mandag 22. juli 2013

Det går likar no


I dag har Jan Magne køyrd kunstgjødning frå tidleg morgon til seine kveld medan Torunn var på jobb, og all gjødninga er komen ut. Vel, med eit lite unntak, kvigene som me flytta hin dagen (det kan du sjå her), gjekk om i dag. Ei av dei minste kvigene er i brunst i dag og rei på dei andre kvigene og har mest sannsynleg då fare gjennom straumgjerdet. Då dei kom gjennom såg dei to kviger som går på nabobeitet, så då koste dei seg godt i lag. :) Jan Magne fekk dei tilbake der dei høyrer heime og fekk ordna straumgjerdet. Me har fortsatt møkakøyring att på Fonnes, men graset, der Jan Magne allereie har køyrd møk, er kome så langt no at gjødninga må spreiast før det vert for langt. Vert det for langt vil ein berre køyre ned graset når ein spreier ut gjødninga og vil då knekke stengelen slik at graset vert liggande og ein hemmer veksten. Når graset er kortare er ikkje stengelen så kraftig og graset reiser seg fortare att. Plantane si tilgong på næringsstoff er avgjerande for kvaliteten på planteprodukta og resultatet som bonden sit att med. Tilføringa av ulike næringsstoff bestemmer bl.a. planteprodukta si smak, fasthet, farge, frodighet, næringsinnhald og lagringsevne. Som tidlegare nemnd tar me jordprøvar for å få sett saman ein gjødselplan utifrå behova på dei ulike teigane. Jorda sine eigenskapar inkl næringsinnhald, kva som veks der og dei klimatiske forholda er avgjerande for korleis gjødselplanen vert sjåandes ut. Ein gjødselplan tar og omsyn til kultur (kva som veks der) og tilgong på husdyr- og mineralgjødsel. Den er justert i forhold til forventa avling og jordanalysar. Det er nok mest ideelt å få ut møka før gjødninga, men det var mest praktisk å få ut all gjødninga no når Jan Magne først var i gong.

I dag har det vore herleg med flott ver! Hans har beitepussa på dei plassane me ikkje kjem ordentleg til med slåmaskina. Han gjorde krav på traktoren med air condition, så Jan Magne har hatt det litt hett i dag. :) Me er evig takknemlege for all den gode hjelpa me får frå Hans, så han kan få køyre så mykje traktor med air condition han berre vil i sommar. :) No håpar me berre at det fine veret varer ei stund.
Då me gjødsla før første slåtten fekk me litt for lite gjødning og me måtte låne ein storsekk frå ein kollega. I kveld er Jan Magne og leverer tilbake ein storsekk og hjelper kollegaen med flytting av kalvar medan han er der. Det er ei svært god side med det kollegiale mellom bøndene. Ein hjelper kvarandre og trår til når det trengs. Forrige helg på laurdagskvelden var Jan Magne og hjalp ein kamerat og kollega med å få alle rundballane til land slik at han vart ferdig og kunne "slappe litt av" når regnet sette inn på kvelden/natta. Andre gongar er det me som treng hjelp og då er det godt å ha gode kollegaer.

I går fulgte me Håvard til flyet og sendte han heim att til Kirkenes. Han kom seg vel heim og gler seg allereie til neste besøk. De hugsar kanskje kalven, 781, som me fekk for to veker sidan? Du kan lese om ho her. Me fekk mange gode forslag på Facebook, men sidan Håvard var her og hadde eit sterkt ønskje om at ho skulle heite Lilja, så vart det namnet hennar. Dei andre namna tar me godt vare på, og kanskje dei neste kalvane som kjem dei neste vekene får det namnet du kom med forslag om. 

Du hugsar og kanskje innlegget om rakeriva vår som ramla frå kvarandre? Du kan lese om det her. Me må takke leverandøren for god service! Den vert fiksa så då er den nok i orden til håslåtten (andre slåtten).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar