søndag 7. juli 2013

Opprydding

 Medan ein presser vert rundballane lagt ikkje langt bak der rundballen er ferdig pressa og pakka og dei ligg strødd rundt på jorda. Desse må vekk frå slåttemarka så fort som mogeleg. Dess lengre dei ligg på jorda dess meir hemmar dei veksten av graset under der dei ligg slik at når ein flyttar rundballen er det gule flekkar der. Samstundes er det jo litt dumt viss ein må køyre slalom mellom rundballane frå første slåtten når ein skal slå og presse på håslåtten. :)

 Me brukar ein rundballeløftar som me flytter rundballane frå jorda og til "land",- altså inntil kanten eller på eit anna område som ikkje er slåttemark. Det går og an å bruke ei rundballeklype. Den knip rundt rundballen på kvar side slik at rundballen vert pressa saman på midten. Ulempen med den er at ein kan knipe hol i plasten i tillegg til at ein pressar lufta utor den.
Desse bileta vart tekne i går og Jan Magne og Hans vart ferdige med å køyre alle rundballane til land, så no er det berre siste innspurten så er me heilt ferdige med første slåtten og kan gjere oss klare til håslåtten.

Jorda er tom for rundballar.

I går kalva 460, så i morgon skal de få sjå bilete av den nye verdsborgaren. I tillegg treng me forslag til namn på kalven så de får leggje hovuda i bløyt og skrive kommentarar under morgondagens innlegg om de har forslag. Det er ei kvige (jente). :)

Me ventar fortsatt på å få slå. Me har vurdert om me skal slå ned i kveld og presse i morgon, men veret ser litt utrygt ut i sør i tillegg til at det er meldt regn i morgonkveld og me er usikre på om me rekk å bli ferdige før regnet kjem. Det er meldt mykje regn på tysdag, men opphold frå onsdag til søndag i allefall så det spørs om me ikkje må vente til slutten av veka. I dag har vore ein nydeleg dag som me har nytt i lag med delar av næraste familien og vaflar og is. Det er no godt med nokre slike dagar innimellom og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar