mandag 13. mai 2013

Prøvetaking

 Eit av dei to bretta med enkeltprøvar som vart sendt til Tine i dagtidleg.
I går var det tid for prøvetaking igjen. Det vert tatt prøve av kvar enkelt ku og dette blir sendt inn til Tine sitt laboratorium. Prøvane vert sendt med mjølkebilen. På desse prøvane vert det målt feitt, protein, laktose, celletal, urea og frie feittsyrer (FFA). Alle desse verdiane skal på samlemjølka (mjølk frå alle kyrne på tanken) vere innanfor referanseverdiar som gjer at ein leverer elitemjølk. 
Tankbilsjåføren tar ut samleprøvar frå tanken om lag to gongar i månaden og om lag annakvar månad skal bonden sjølv ta ut enkeltprøvar frå kyrne, og oftare dersom det er problem i besetninga. På den måten får ein sett på verdiane i mjølka til kvar ku og kan sette inn tiltak dersom det er naudsynt.

 I tillegg vert mjølka frå kvar ku vegt ein gong i månaden. I eit lausdriftfjøs vert mjølka vegd kvar dag, og ein treng berre skrive ut ei liste frå pc´en, men det må likevel sjekkast at lista er korrekt. Desse vegingane legg ein inn i kukontrollen, som er det sentrale systemet for datainnsamling på dyr i mjølkeproduksjon. Kukontrollen vert drifta og utvikla av TINE rådgjeving. Kukontrollen vert bl.a. nytta til rådgjeving rundt styring og drift av den enkelte garden, avlsarbeid, forskning og storferegisteret. Det er litt meir stress å ta prøvar i ein lausdriftfjøs enn i ein båsfjøs. I ein båsfjøs står kyrne i ro og du får tatt prøven før du går vidare til neste ku. I ein lausdrift må ein lage seg eit godt system, for enkelte kyr forsvinn ut av "båsen" så snart dei er ferdigmjølka og porten er opna. Og før du har fått sukk for deg er ei ny ku komen inn og det står eit nytt kunummer på displayet. Har ein ikkje då eit system anar ein ikkje kven mjølka i behaldaren er frå. Prøvetakinga kan med andre ord få opp blodtrykket litt. :)

 Den verdien som oftast varierer mest i mjølka til ei ku er celletalet. Celletalet vert påverka av infeksjonsnivået, nyinfeksjonsnivået, talet på mastittar (jurbetennelsar), lengda på mastittane, mjølkeutstyr, mjølketeknikk, mjølkehygiene, fôring og miljøfaktorar. For å få levere elitemjølk må samlemjølka på tanken ha ein celletalsverdi på under 225.000 celler/ml. Det gjer at det er viktig med enkeltprøvar for å sjå om det er nokre kyr som ligg høgt i celletal. Dersom det er det kan desse lage trøbbel på samlemjølka, og det kan lønne seg å utsjalte desse, sintidsbehandle dei dersom dei er nær sintida, bruke dei som ammekyr eller evt fôre kalvane med mjølka.
Definisjon henta frå storfehelse.tine.no.
Celletall er antall celler per milliliter melk. Melk inneholder alltid et visst antall celler; hvite blodceller og avslitte jurceller. Kua mobiliserer hvite blodlegemer fra blod til melk ved en infeksjon eller ved en fysisk belastning for å forsvare seg (betennelsesreaksjon). Det er disse cellene som bidrar til økt celletall. Normalt celletall i melk hos norske kyr er 10.000-50.000 celler/ml.

Når ein tar prøvar ved eit mjølkestell kjem det litt og litt mjølk gjennom heile mjølkingsperioden ned i denne behaldaren (den er kun i bruk ved prøvetaking). Når kua er ferdig mjølka vrir ein på dette glaset så mjølka blandar seg, før ein syg opp overskotet og til slutt slepp ned det som er att i prøvetakingsglaset (sjå det øvste biletet), som tar 40ml mjølk. Dette vert sendt inn til TINE.

 Prøvetakaren

På laurdag vart Freia solgt og i dag vart ei ku med dårleg fruktbarheit og fem oksar solgt til slakt til Nortura Førde. Det tynnast i fjøsane no. Det har vore ein del feil vindretning i dag slik at det ikkje har vore mogeleg å køyre ut møk med kanon, dessverre. Hadde det regna mindre kunne ein ha køyrd utpå marka med Doff´en og brukt bladspreiar. De skal få sjå bilete av dette dersom det lar seg gjere no på våronna, viss ikkje krysser me i allefall fingrane for at me får tatt i bruk både Doff´en og bladspreiaren mellom slåttane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar