onsdag 24. juli 2013

Finpuss

 Det har vore nok ein dag med fantastisk nydeleg ver i dag og me må nyte det så lenge me kan. Me har fortsatt att å køyre møk på Fonnes, men me ventar med det til det er nærmare ein dag med regn, sjølvsagt med forbehold om kor langt graset er vokse. Der me slår på Fonnes ligg teigane tett oppi ein del hus og det er ikkje så veldig ideelt å spreie møk der når det er så varmt som det er no. Samstundes som møka kan, når det er så varmt som no, svi graset. I tillegg til ein del nitrogentap i solsteik. Det mest ideelle veret for møkapreiing er duskregn, for då renn møka meir av bladverket og ned i jorda der den trengs. I dag har Hans starta å slå alt gras og ugras som veks rundt teigane. Dette er gras som me anten ikkje kjem til for å slå med slåmaskina og gras langs vegkantar, såkalla skrapeslått. Her brukar han ein beitepussar slik at graset vert slått og det ser med eitt mykje finare ut og meir velstelt. Me har mykje leigejord for å ha nok fôr til dyra og då er det, synes me, svært viktig å stelle heile jorda og ikkje berre det me kjem til og kan bruke til fôr. Difor slår me med beitepussaren. Graset ligg på marka etter at det er slått, fordi beitepussaren malar/kuttar graset opp til små delar. På denne myra har kommunen vore og øydelagt nokre grøfter pga forsøksgraving på historiske kulturminner. Området som må beitepussast er på om lag 2 daa. Kommunen vil ikkje ordne opp etter seg, så me må, på sikt, få ordna grøftene sjølv.
Hans var alt i gong med å slå då Jan Magne kom bort og kunne ta bilete. Torunn har vore på jobb i det fine veret i dag, så då er Jan Magne fotograf. :)

 Her nærmar han seg ferdig på denne slåttemarka.
Måsen kjem straks ein byrjar å slå og leitar etter frø dei kan ete.

Jan Magne har blant anna lagt singel, drensrøyr og deretter singel igjen i grøfta som han grov i går. Det kan du lese om her. Jorda skal få liggje å tørke til i morgon før han legg den over til slutt.

Nokre av dykk har gjerne lagt merke til at gårsdagens innlegg har blitt endra. Me fekk litt tilbakemeldingar då me endra kommentarfeltet, og tusen takk for det! Me har tatt det til etteretning og no kan anonyme kommentere igjen og så oppfordrar me dykk som har kontoar til å legge inn kommentarar via dei og har du ikkje konto så vær så snill å skriv under med namnet ditt så me veit kven me snakkar med. :) Me er svært glade for alle som kjem med tips, råd og konstruktive tilbakemeldingar. Me vert aldri utlærde,- heldigvis! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar