tirsdag 7. mai 2013

Jordbruksoppgjeret

Biletet er tatt 22.mai 2012

I dag har ein kollega i kommunen skrive eit svært bra innlegg i Bergens Tidende
og me lar han få ordet her i bloggen vår og. Følg linken under.
Les, og tenk nøye over kva du les.

mandag 6. mai 2013

Naudslakt

Me lengtar etter sommaren

I dag måtte me dessverre ringe etter naudslaktbilen til ei kvige, nr 710.
I går sette ho seg fast i båsinnreiinga med hovudet og Jan Magne og faren måtte skru innreiinga frå kvarandre for å få ho laus. Ho har ikkje klart å reise seg opp på bakbeina sidan det, men har ete og drukke normalt og elles vore i god form. Ho fekk eit døger på seg i ro i håp om at ho skulle klare å reise seg opp med bakparten. Det gjorde ho ikkje så i dag ringte Jan Magne etter naudslaktaren. Naudslakt vert brukt på dyr som kan brukast til konsum, men som ikkje kan fraktast på bil til slateriet. Dei vert difor avliva på tunet og frakta til slakteriet etterpå.
Dette er dessverre ein av livets realitetar. Ny kalv ein dag og så skjer slike ting som dette ein annan dag.

I dag høljer det ned med regn og me lengtar mot sommar og sol, det gjer nok kyrne og.

søndag 5. mai 2013

779 Julie er fødd

I dag tidleg, då Jan Magne kom i fjøsen, hadde 401 kalva og låg og sleika på kalven sin. Dette for å tørke og stimulere den.
Kalven har fått namnet Julie, eit av forslaga som kom inn då me spurde etter namn til Freia og Guddlo.
Tusen takk for alle kommentarar i tidlegare innlegg! Veldig kjekt om de som legg inn som anonyme skriv eit namn til slutt, så me har ei lita formeining om kven som har skrive. ;)

 Freia er fotogen og poserer gjerne for fotografen.

 I starten tar det ofte litt tid før nye kalvar skjønar at det er varmare og lunare inne i kalvehytta og dei må ha hjelp fleire gongar om dagen til å kome seg inn her og ikkje ligge ute på spalten.
Dei første dagane etter kalving har mora råmjølk. Råmjølksperioden er tida frå fødsel og fram til kalven er fem dagar gamal. I denne tida kan ikkje mjølka leverast til meieriet. Etter fem dagar har mjølka vanlegvis normal samansetnad og kan leverast til Tine. Råmjølka har eit høgt innhald av næringsstoff, bl.a. immunoglobulin som er viktige immunstoff som vert overførte frå ku til kalv.
Råmjølka gir den nyfødde kalven antistoff mot mikroorganismar som fins i det lokale miljøet,
og gjer at dei har større motstand mot ulike sjukdomar.
Mellom ku og kalv vert desse antistoffa kun overførte gjennom råmjølka og ikkje gjennom morkaka, som hos menneske. Opptaket av immunoglobulin hos kalven er høgast under dei første seks timane etter fødsel og vert gradvis redusert til det opphører 1-2 dagar etter fødsel. Difor er det særs viktig at kalven får i seg råmjølk så raskt som mogeleg etter fødsel.

Me sjekker kvaliteten på råmjølka til kvar ku som kalvar vha eit Colostrumeter. Dette måler tettheten i mjølka, som er eit uttrykk for innhaldet av immunstoff. Ved å gjere dette kan me fryse ned råmjølk frå kyr som har god råmjølkskvalitet og ha på lager dersom det kjem ei ku seinare som har dårlegare kvalitet eller er sjuk eller dør slik at den nyfødde kalven ikkje kan få råmjølk av god kvalitet.
"Kva er dette for noko?!"
767 har fått namnet Ask. Her i lag med Julie.

lørdag 4. mai 2013

Møane må ha mat

Til fôringa brukar me bl.a. ei Tanco I70 Bale Shear. 
Det er veldig greit å bruke ei slik når ein har 11-1200 rundballar ein skal fôre med i året.

 Fôringa i sjølve fjøsen går føre seg med ein MF135 og ei avlessarvogn.
Første halve delen av rundballen er her ramla ned i vogna.
 Her er resten av rundballen i vogna og plast og nett heng att.

 Slik vert fôret fordelt på fôrbrettet.
Kyrne et det dei får tak i i starten, og så kostar me resten bort til dei midt på dagen og på kvelden før me går og legg oss.

"Er du ikkje ferdig med bileta snart, me vil ha mat!"
Her står kyrne klar til mjølking og gler seg til å kome over til andre sida så dei får silofôr.
458 (med ring i nasen) er, som oftast, alltid først i køen.
Ringen i nasa er for at ho ikkje skal syge mjølk frå dei andre kyrne, men ho har funne seg sin eigen teknikk så ho hiv ringen opp på nasa og kjem til og klarer å syge likevel. Difor har me ei ku, 620, som alltid er tom for mjølk når ho skal mjølkast, men foreløpig har me henne slik at 458 ikkje startar å syge på nokon av dei med stor mjølkemengde. 458 mjølkar i overkant av 30kg mjølk for dagen og dersom nokon med båsfjøs har lyst på henne er det berre til å melde si interesse. :)

fredag 3. mai 2013

Det er vår?!?


"Kom, mai, du skjønne, milde,
gjør skogen atter grønn,
og la ved bekk og kilde
fiolen blomstre skjønn!
Hvor ville jeg dog gjerne
at jeg igjen deg så!
Akk, kjære mai, hvor gjerne
gad jeg i marken gå!"
-Tekst: D.Jæger
Melodi: W.A.Mozart

Kalendaren viser 3.mai, men slik såg det ut i dag tidleg.
Det er snø og påskeliljene trivast ikkje i snøen.

 Her skulle det vore ein traktor med tankvogn og det skulle vore møkakøyring,
i stadenfor er det snø og traktoren må brukast til brøyting.
Det ser skummelt ut for våren, men heldigvis brukar Jan Magne å bestille inn ein del rundballar på hausten av frykt for at det skal bli for lite fôr utover våren. I år kan me prise oss lukkelege for det.
Normalt sett skulle snart kyrne vore slept på beite og møkakøyring og gjødselspreiing skulle vore ferdig. Denne våren har vore tøff for bøndene.

 "Eg er sur!!"
Denne dama, 460, har kalvingsdato 9.juli og bør sinast av innan 10.mai.
Ein sinperiode er den tida ei ku ikkje mjølkar, altså ein "kvileperiode" mellom to kalvingar. 
Alle kyr bør ha ein sinperiode på om lag 8 veker før neste kalving. Kraftfôret er svært viktig for å halde mjølkemengda oppe og når ei kyr nærmar seg at ho bør sinast av kuttar ein ut kraftfôret.
Det har skjedd med 460, og ho er sur, for ho får ikkje kraftfôr meir.

 Så snart mjølkemengden hennar har gått ned såpass mykje at ein kan slutte å mjølke ho gradvis, hoppar ein først over ei mjølking, deretter to og gjerne lenger og alt etter kor mykje mjølk det er i ho. Til slutt vert ho ikkje mjølka meir før neste kalving. I dag var det om lag 8 liter mjølk i ho, så det nærmar seg.
 Sjølv om beredskapstida er over, så er det snø og kommunevegane må brøytast.
Jan Magne har kopla på HMV koblinga og toppstaget og er klar til å hekte på skjæret.
Når ein skriv mai månad fristar det ikkje mykje å ta av frontlastaren og flytte på reidskapar for å koble på plogen, då tar ein heller det bakmonterte brøyteskjæret. 

Brøyting 3.mai 2013

torsdag 2. mai 2013

Eit nytt lass med fôr og strø er levert på tunet og kalvane har fått namn


I dag kom ein ny semi med spon, horsehage, torvstrø og høysilage på tunet.
Alt dette er for sal.

 Det er klart til lossing.

 Lossinga er i gong med gromtraktoren, NHT 6040.

Tusen takk for alle dei flotte forslaga me har fått på namn til desse to flotte kalvane!
Veldig kjekt med så god respons.
Me har saman kome fram til at kvigekalven, 776, skal få namnet Guddlo,
og oksekalven, 778, skal få namnet Freia.
Alle namneforslaga de har kome med lagrar me og kjem nok til å ta fleire av dei i bruk ved ein seinare anledning, men me kjem og til å spør etter fleire namneforslag når nye kalvar vert fødde.
Og kanskje nokre fleire av dei som allereie er fødde og bur i nyefjøsen må få namn etterkvart. :)

Det er rart korleis kvigene ofte er. Dei første dagane må ein ha grime på dei og med list og lempe prøve å lure dei inn med noko mjøl i tillegg til at nokon gjerne må stå bak og skubbe litt i dei for å få dei over kanten og inn i mjølkestallen. Etter eit par dagar slik kjem dei plutseleg brøytande fram og skal først inn i stallen. Slik var det med 481 og, mor til 778 Freia. I dag tidleg brøyta ho seg gjennom flokken og nesten gjennom porten inn i mjølkestallen og stod først klar til å bli mjølka. I starten kan dei av og til verke svært tunglærte og ein har lyst til å gje opp, men plutseleg løsnar det.

Det er herleg å sjå på personlegdomane til dyra. For nokre veker sidan, då Torunn mjølka og gjerne skulle hatt eit kamera tilgjengeleg, stod 458 med frambeina inn i mjølkestallen og hovudet klar gjennom porten og venta på at det var hennar tur. 331 stod med hovudet og kvilte panna mot skuldra til 458 med augo såvidt att. Innimellom sklei ho av skuldra, augo glei forsiktig opp, ho løfta hovudet opp att og støtta seg på ny på skuldra til 458. 458 brydde seg ikkje om at 331 stod der og syntes det var heilt ok at veninna, som trong ein pust i bakken, kvilte seg på henne. Utruleg herleg og kjekt å sjå på.

onsdag 1. mai 2013

Eit nytt familiemedlem og namneforslag


I dag tidleg kom denne flotte verdsborgaren til verda.
Ein flott oksekalv som har fått nummer 778.
Jan Magne var oppe klokka 01 og 04 i natt, men mora, 481,
låg og jorta og slappa godt av kvar gong og såg ikkje ut til at ho
heilt hadde tenkt å dele kalven med oss enno.


Kalven var på plass i dag tidleg då han kom i fjøsen 
og er blitt ein racer til å drikke av flaska.
Her har han flytta inn i det flotte huset og trives godt under varmelampane.


"Eg treng eit namn," seier kalven. :)
Mest sannsynleg vert denne kalven solgt om nokre dagar til ein kollega
som driv med ammekyr og kvalitetskalv.
Dette er noko me og har søkt til Nortura om (kvalitetskalv), men foreløpig ikkje har fått.
Kom gjerne med namneforslag til denne flotte oksekalven!


Her er 776 og 778 gode vener, men 776, kvigekalv, treng og eit namn.
Så kom med forslag! :)


Dette er 481, mora til 778, ho er blanding av NRF og Brown Swiss.
Brown Swiss er den kurasen som produserer nest mest i mjølkemengde,
difor var det litt kjedeleg at ho kom med ein oksekalv og ikkje kvigekalv,
sjølv om kalven berre er 25% Brown Swiss.
Ho vart prøvd inseminert opp til fleire gongar, men var ein særdeles vanskeleg tenåring
og endte opp med ein gardsokse.
Me var veldig spente på korleis det vart å mjølke henne,
og etter mykje list og lempe for å få ho inn i mjølkestallen stod ho som eit lam.


"Kan eg få litt fred når eg et eller?!"

mandag 29. april 2013

"No ska me kosa litt..."

"Før va elskovslivet bra,
da va bra
me gjorde slek dei gjer i stygge blad.
Når oksen kom med pes og stønn
eg folda klauvena og bad ei bønn.
No ser eg oksen aldri att,
ein insiminatør har øvetatt.
Han kjem med verktøyskrinet sitt
og seie: "No ska me kosa litt..."."
Nysgjerrige kyr

I storfeavlen vert oksar som har svært god avstamming og som samstundes oppfyller ulike kriterie aktuelle for avkomsgransking. Avkomsgranskinga vert utført av Geno, og vil seie at kvar okse som testast får eit avgrensa tal med avkom og dei ulike prestasjonane til desse vert registrerte i eit sentralt dataregister (Kukontrollen). Ved hjelp av statistiske metodar reknar ein ut dei arvelege eigenskapane som oksane vidarefører til sine avkom. Oksane som vert brukte i avkomsgransking blir kjøpt inn til Geno frå norske mjølkeprodusentar. Desse vert kalla ungoksar.
10-12 av dei beste avkomsgranska oksane kvart år vert vald ut som fedre til neste generasjon og vert kalla eliteoksar. Kvar eliteokse får mange tusen avkom kvar og er sjølv søner av dei beste kyrne og dei beste oksane i NRF (Norsk Raudt Fe) - populasjonen.
For å kunne drive eit ordentleg avlsarbeid må bøndene som er medlem i kukontrollen bruke ungoksesæd på 40% av kyrne og eliteoksesæd på 60%. Eliteoksane skal brukast på dei beste kyrne i besetninga.
Gjennom avlsarbeidet med NRF skal dei norske mjølkeprodusentane få ei ku som er frisk og fruktbar, har god produksjon av mjølk og kjøt, god livskraft, eit funksjonelt jur, god kropp, sterke bein og godt lynne.
Om du ønskjer å lese meir om dette, ligg det mykje informasjon hos Geno.
472 og inseminøren

Ei ku har ein brunstsyklus på 21 dagar i snitt og i går kveld viste 621 og 472 tydelege teikn på at dei var i brunst. Fordelen her på garden er at inseminøren bur på garden og er kona i huset, dermed kan kyrne bli inseminerte når husbonden ønskjer det.
621 og 472 vart inseminerte kl 2130 på kvelden. :)
Drektighetstida til ei ku er på om lag 281 dagar, så då krysser me fingrar for at desse to har tatt kalv og at det kjem to flotte kalvar om litt over ni månadar.
Me har ein plan om å gje alle framtidige kalvane namn så me kjem nok til å spørje etter namneforslag her på bloggen etterkvart som kalvane vert fødde.
Følg med, følg med. :)
Legg gjerne att ein kommentar og. ;)

søndag 28. april 2013

Ny fjøs og ny blogg


Sidan det er så populært med "bondeblogger" om dagen, har me omsider
hive oss på denne trenden, og lagar no ein blogg om livet på Keilegavlen Gard.
Garden ligg aude og fredfullt til i Lindås kommune, eit godt steinkast frå Mongstad Oljeraffineri.
Til trass for dette har me innlagt straum og vatn. :)
Sjøen er næraste nabo i tillegg til ein del hyttefolk.
Sjefen sjølv, Jan Magne, overtok familiegarden i 2003.
I 2004 ankom ein avløysar, Torunn, som seinare skulle vise seg å bli kone på garden.
Saman driv me i dag Keilegavlen Gard.
Jan Magne driv i tillegg til garden med brøyting
og fôr- og strøsal.


23.juli 2011 vart kyrne flytta inn i ein ny heim (øvste biletet).
Det er mjølkestall og ikkje robot,
2x3 tandem, Westfalia.
Det tok ca 3 år å bygge fjøsen og mykje av arbeidet 
vart gjort av bonden sjølv.



Garden består av ein kvote på 297 tonn og 41 årskyr.
Ei årsku definerast som "Ei ku med 365 fôrdagar etter første kalving".
I tillegg til dette er det rundt 60-70 ungdyr utanom som bur i gamlefjøsen.
Her er det kalving året rundt.
Kalvane har fått ein flott heim i nyefjøsen med kalvehytte og varmelampar.
Dei bur i nyefjøsen til dei er ca 5-6 månadar gamle.



Dei siste pengane på byggelånet vart brukt opp på litt kunst fjøsen. :)
Christine Sudmann, frå Meland, vart leigd inn til å måle.
Biletet til venstre tok ho utgangspunkt i eit gamalt bilete frå garden
og improviserte på resten av veggen for å få ein heilskap.
Biletet til høgre er og måla etter eit bilete frå gamle tider på garden.


Her er bestemora til Jan Magne, Martha, framfor kårhuset med ei kvige.
Dette biletet er det og Christine Sudmann som har måla etter eit gamalt bilete.


 Dette er bestefaren til Torunn, Nils, som ungdom i Husdalen med hesten sin.
Christine Sudmann har og måla dette biletet.