lørdag 27. juli 2013

Hels på Hans

 I dag har me tatt inn ein del kviger og gjeldkyr som skal kalve den nærmaste tida. Hans var med mjøl til dei kvigene som går på eit beite hos naboen i gårkveld og oppdaga då at den eine kviga har kalva ute. På papiret skal ho kalve om tre veker, men då har ho nok tatt kalv første gongen ho vart inseminert og likevel vist teikn på brunst tre veker seinare og blitt inseminert då og. Dermed er det den siste insemineringa som ligg inne i kukontrollen (meir informasjon om kukontrollen kjem i eit seinare innlegg) og det er den drektighetslengda vert rekna ut i frå. Då me kom for å hente dei i dag stod kalven og saug råmjølk og var kvikk og rask. Dei tusla fint nedover lia i lag. Me tok alle kvigene heim til nyefjøsen og sorterte dei der. Dei to første bileta her er med mobil, og dermed litt uklare. 

 Her er Hans og gir mjøl til mora for og lettare få ho med heim. Det gir litt ekstraarbeid når dei kalvar ute, men med denne gjekk det kjempefint. 490 (mora) tusla fint heimover i lag med kalven sin og dei andre kvigene. Ulempen når dei kalvar ute er at dei ikkje får den same opptrappinga med mjøl som er ideell. Me brukar å starte med opptrapping av kraftfôr 3 veker før, og det var planen med 490 og. No har ho heldigvis fått jamnt og trutt med kraftfôr på beitet, så det hjelper ein del på.

 Her er me kome ned på vegen på beitet og på veg tilbake til fjøsen. Kviga er svært glad i kraftfôr og er ganske sterk, så det er ikkje alltid like lett for Hans å få porsjonert mjølet ut så det held eit stykke på vegen. Ikkje at det er naudsynt heller i grunn, for dei rusla alle kjempefint heimover. Det er kjekt når det går så lett som dette.

 Ho passar på at kalven kjem etter. 
Ei god mor.

 Det er artig å sjå på kalvane kor kjapt dei er på beina og kan springe og hoppe avgårde. Han trippa lett på tå etter mora og hadde nokre krumspring på vegen heim.

 Innimellom måtte han hjelpast litt på rett kjøl då han var på veg litt andre vegar enn han skulle. :)
Kalven er ein liten oksekalv og har fått namnet 782 Hans etter han som fann han på beitet. :)

 Innimellom var han litt sleten og Jan Magne måtte bære han eit stykke på veg. Då fekk kalven Hans samla litt energi og var klar for å springe etter mora igjen.

 Her trippar han etter mor si og dei andre kvigene. Far til Jan Magne, Hans, kom etter med traktoren, som me hadde med i tilfelle kalven måtte køyrast heim i skuffa, men han var så frisk og rask at han klarte fint å gå heim. Jan Magne og Torunn går bak dei alle og kvigene finn vegen heim av seg sjølv. Det er kjekt når dei er så enkle. Tre av desse tok me inn då to av dei nærmar seg kalving, og den eine sjølvsagt har kalva. Dei to andre fekk kome ut att på eit nytt beite.
Far til kalven Hans, er 10617, ein flott eliteokse.

 Det er ikkje alle kvigene som er vane med Scott og heller ikkje alle som likar han, så i dag måtte han ligge i traktoren. Han starta ut nede ved pedalane, men då me kom heim med pulje nr 2 med gjeldkyr sat han på traktorsetet og fulgte med på kva som skjedde. Traktoren stod i ro oppe med nyefjøsen med Scott inni. Han fekk vere med då me jagde to kviger og ei gjeldku tilbake på eit nytt beite.

 Her går dei to kvigene og gjeldkua og venter på at beitet vert klart så dei kan få kome tilbake. Dei går utanfor nyefjøsen. Gjerdet måtte sjåast over på det nye beitet før dei kunne få kome der.

 Gjeldkua, 610, fann fort ut at det ikkje var straum i gjerdet som var rundt dei og meinte at graset var grønare på den andre sida. Så ho tok turen over og fann litt grønt gras ved båten til Hans som ho kunne ete på.

 Her har dei tre fått kome på eit nytt beite oppe hos naboen.

 Dei to siste me henta heim av dei åtte me henta i dag, var to av dei som fekk nytt beite medan Håvard var her. Det kan du lese om her. Her sorterte Jan Magne og Torunn ut dei to som skulle heim og resten går att der borte.

 Her går Jan Magne i front med mjølbøtta og kvigene kjem fint etter. Torunn går bakerst og passar på at dei ikkje snur og finn ut dei skal gå ein annan veg.

Dei var litt skeptiske til å gå inn døra i nyefjøsen, då dei ikkje har vore i denne fjøsen sidan dei var små kalvar. Me slapp då ut nokre kyr og då kyrne gjekk inn att gjekk og kvigene lett inn i nyefjøsen. Kyrne står inne ei lita veke fordi me har gjødsla opp att beitene i går. Det vart seint gjødsla då det har regna mykje og det tok tid før det gjekk an å kome seg ut på beitene med gjødning. Så no må berre graset vekse opp att litt så skal dei få kome ut att.
Det spanande å mjølke 490 i kveld, og ekstra spanande når ho skal over kanten og inn i mjølkestallen. Det brukar å gå litt trått dei første stella, men så løsnar det og dei kjem først inn i mjølkestallen ved kvart eit stell.

4 kommentarer:

  1. Gratulerer med kalv. Bra at kua tok seg fint av kalven sin.

    Det forundrer meg at dere tar så lett på at kua kalvet ute uten at dere var klar over at hun skulle kalve nå. Ser dere så sjelden etter dyrene som går på beite?
    Det er synd at kviga ikke har fått den oppforingen hun skulle hatt. Da varer energiundreskuddet hennes lengre enn nødvendig. Det blir vanskeligere å få henne drektig igjen. Det er viktig å huske på.
    Jeg tror noen bønder er mer opptatt av å kjøre traktor enn å følge opp dyrene sine.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det! Ja, det er alltid kjekt med nye kalvar.
      Dyra på beita blir sett til minst annakvar dag, der dei får både tilsyn og mjøl.
      Kviga hadde ikkje laga seg så godt til enno, og sidan den i utgangspunktet skulle kalve om tre veker så har me latt ho få gå ute i det fine veret. Ho skulle takast inn i dag for å trappe opp kraftfôrmengda fram mot kalving. Det er sjeldan me har kalvingar ute. Og beklager at vi ikkje skreiv svært inngåande om kalving ute og ulemper i forhold til det, men me tar så absolutt ikkje lett på det.
      Me brukar mykje tid på dyra, og det ser ein godt når ein møter dei både i fjøsen og på beitet og ved flytting av dyra. Det er enkelt fordi dei får mykje tilsyn og mykje tid i lag med menneske. Resultatet av dette såg me t.d. i dag då me begge gjekk bak kvigene og kalven heim og dei gjekk roleg heimover og inn i fjøsen. Jan Magne sin prioritet er heilt og holdent dyra, og det er ofte han kjem seint inn frå fjøsen fordi det er viktig å ha mykje kontakt med dei. Traktoren er eit viktig hjelpemiddel, men dyra er det viktigaste og er livsgrunnlaget.

      Slett
  2. Jeg har kanskje feil, men som leser opplever jeg at dere skriver mye om traktorkjøring og lite om dyrestellet. Kanskje fordi dere leier folk til den delen av gårdsdriften?

    Å gjøre dyrene trygge og tillitsfulle er en av de viktigste jobbene bønder kan gjøre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Me starta å blogge for tre månadar sidan, i slutten av april. Det er den travlaste tida på garden og er den tida på året der traktoren vert mest brukt. Dermed har det nok blitt ein del fleire traktorbilete enn bilete av dyra. Det er noko me har snakka om sjølve og at det har blitt mykje om det og at me må få fleire bilete av dyra. Takk for tilbakemeldinga, me skal så heilt klart endre på det!

      I fjor var første året me hadde sesongarbeidar. Me har valgt å ha det då me brukar 6-7 timar kvar dag berre på fjøsstellet. I sommarsesongen vert det svært travelt om ein skal få unna slåtten samstundes. I tillegg har me 250 daa med slåttemark som skal slåast, fordelt på 17 ulike teigar som alle varierer i storleik frå 6 – 30 daa. Han har vore her ein månad no, og er for øyeblikket heime på ferie. Sjølv om det no er avløysaren som har tatt fjøsstella den siste månaden så er me likevel innom fjøsen i tillegg til beita og bruker mykje tid med dyra.

      Hovudprioriteten her er å ha dyr som er trygge og tillitsfulle det aukar bl.a. trivselen deira og det er difor me brukar mykje tid i fjøsen og mykje tid på beita i lag med dei. Det såg me bl.a. og godt då det var Open Gard her for to år sidan. Då var det mellom 400 og 500 menneske innom tunet/fjøsen og dyra låg rolege på liggjebåsane eller stod i ro og åt.
      Det er samstundes og det som gjer at me ikkje treng vere meir enn 1-2 stk for å hente kvigene på beita.

      Slett