mandag 15. juli 2013

Nytt beite


 I kveld har me flytta sju kviger frå beitet nedom huset og bort til beitet ved elveteigen (eine beitet me leiger på nabojorda). Det var begynt å bli veldig bløtt ein del plassar på beitet dei gjekk på, samstundes som det minka med mat så det var godt å få dei flytta. Då er det godt med god hjelp. Håvard gjekk i front og tok opp strengane som me har over innkjørslane til naboane. Ein flink "grindagut" med stor respekt for kvigene, og det er bra. Me brukar å sette opp strengane rett før me går forbi innkjørslane til naboane så me ikkje stengjer dei for lenge. I tillegg må me ha ein streng over kommunevegen, det er den siste me treng ha opp så den vert ikkje oppe så lenge. Bak Håvard gjekk Jan Magne med mjølbøtta, så kom kvigene trippane og til slutt gjekk Torunn og passa på at dei ikkje snudde og sprang tilbake. Det tar alltid litt tid før dei vågar å krysse der strengen har vore på beitet. Dei er jo van med at det er straum i strengen og stolar ikkje heilt på at det ikkje er straum der når dei skal krysse. Desse kryssa likevel ganske kjapt. På biletet over står Håvard og rister litt med mjølbøtta. Risting med mjølbøtta i lag med "kalling" gjer at dei kjem av seg sjølv utan at ein treng jage noko særleg i det heile. Her er Jan Magne og på veg ned mot dei, men dei kom ganske greit av seg sjølv slik at han kunne kome opp att utan noko særleg jaging på dei. P.S: Torunn tok over mjølbøtta frå Håvard så snart dette biletet vart teke.

Kvigene er komen bort på Elveteigen og får litt mjøl før me går.
Me tok eit bilete av kvigene på veg bort på beitet og, men det vart litt utydeleg så me får ta eit nytt bilete av kvigene "under transport" ved neste høve. :) Medan kvigene går inne er Jan Magne svært nøye på å vere mykje med dei, kose og prate med dei. På den måten vert dei svært tamme og dermed enkle å ha med å gjere når dei er på beitet. Medan dei er på beitet er Jan Magne eller Hans med jamne mellomrom med mjøl til dei, pratar og koser med dei slik at dei har jamnleg kontakt med menneske og dermed vert rolege og enkle å flytte frå beite til beite.

 Kvigene har mykje mat her på beitet, så dei kan gå her ei stund.

 Vår gode hjelpar, Håvard.
I dag har Jan Magne og Håvard køyrd ut mykje møk i Leirvågen medan Torunn var på jobb. Jan Magne køyrer ut nokre fleire lass i Leirvågen no i kveld. Tidlegare i dag kunne han køyre utpå jorda med Doff´en, men det minkar på jorder ein kan køyre utpå så i kveld brukar Jan Magne kanona på møkavogna på dei stadene han har mogelegheit til det. Så får me sjå korleis veret artar seg og kor tid me får køyrd ut resten.
I går hadde Håvard og Jan Magne ein gutedag til byen og gjekk på kino i lag. Så Håvard får oppleve litt andre ting enn berre gardsdrift medan han er her og. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar