lørdag 18. mai 2013

Gardshistorie

Gardfloren og linselusa, Scott. :)
Keilegavlen ligg nord i Lindås kommune og sør på Keileøya.
Garden er omgjeven av sjø med Risaosen i sør og aust, Mjåsundet i aust og Keilegavlsvika i vest.
Keilegavlen fekk vegsamband mot nord i 1960 og elektrisk straum i 1954.
Namnet Keilegavlen er sat saman av to ord. Ordet "keilo" tyder smalt sund, liten renne eller kanal, og har namnet etter det tronge Keilesundet. Endinga "gavl" tyder framspringande bergvegg og er truleg etter det berglendte neset søraust på garden.
Det er hevda at det har budd folk på Keilegavlen 4500 år tilbake i tid, men garden er første gong nemnd i 1329. Garden låg aud etter Svartedauden og vart ikkje nemnd att før i 1620, då skriven Kilegaffel. Den første namngjevne brukaren var Hans Kilegafuelen i 1665 (utifrå Bygdeboka for Lindås er dette Jan Magne sin tipp tipp tipp tipp tipp tipp tipp oldefar :) ). I manntalet i 1666 var garden nemnd som ryddingsplass, det tyder at den hadde lege aud så lenge at den måtte ryddast på nytt og nye hus måtte setjast opp. På 1700-talet vart det skrive Keilegavlen i kyrkjebøkene. 
På biletet over ser du ein uteflor (gardflor) som første gong vart bygd i 1845. Den vart flytta og bygd opp att i 1928. Gardfloren ligg om lag 250 meter aust for våningshuset, og ligg ved inngongen til hovudbeitet. 
 Gardfloren vart nytta på sommaren. Kyrne vart då mjølka her medan dei gjekk på beitet.
På biletet over ser du eit bumerke, det er rissa inn i den nordre veggen på gardfloren.
Eit bumerke vart i eldre tider nytta som eit kjenneteikn på ein person, kjernefamilie eller eigar av ein eigedom. Det vart nytta til å merka dyr, gjenstandar og bygningar med. 
På garden er det og fire naust. Eit er bygd i 1861 og vart restaurert i 2012.
Eit vart bygd i 1854 og restaurert i 2012.
Biletet over viser eit garnnaust som vart bygd i 1868 og restaurert i 2001.
På ein fråskilt hyttetomt var det ein grunnmur etter eit naust som tilhøyrde hovudbruket. Denne var frå 17-1800-talet og vart restaurert på slutten av 1960- talet.

Garnnaustet sett frå Vikinggrava.
 Bruket har to potetkjellarar der den største ligg om lag 30 meter nordvest for våningshuset (biletet over). Denne var bygd i 1894.
Den andre ligg i "Ålen" om lag 60-70 meter vest for våningshuset (biletet over)
Det er usikkert kva årstal denne var bygd i.

Biletet over viser potetkjellaren i "Ålen". Begge potetkjellarane er heilt inntakte og flott oppbygde.
 På hovudbruket er det og ein del steingardar, til saman på om lag 700 meter.
Den eine er svært fint bygd og er om lag 50 meter lang og 2,15 meter høg. (biletet over og under).
Denne var bygd på starten av 1900-talet.
Keilegavlen var ein liten gard i Lindås kommune, målt etter skatteskuld og folketal. Den gamle landskulda og skatteskulda var begge på 18 merker smør.
Det er fleire fornfunn på garden. Det er bl.a. funne ei steinøks og  eit stykke av ei klebersteinsgryte. Gryta vart nytta til å støype sølvbarrar i. Desse er på museum i Bergen.

Det er og ein gravhaug på bruket som er ein freda gravplass som mest sannsynleg stammar tilbake til Vikingtida rundt år 1000 f.Kr. Gravplassen ligg om lag 70-80 meter nord for naustvika. Gravhaugane vart bygd med ein "krans" av steinar rundt så var sjølve gravplassen i midten. Gravhaugen "peikar" mot sør. Bilete kjem seinare.
 Denne skal Jan Magne, i følge han sjølv, nytta ved sin bortgang. :)

Kjelder: Bygdebok for Lindås, band 4, og Hans Keilegavlen (far til Jan Magne).

I dag er det over 25 grader i skuggen, Jan Magne køyrer møk og Torunn mjølkar kyr.
Det er fortsatt for blaut til å køyre utpå marka med traktor og tankvogn, så kanona blir godt brukt.
Me håpar alle hadde ei fin feiring av 17.mai i går. Me var heime og hadde besøk av eit vennepar. Rømmegraut og hot dog (pølser i brød) som seg hør og bør på 17.mai. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar