjer.

Me brukar ikkje ha så mange kalvar i bingen om gongen, så no er dei blitt delt i fleire bingar og me vurderer å dele kalvebingen i to. Baltus får no søtmjølk frå kalvebar i lag med dei andre i sin binge.

søndag 11. august 2013

Skrekkfrid og beitebesøk

For ei god stund sidan fekk me ønske frå ei ungdomsveninne av Jan Magne om å kalle ein kalv for Skrekkfrid. Argumentet var bl.a. at "Frid betyr vakker. Skrekkelig vakker!" og "Snart blir den ei skrekkeleg stor ku som rautar så øyrene dirrar...". Me må vel vere så ærleg at me har holdt litt att før me klarte å finne ein kalv me kunne gje det namnet til. Det har kome mange kalvar den siste tida og ein av dei er 790 som har fått namnet Skrekkfrid. Ein stor og flott kvigekalv. Må vel innrømme at me ikkje heilt er trygge på namnet enno, men det positive i namnet vil vel kome meir og meir etterkvart? Ho fekk hovudsakleg namnet pga mor si.

Mor til Skrekkfrid er 614, ei innkjøpt ku frå Sunnhordland. Dette er kalv nr 3, men nr 2 i vår fjøs. Då det nærmar seg kalving for ei kvige/ku flyttar me den over i ein kalvingsbinge slik at ho får vere i fred. Som oftast lar me ku og kalv få gå i lag ein 1/2-1 dag, men 614 og Skrekkfrid kunne ikkje vere i lag. Kvar gong kalven prøvde å reise seg så sette 614 i ei voldsom rauting og stanga til kalven så den ikkje fekk reise seg. Samstundes som ho elles prøvde å slenge den bortover spalten, så ho fekk kome inn att i lausdriften så snart ho hadde sleika kalven tørr. Kalven vart flytta over i kalvebingen og fekk råmjølk. 614 rauta eit par gongar etter dei vart skilt frå kvarandre og så ensa ho ikkje kalven lengre. Skrekkfrid har med andre ord fått namnet sitt på grunn av mor si.

Her står 614 og kikkar på Rosa og Julie. Dei vart flytta over i denne bingen ein dag eller to så den nyfødde får vere litt for seg sjølv før den vert flytta over til dei aller minste. Då vert desse flytta tilbake til den midterste bingen att så kalvingsbingen vert ledig og klar til nye kalvingar. Desse skal snart flyttast ned i gamlefjøsen. 614 er ikkje så veldig grei med Scott heller. Scott er litt redd ho. Når han ligg på fôrbrettet for å passe på kyrne kjem ho "listande" innpå han bakifrå og sleng han avgårde med snuten. Det var vel i grunn kanskje ho som skulle ha heita Skrekkfrid?! Bortsett frå forholdet til eigen kalv og til Scott så er 614 ei snill ku, og ho er alltid sist inn i mjølkestallen. Ho må ein som regel ut å hente og så kjem ho tuslande inn i stallen. Det har som sagt kome fleire kalvar til den siste tida og de skal få helse på fleire litt etter litt. Kyrne har fått vore inne i dag då beita er svært blaute og dei berre trakkar beita opp om dei får vere ute. Forhåpentlegvis får dei kome ut att i morgon.

 I dag har me vore på det eine beitet og sett til tre av kvigene. Me brukar å sjå til dei minimum annakvar dag. Dette både for å skape trygghet og tillit til dyra samstundes som me ser til at dei har det bra. I dag hadde me med oss kamera og fekk nokre blinkskot mellom bonde og kviger. Det var lite batteri på kamera, men me fekk no tatt nokre bilete.

 Scott ligg på behørig avstand og følger med. Han får ikkje lov å vere med heilt bort til kvigene. Dette fordi dei ikkje likar han og ikkje er vane med han. Fram til det nærmar seg kalving går dei i gamlefjøsen og der er ikkje Scott inne. Han låg litt borti graset her og fulgte med. :)

Det er greit å få litt hjelp til klesvasken. :)

"Gjekk dei?"

lørdag 10. august 2013

Hundedagar

Dette innlegget starta me å skrive 4.august og så kom me aldri lenger. Det har vore travelt på alle baugar og kantar og når ein endeleg skal sette seg ned å skrive så er hovudet litt tomt til å klare å formulere seg ordentleg. Me får tru og håpe at det vert litt fleire innlegg framover. Dagane har gått til mykje vedlikehold og anna dill, så dagane går.
For ei god veke sidan leigde me ein fliskuttar så me får flist opp det som blei rydda rundt gamlefjøsen. Ryddinga kan du lese om her. Fordelen med å flise det opp er at det råtnar fortare og ein kan nytte det til noko i staden for at greinene blir dumpa og ligg lenge før dei råtnar. Onkelen til Jan Magne fekk eit lass til å ha i ei vegskråning. Stammane og dei tjukkaste greinene har Jan Magne køyrd ned til ein eldre nabo så han kan kose seg med å kappe opp litt ved som han har til vinteren.

 Scott ligg og passar på medan Jan Magne tar greinene bort til fliskuttaren og Augustinas matar dei inn i kuttaren.

 Forrige helg var det svært mykje regn i tillegg torever. Vel, det har regna i lengre tider og vart først opplett på onsdag denne veka, men forrige helg var det ekstra mykje og pga toreveret. Den eldre garde snakkar mykje om at dette er typisk ver i hundedagane. Hundedagane varer frå 23.juli til 23.august og det heiter seg at maten har lett for å råtne i denne perioden og at det til dømes er vanskeleg å piske kremfløyte. I tillegg fortel folketrua at dersom det er fint ver den 23.juli held det seg fint i hundedagane og dersom det regnar den 23. vil det regne i heile perioden. Meir om hundedagane kan du lese om via linken over.

Dette biletet vart teke då regnet hadde roa seg litt, men regnet som rann frå taket var ikkje innom takrenna ein gong, men rann rett forbi.

Nokre timar seinare kom sola og det vart strålande ver.
Torever om nettene, morgon og føremiddag før det letta opp og gjerne vart fint på ettermiddag og kveld. Alt dette regnet har resultert i at me ikkje har fått ut nok møk på Fonnes. Det har vore for bløtt til å køyre utpå jorda og når det endeleg letta såpass opp at det var fint var det for varmt og for mykje solsteik til å køyre det ut. I tillegg har det vore for mykje vind. På Fonnes er alle teigane for tett oppi husa så der skal det ikkje mykje vind til før me hadde spreidd møk oppetter husveggane. Og då vert det mykje vasking. :) Forrige helg innsåg me at det vert ikkje meir møkakøyring på Fonnes, pga veret, men og pga at graset er komen for langt. Det vil seie at møka vil legge seg på bladverket på graset og ikkje trekke ned i jorda, og dermed vert det med inn i rundballen og inn på fôrbrettet til dyra når rundballen vert tatt i bruk. Dette vil igjen føre til sporer i mjølka som vil redusere mjølkekvaliteten. Det er smørsyrebakterien og sporer av smørsyrebakterien som er årsaka til dette. Den fins, først og fremst, i jord og i husdyrgjødsel.
Me har og fått ein del nye kalvar i det siste som me skal få tatt ein del bilete av å legge ut i løpet av dei nærmaste dagane. 

onsdag 31. juli 2013

Nye kalvar kosar seg i lag

 Kalvane samla. Pauline er svart, Knut (nede til venstre),
Hans (nede til høgre), Vikinghjarte (i midten til høgre) og Lilja (oppe til høgre).
Dei kosar seg og slappar godt av i kalvehytta.
På vinteren er varmelampane på.

Dei siste dagane har me fått fleire nye kalvar.
Jan Magne har hatt seg nokre nattlege turar i fjøset i det siste for å passe på kviger og kyr som skal kalve. Han var oppe fleire gongar både natt til søndag og natt til måndag. Søndagsmorgon hadde 718, ei kvige, kalva. Ho fekk ein flott, liten oksekalv som har fått namnet 783 Vikinghjarte. Namnet er eit ønskje frå vår eldste nevø, Bjarte. Eit flott namn til ein flott kalv.

Dei fire nyaste slappar av etter fôring med råmjølk.

Natt til måndag, var Jan Magne oppom i fjøsen både kl 02 og kl 04 for å sjekke, men då han kom i fjøsen kl 0630 hadde både 465 og 273 kalva. 273 er den eldste kua i fjøsen og dette var hennar sjuande kalv. Ein stor og flott oksekalv som har fått namnet 784 Knut. 273 hadde ein del jurbetennelsar på forrige laktasjonen. Ho er ei gammal ku og me kjem ikkje til å inseminere ho igjen. Juret hennar er svært no etter denne kalvinga og det ser ikkje så veldig behageleg ut for hennar del. Det blir ikkje lett å melde ho inn til slakt, for ho er ei god ku som er utruleg snill, god og kjælen, og har fått mange flotte avkom. 465 fekk sin andre kalv natt til måndag. Ein flott, liten svart kvigekalv som har fått namnet 785 Pauline. Dette er 465 sin andre kalv. 

Både 718 og 490 (mor til Hans) har vore eksemplariske som førstegongs kalvande. Begge kom lett inn i stallen første gongen og har sidan det vore blandt dei første inn ved kvar mjølking. I tillegg har dei stått ganske så i ro ved mjølking, dog med mykje kos og prat.
For nokre år sidan kjøpte Torunn overvåkingskamera til Jan Magne til jul til bruk i fjøsen, men i den tida var det gamlefjøsen me brukte, og der var betongveggane for tjukke så signala frå kamera gjekk ikkje gjennom veggen og dermed kunne me ikkje ta det i bruk. Foreløpig har me ikkje fått det installert i nyefjøsen pga enkelte tekniske problem, men planen er å få installert det i løpet av veka. Det medfører at me kan sitte inne og følge med på den/dei som skal kalve utan å forstyrre dei. Heldigvis har me sjeldan kalvingsvanskar, men den gongen det skjer er det viktig å vere der.

Pauline og Vikinghjarte

Me sjekkar kvaliteten på all råmjølk ved hjelp av eit colostrumeter. Dette måler tettheten i mjølka, som er eit uttrykk for innhaldet av immunstoff. Ved å gjere dette kan me fryse ned råmjølk frå kyr som har god råmjølkskvalitet og ha på lager dersom det kjem ei ku seinare som har dårlegare kvalitet på råmjølka eller er sjuk eller dør slik at den nyfødde kalven ikkje kan få råmjølk av god kvalitet. Kviger kan gjerne ha litt dårlegare kvalitet enn ei ku som har hatt fleire kalvar. Fordelen no når me har fått fleire kalvar samstundes og me sjekker kvaliteten på råmjølka er at me brukar den beste råmjølka til kalvane. Dei første mjølkingane (måla) etter kalvinga skal ikkje kyrne mjølkast tomme. Dersom dei blir mjølka tomme er det større fare for mjølkefeber (hypokalsemi). Sjølve kalvinga er ei stor påkjenning på kua i tillegg til at mange prosessar i kroppen settast i gong. Mjølkemengda aukar raskt, og det resulterer i eit stort kalsiumtap for kua. Råmjølka inneheld meir kalsium enn vanleg søtmjølk og kroppen må difor skaffe meir kalsium kjapt for å produsere mjølk. Det blir bl.a. mobilisert kalsium frå skjelettet ved at overføringa av kalsium frå beinvev til blod aukar, samstundes som den aktive absorpsjonen av kalsium frå tarm aukar. Prosessen som set i gong alt dette er styrt av ein del hormon og enzym og i verste fall kan det ta opp til 7 dagarfør kua klarer å respondere heilt. Når kua utvikler mjølkefeber vert ho bl.a. slapp og ligg nede, vil ikkje reise seg og vert kald på øyrer og kryss. Kyra vert slapp og klarar ikkje å reise seg fordi kalsium frå blodet har blitt brukt til produksjon av mjølk. Det er viktig med rask behandling (Calsium i blodet) elles kan ho dø. 273 hadde mjølkefeber i fjor, så risikoen er der for at ho kan få det i år og. Faren er ikkje over enno, då ein stor del av tilfella kjem frå 2 dagar før kalving til 7 dagar etter kalving. Har dei først fått mjølkefeber eit år er faren større for at dei kan få det att ved neste kalving. Det er viktig å førebygge mot mjølkefeber med bl.a. korrekt fôring og tilvenning til fôr og miljø. I tillegg fins det ulike tilskot ein kan gi i forkant av kalvinga, dette vert gjerne gitt dersom ei ku har hatt mjølkefeber ved tidlegare kalving. Risikoen for å utvikle mjølkefeber aukar ved auka tal på kalvingar, spesielt frå fjerde kalving og oppover. I tillegg er feite kyr mest utsett for å utvikle mjølkefeber.

Hans og Vikinghjarte.
"Me vil vere med på bilete."

Søndagen gjekk dagen til fjøsstell og hente inn fleire kviger. Me brukar mykje tid i lag med dyra, noko som er svært viktig. Skal ein drive med dyr er ein av dei viktigaste jobbane å få dei trygge og tillitsfulle. Difor brukar me lang tid i fjøsen, og brukar god tid i mjølkestallen og kosar og pratar med dei. Mange av dei går ikkje ut av "båsen" i stallen før dei har fått litt kos og kjærteikn. Dei står og ventar på at ein skal kome bort og klappe på dei og prate med dei. Når me hentar dei på beitet kan me stå ved grinda i eine enden på beitet og berre kalle på dei så kjem dei springande ein etter ein heimover. Det er svært sjeldan me må trakke langt bortover beitet for å få dei heim. Det er kjekt når ein ser resultat frå alt arbeidet ein legg ned. Og samstundes gjer det arbeidet enklare, men ikkje minst trivelegare både for dyra og for oss.
Kvigene besøker me på beitet minimum annakvar dag for å sjå til dei, prate med dei, kose med dei og ta med litt mjøl. Når me skal ha dei heim treng me berre mjøl for å få dei til å krysse der strengen har vore. Mange krysser utan og måtte ha mjøl, men enkelte er litt skeptiske til å krysse for dei er usikre på om det fortsatt er straum der. Så snart dei oppdagar at det ikkje er straum trippar dei fint heimover utan at dei treng noko meir mjøl. Dei går som regel roleg over på nytt beite eller heimover og inn i fjøsen. Det gjer at me treng ikkje vere meir enn oss to, og enkelte gongar Jan Magne åleine, for å hente dei heim eller bytte beite.

søndag 28. juli 2013

Det er godt å vere ute

 Dersom du las innlegget me la ut i går står det der at kyrne skulle stå inne no i ei lita veke sidan dei to hovudbeita nett er gjødsla og graset må få tid til å vekse opp att. Dei stod inne i går. Me veit at kyrne trives best ute, og spesielt når det er så fint ver og så tørt og fint på beita som det er no. Difor bestemte me oss i dag for å dele kyrne opp i tre puljer og fordele dei på tre ulike beiter. Det blir ein del ekstraarbeid, men kyrne kosar seg ute så det er jammen meg verdt det. :) På biletet over er andre pulje på veg ut. Me har prøvd, så godt det lar seg gjere, å dele dei etter mjølkemengde og kor dei er i laktasjonskurva.

 Me hadde dessverre ikkje med kamera då den første pulja på 11 dyr kom ut. Dei fekk kome på eit stykke ved Elveteigen (leigejord hos naboen) og storkoste seg etter ein dag inne. Dei hoppa og spratt og var eit syn å sjå på. Det er artig når dei kosar seg slik og ein ser så tydeleg at trivselsfaktoren er på topp. Desse to er to gjeldkyr, Gulo og 384, som går på eit anna beite hos naboen. Dei fulgte godt med då dei andre kyrne kom ut og skulle nok gjerne vore i lag med dei.

 Siste pulje på veg ut. Dei hadde seg ein stopp ved ein halv rundball som stod i rundballesplittaren. Den skal fôrast til dei som står inne, oksekalvane og til eit par kviger som nærmar seg kalving. Den midterste av dei tre brune i biletet, er 490 som kalva på fredag. Det er grunnen til at det heng litt slim bak ved halen hennar. Dyra står inne om nettene og blir då fôra med rundball inne.

 Den midterste pulja på 12 kyr fekk kome på Osphaugen, som og er eit beite hos naboen. Biletet over er av dei siste 15 som er på beitet her ved huset. Halvparten av det beitet er vårt eige og så har me opna opp delar av gjerde så dei kan gå inn på eit beite som me leiger hos naboen og.
Dei starta straks å beite og kosar seg no når dei får vere ute. Då me begynte å opne dørene så dei fekk kome ut er det ikkje alltid like lett å sortere dei ettersom dei alle elskar å vere ute og kjem trippande mot lyset med ein gong. Dei som går på beitet her med huset er dei kyrne som mjølkar mest.

 Dei beitar og kosar seg.

Scott passar på og kjem nok til å liggje her på plenen i dag.

Det er lovpålagt at kyrne skal vere ute på beitet i minimum 8 veker i løpet av sommarhalvåret. Sommarhalvåret strekk seg frå midten av april til midten av oktober og ein vel sjølv kor tid ein vil ha dei ute i løpet av denne perioden. Det er ikkje lovpålagt for dei som har lausdriftfjøs, slik som me, å ha dei ute før i 2014 (då vert loven endra og dei med lausdriftfjøs fell og inn under denne regelen), men me har mykje beiter. I tillegg ser me at trivselen til dyra aukar når dei får vere på beitet, så her er dei ute heile sommaren. I kortare periodar når det regnar mykje har me dei inne. Er dei ute når det regnar mykje står dei berre og sturar og vil ikkje ete noko særleg. I tillegg til at beita vert svært opptrakka av tunge dyr. I slike periodar trivst kyrne best inne, men når det er tørt og fint som no elskar dei å vere ute.

lørdag 27. juli 2013

Hels på Hans

 I dag har me tatt inn ein del kviger og gjeldkyr som skal kalve den nærmaste tida. Hans var med mjøl til dei kvigene som går på eit beite hos naboen i gårkveld og oppdaga då at den eine kviga har kalva ute. På papiret skal ho kalve om tre veker, men då har ho nok tatt kalv første gongen ho vart inseminert og likevel vist teikn på brunst tre veker seinare og blitt inseminert då og. Dermed er det den siste insemineringa som ligg inne i kukontrollen (meir informasjon om kukontrollen kjem i eit seinare innlegg) og det er den drektighetslengda vert rekna ut i frå. Då me kom for å hente dei i dag stod kalven og saug råmjølk og var kvikk og rask. Dei tusla fint nedover lia i lag. Me tok alle kvigene heim til nyefjøsen og sorterte dei der. Dei to første bileta her er med mobil, og dermed litt uklare. 

 Her er Hans og gir mjøl til mora for og lettare få ho med heim. Det gir litt ekstraarbeid når dei kalvar ute, men med denne gjekk det kjempefint. 490 (mora) tusla fint heimover i lag med kalven sin og dei andre kvigene. Ulempen når dei kalvar ute er at dei ikkje får den same opptrappinga med mjøl som er ideell. Me brukar å starte med opptrapping av kraftfôr 3 veker før, og det var planen med 490 og. No har ho heldigvis fått jamnt og trutt med kraftfôr på beitet, så det hjelper ein del på.

 Her er me kome ned på vegen på beitet og på veg tilbake til fjøsen. Kviga er svært glad i kraftfôr og er ganske sterk, så det er ikkje alltid like lett for Hans å få porsjonert mjølet ut så det held eit stykke på vegen. Ikkje at det er naudsynt heller i grunn, for dei rusla alle kjempefint heimover. Det er kjekt når det går så lett som dette.

 Ho passar på at kalven kjem etter. 
Ei god mor.

 Det er artig å sjå på kalvane kor kjapt dei er på beina og kan springe og hoppe avgårde. Han trippa lett på tå etter mora og hadde nokre krumspring på vegen heim.

 Innimellom måtte han hjelpast litt på rett kjøl då han var på veg litt andre vegar enn han skulle. :)
Kalven er ein liten oksekalv og har fått namnet 782 Hans etter han som fann han på beitet. :)

 Innimellom var han litt sleten og Jan Magne måtte bære han eit stykke på veg. Då fekk kalven Hans samla litt energi og var klar for å springe etter mora igjen.

 Her trippar han etter mor si og dei andre kvigene. Far til Jan Magne, Hans, kom etter med traktoren, som me hadde med i tilfelle kalven måtte køyrast heim i skuffa, men han var så frisk og rask at han klarte fint å gå heim. Jan Magne og Torunn går bak dei alle og kvigene finn vegen heim av seg sjølv. Det er kjekt når dei er så enkle. Tre av desse tok me inn då to av dei nærmar seg kalving, og den eine sjølvsagt har kalva. Dei to andre fekk kome ut att på eit nytt beite.
Far til kalven Hans, er 10617, ein flott eliteokse.

 Det er ikkje alle kvigene som er vane med Scott og heller ikkje alle som likar han, så i dag måtte han ligge i traktoren. Han starta ut nede ved pedalane, men då me kom heim med pulje nr 2 med gjeldkyr sat han på traktorsetet og fulgte med på kva som skjedde. Traktoren stod i ro oppe med nyefjøsen med Scott inni. Han fekk vere med då me jagde to kviger og ei gjeldku tilbake på eit nytt beite.

 Her går dei to kvigene og gjeldkua og venter på at beitet vert klart så dei kan få kome tilbake. Dei går utanfor nyefjøsen. Gjerdet måtte sjåast over på det nye beitet før dei kunne få kome der.

 Gjeldkua, 610, fann fort ut at det ikkje var straum i gjerdet som var rundt dei og meinte at graset var grønare på den andre sida. Så ho tok turen over og fann litt grønt gras ved båten til Hans som ho kunne ete på.

 Her har dei tre fått kome på eit nytt beite oppe hos naboen.

 Dei to siste me henta heim av dei åtte me henta i dag, var to av dei som fekk nytt beite medan Håvard var her. Det kan du lese om her. Her sorterte Jan Magne og Torunn ut dei to som skulle heim og resten går att der borte.

 Her går Jan Magne i front med mjølbøtta og kvigene kjem fint etter. Torunn går bakerst og passar på at dei ikkje snur og finn ut dei skal gå ein annan veg.

Dei var litt skeptiske til å gå inn døra i nyefjøsen, då dei ikkje har vore i denne fjøsen sidan dei var små kalvar. Me slapp då ut nokre kyr og då kyrne gjekk inn att gjekk og kvigene lett inn i nyefjøsen. Kyrne står inne ei lita veke fordi me har gjødsla opp att beitene i går. Det vart seint gjødsla då det har regna mykje og det tok tid før det gjekk an å kome seg ut på beitene med gjødning. Så no må berre graset vekse opp att litt så skal dei få kome ut att.
Det spanande å mjølke 490 i kveld, og ekstra spanande når ho skal over kanten og inn i mjølkestallen. Det brukar å gå litt trått dei første stella, men så løsnar det og dei kjem først inn i mjølkestallen ved kvart eit stell.