tirsdag 4. juni 2013

Celletalsproblem

 Som me tidlegare har skrive om her og her, så hadde me ei ku som på den månadlege prøvetakinga viste eit skyhøgt celletalsnivå. Me tok, som vist tidlegare (følg linkane over) speneprøvar av fem kyr og deriblandt, 436, som hadde svært høgt celletal. Prøveresultata kom i slutten av forrige veke og viste at i den høgre framspenen hos 436 er det påvist to bakteriar, Streptococcus dysgalatiae og Staphylococcus aureus. Begge desse bakteriane er to av dei vanlegaste mastittbakteriane i Noreg. S.aureus-infeksjonar tidleg i laktasjonen gir ofte systemiske reaksjonar, det vil seie at kua gjerne får feber, sluttar å ete og vert varm og hard i juret. I seinare laktasjonsstadier, som hos 436, får dei ofte eit forløp utan nemneverdig påverknad av allmentilstanden (subklinisk mastitt). Som hovudregel bør ein unngå ei antibiotika behandling i laktasjonen, men her må ein vurdere utifrå celletalsnivået og kor nært ein er opptil sintida.
Mastittar forårsaka av Str.dysgalactiae er ofte årsak til høge celletal som jo er tilfelle hos 436, og den er vesentleg lettare å behandle enn ein S.aureus infeksjon. Med denne er det og anbefalt sintidsbehandling, men 436 har eit så skyhøgt celletal at ho var me nødt for å behandle no.

 Over ser du bilete av spannet som me mjølkar med når dei vert/har vore antibiotikabehandla. Ved å bruke dette kjem ikkje mjølka frå denne kua på tanken. Spannet brukar me til kyr som vert behandla, i råmjølksperioden, kyr med høgt celletal og ved avsining.
Mjølka frå kyr som vert antibiotikabehandla vert destruert, dette av di denne mjølka ikkje kan brukast til kalvane. Brukar me den til kalvane kan det medføre antibiotikaresistens i besetninga. Og det er ikkje bra!

Her ser du den høgre framspenen og ein tube med antibiotika som vert sprøyta inn i spenen. 436 får dette ein gong for dagen i 5 dagar, og etter det må mjølka haldast tilbake frå tanken i 5 dagar til. Når 436 er "rein" (fri for antibiotika) kjem me til å sende inn nye prøvar til TINE, dette for å sjekke at celletalet er gått ned igjen.
I dag har dei første kvigene fått kome på beitet. Bilete frå det kjem i morgon. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar