For ei tid tilbake la Hordaland Bondelag ut ein link på Facebook til Østfold bondelag si side. Dei hadde produsert nokre geniale klistremerker som ein kunne kjøpe. Me sendte ei bestilling på fleire klistremerker som me kan ha på bl.a. pressa og tankvogn. Det står riktignok Østfold bondelag på dei (på det blå feltet), men bondelag er bondelag og bodskapen er det viktigaste her. Me fekk dei for ei tid tilbake, men har først fått det eine på no i kveld.
Her er det første komen på pressa.
I går og i dag har Jan Magne køyrd ut møk på store delar av heimejorda, me har litt att på delar av leigejorda hos naboen. Det har regna ein del i dag så på slutten vart det for bløtt til å kome seg utpå.
Me takkar for mange gode forslag til kalven og skal sjå gjennom dei i løpet av veka før me får bestemt oss. Kommentarar som har kome vil og bli svart på i løpet av veka. No ser det ut til at veret skal bli bra resten av veka så me håpar på slåttegraut før veka er over.
Hvorfor har dere plassert klistremerket så høyt oppe på pressa? Det er vanskelig å lese budskapet for en som sitter i en lav personbil.
SvarSlettEin ser det faktisk veldig godt. Eg sjekka før det vart tatt på. Viss me tok det på heilt nede med kanten så var kanten i vegen så det var vanskeleg å lese. Problemet midt på er at der er det ein del skrueendar og mutrar og dermed vanskeleg å få klistremerket på. Dermed var det best å ha det øvst og ein ser det bra der. :)
SlettTakk for at du er så observant, forresten. Det er kjekt med engasjerte lesarar av bloggen som kjem med kommentarar og spørsmål. Me skulle heilt klart ha skrive dette i innlegget, men det vart ikkje til at me tenkte på det då me skreiv det.
SlettFortset gjerne å kome med kommentarar det får oss til og måtte skjerpe oss litt meir når me skriv innlegg slik at me får tenkt meir igjennom kvifor og korleis.
Ha ein strålande søndag! :)