Før alle kvigene og kyrne kan få sleppe ut på beita må straumgjerda settast opp og ein må gå over dei permanente gjerda for å sjekke at dei er i orden og vedlikehalde desse. Ein del av straumgjerda står allereie langs beita, men må sjåast over og ordnast. Når det er gjort må ein slå alt graset som er under strengane der det er straumgjerde. Dersom ein ikkje gjer dette, så vil graset som alt tar borti strengen, eller når graset etterkvart veks borti, gjere slik at delar av straumen vil gå i jorda og det vil bli enklare for dyra å "gå om" (dvs. gå over gjerdet og kome over på ei slåttemark, vegen eller på eit anna beite).
På biletet over ser du Jan Magne som startar opp kantklipparen og er klar til å slå gras.
I full gong!
Kvigene lærer seg fort med straumgjerdet det første året dei er på beitet, og etter det er dei, som regel, aldri borti strengen lenger. Dette lærer dei seg oftast når dei er i innhegninga før me slepp dei på sjølve beita. Dei held seg på beitet og veit kva strengen tyder, men når det minkar med gras på beitet og det nærmar seg beiteskifte lærer dei seg fort om det er mindre straum eller graset ligg nede ein plass og dei tar seg fort turen over på den andre sida "der graset alltid er grønare".
Det har regna litt i det siste så det sprutar noko gras oppi ansiktet.
Det beste er å slå når det ikkje er vått i graset, men no regna det i natt og har tørka litt opp utover dagen, samstundes som dette må gjerast før me kan sleppe fleire dyr ut på beitet.
Sjå kor fint det blir!
Foreløpig er det svært ujamn vekst av graset på denne slåttemarka.
Det er enno ei stund til me kan starte på første slåtten.
Veret har heller ikkje vore heilt med oss denne veka. Det hugsar gjerne innlegget om bryting der Jan Magne heldt på å lage til eit attlegg? Han var ferdig å bryte dette på onsdag og skulle starte å slodde på torsdag. Ein slodd brukar ein til å jamne overflata med, smuldre klumpar og for å bryte opp skorpa som evt har laga seg etter nedbør. Me skal vise bilete av dette når me får gjort dette, men foreløpig har han ikkje kome i gong med det enno sidan det har regna, då dette bør gjerast når det er tørt.
Ei av kvigene som kosar seg på beitet. :)
kor e høyrselsvern og vernebridle?
SvarSlettI kampens hete så vart det dessverre gløymd, men eg skal ta det til etterretning :) Alle har vel gjort ein feil :)
SlettEnig med forrige kommentator. Når du legger ut bilder av sånt arbeid, bør du ha på deg verneutstyr. Du er vel under ksl?
SvarSlettEg er heilt einig. Ja, eg er under KSL. Det er beklageleg at eg ikkje brukte høyrselsvern og vernebrille, men det blei gløymd i farten og skal ikkje gjentakast. Det har vel vorte gløymd av fleire som brukar grastrimmar :) Det hadde vore kjekt å vite kven de er så eg kunne ha takka for at de er så observante :)
SvarSlett