Det går treigt mellom innlegga om dagen, men til trass for det dårlege veret er det travelt. Me har såvidt kome i gong med håslåtten, men det var ikkje fordi at graset var kome langt nok. "Nord på stykket" trives hjorten veldig godt, og dei hadde beita og trakka ned graset mykje. Om me hadde venta med å slå det hadde det ikkje endt opp med meir gras, heller mindre. På onsdag slo Jan Magne ned graset på dei 11 daa og på torsdag vart det pressa. Same dagen pressa han om lag 12 daa for ein kollega. I følgje meterologane skal det vere opplett no resten av veka, så får me no sjå om me kanskje kjem i gong med resten av håslåtten i slutten av denne veka.
Lausdriften kan delast i to ved at me sperrer av i kvar ende med grindar. Me brukar desse ved kvart stell. Stenger først den eine grinda og jagar så dyra over til den sida som mjølkestallen er før me stenger den siste grinda. Når dei då er ferdigmjølka kjem dei ut att på den andre sida der det har kome silofôr og dei har tilgong til kraftfôrautomatane. Scott likar å passe på kyrne når dette skjer. På biletet over ser de han passar på ei kvige som ikkje skal vere med over, då ho ikkje har kalva enno. Scott er tøff så lenge ikkje kviga tar hovudet ut på andre sida av innreiinga, då ryggar han til han er på trygg avstand :)
Dette er ku nr 458 som verkeleg har funne kvilestillinga :). Eg (Jan Magne) må innrømme at eg kvapp ikkje reint lite første gongen eg såg ho låg slik, men det verkar som ho har funne roen. :) Ho ligg slik heilt til ein startar å måke rundt henne. Kvart stell blir det strødd mykje spon i kvar einaste liggjebås, men i tida fram til nytt stell vil det gjerne forsvinne ein del frå enkelte av båsane. Enkelte av kyrne likar å skrape vekk sponen medan i andre tilfeller skjer det gjerne dersom ei er i brunst og rir og herjer på dei andre.
Her får kalvane mjølk frå kalvebaren. Det er full fart når dei ser at ein kjem med mjølk. Den kalven som ikkje drikk av kalvebaren har fått av flaske. Det er kalv nr 791 Baltus. Halen spinn i ring og dei kosar seg når dei får mjølk. Det er kjekt å sjå når kalvane veks og har det bra, dei likar seg inne i hytta der ligg dei tett saman og kan liggje fint der inne sjølv om det er folk innom i fjøsen. Så kjem dei gjerne tuslande ut ein etter ein og vil ha kos og vil sjekke ut kva som skjer.
Me brukar ikkje ha så mange kalvar i bingen om gongen, så no er dei blitt delt i fleire bingar og me vurderer å dele kalvebingen i to. Baltus får no søtmjølk frå kalvebar i lag med dei andre i sin binge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar