mandag 1. juli 2013

Ein effektiv og bra dag

 I går var ein svært effektiv dag, sjølv om det var søndag. Me byrja i 13 tida. Torunn raka og Jan Magne pressa. Søndag er ein dag me normalt ikkje gjer anna arbeid enn å gå i fjøsen morgon og kveld, men i dag (måndag) var det meldt regn og graset må i hus. Det er det eine unntaket me har frå regelen om å ikkje arbeide på søndagane. Dyra må ha mat så graset må me få inn. Me rakar i saman to eller tre skårar alt etter kor mykje gras det er.  Fordelen med å rake saman fleire skårar er at det vert mindre køyring med pressa på jorda, samstundes som ein kan rake vekk graset frå blautare parti, knausar, haugar osv slik at det ikkje vert fare for at pressa legg seg nedi eller pick-up`en vert øydelagt. Pick-up`en har tindar som den tar opp graset frå jorda med og mater det inn i pressa. Så langt har me hatt god avling og har fått i overkant av 2,5 rundballar/daa. Det er vanskeleg å bruke dette som samanlikningsgrunnlag då dess tørrare graset er dess meir fôr får ein i rundballen, men det vert mindre rundballar totalt. I tillegg avheng det og av korleis rundballen er pressa og kor mykje graset er kutta. Fordelen med å rake fleire skårar i lag er at ein kan køyre meir beint på skåren og likevel få ein jamn og kompakt rundball. Dersom ein ikkje rakar fleire skårar saman må ein veksle meir frå side til side for å få rundballen jamn. Klarar ein ikkje det får rundballen fort ei kjegleform.

 På det eine stykket Torunn raka på var det mange søte små vipeungar som sprang foran henne og ho måtte stoppe fleire gongar så dei fekk mogelegheita til å kome seg ut frå slåttemarka og i sikkerhet.


 Bilete før raking.

Bilete etter raking.

I går vart me heilt ferdige i Leirvågen og på Hope. No er det berre Fonnes og Kaland igjen, det er om lag ein dags arbeid for ein bonde. Jan Magne var ferdig med å presse rundt kl 2330 i går.
Det har regna mykje i dag så det er umogeleg å kome utpå slåttemarka. Jan Magne har starta å køyre møk på Storamye i Leirvågen i dag, dei andre jordene kjem han ikkje utpå enno. Det må ny møk på for å gjere klart til ein ny vekstsesong og håslåtten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar