søndag 28. juli 2013

Det er godt å vere ute

 Dersom du las innlegget me la ut i går står det der at kyrne skulle stå inne no i ei lita veke sidan dei to hovudbeita nett er gjødsla og graset må få tid til å vekse opp att. Dei stod inne i går. Me veit at kyrne trives best ute, og spesielt når det er så fint ver og så tørt og fint på beita som det er no. Difor bestemte me oss i dag for å dele kyrne opp i tre puljer og fordele dei på tre ulike beiter. Det blir ein del ekstraarbeid, men kyrne kosar seg ute så det er jammen meg verdt det. :) På biletet over er andre pulje på veg ut. Me har prøvd, så godt det lar seg gjere, å dele dei etter mjølkemengde og kor dei er i laktasjonskurva.

 Me hadde dessverre ikkje med kamera då den første pulja på 11 dyr kom ut. Dei fekk kome på eit stykke ved Elveteigen (leigejord hos naboen) og storkoste seg etter ein dag inne. Dei hoppa og spratt og var eit syn å sjå på. Det er artig når dei kosar seg slik og ein ser så tydeleg at trivselsfaktoren er på topp. Desse to er to gjeldkyr, Gulo og 384, som går på eit anna beite hos naboen. Dei fulgte godt med då dei andre kyrne kom ut og skulle nok gjerne vore i lag med dei.

 Siste pulje på veg ut. Dei hadde seg ein stopp ved ein halv rundball som stod i rundballesplittaren. Den skal fôrast til dei som står inne, oksekalvane og til eit par kviger som nærmar seg kalving. Den midterste av dei tre brune i biletet, er 490 som kalva på fredag. Det er grunnen til at det heng litt slim bak ved halen hennar. Dyra står inne om nettene og blir då fôra med rundball inne.

 Den midterste pulja på 12 kyr fekk kome på Osphaugen, som og er eit beite hos naboen. Biletet over er av dei siste 15 som er på beitet her ved huset. Halvparten av det beitet er vårt eige og så har me opna opp delar av gjerde så dei kan gå inn på eit beite som me leiger hos naboen og.
Dei starta straks å beite og kosar seg no når dei får vere ute. Då me begynte å opne dørene så dei fekk kome ut er det ikkje alltid like lett å sortere dei ettersom dei alle elskar å vere ute og kjem trippande mot lyset med ein gong. Dei som går på beitet her med huset er dei kyrne som mjølkar mest.

 Dei beitar og kosar seg.

Scott passar på og kjem nok til å liggje her på plenen i dag.

Det er lovpålagt at kyrne skal vere ute på beitet i minimum 8 veker i løpet av sommarhalvåret. Sommarhalvåret strekk seg frå midten av april til midten av oktober og ein vel sjølv kor tid ein vil ha dei ute i løpet av denne perioden. Det er ikkje lovpålagt for dei som har lausdriftfjøs, slik som me, å ha dei ute før i 2014 (då vert loven endra og dei med lausdriftfjøs fell og inn under denne regelen), men me har mykje beiter. I tillegg ser me at trivselen til dyra aukar når dei får vere på beitet, så her er dei ute heile sommaren. I kortare periodar når det regnar mykje har me dei inne. Er dei ute når det regnar mykje står dei berre og sturar og vil ikkje ete noko særleg. I tillegg til at beita vert svært opptrakka av tunge dyr. I slike periodar trivst kyrne best inne, men når det er tørt og fint som no elskar dei å vere ute.

2 kommentarer:

  1. Kjekk blågg, og kjekt med kommentar på vår blågg også ;)
    Skal innrømme at eg har vore innom her både ein, to og tre gongar tidlegare..utan å legge att livsteikn.
    ...og for ikkje å snakke om sniktitting på Facebook..ja, no kjem alt for ein dag!
    Ser vi har ein del felles kjende der inne - og felles kjende er jo stort sett alltid stas!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det, Bodhild! :)
      Det er alltid kjekt med koselege kommentarar, og det var kjekt å finne din blogg så me kan følge med. Me er foreløpig i startgropa, så me prøver no å blogge litt så får me sjå kor det ber hen. :)

      Slett