onsdag 5. juni 2013

Kvigeslepp

 Far og son er svært nøgde med kvigene.

 Endeleg begynner det å bli nok gras på beitene og i går fekk dei fem første kvigene kome ut. Desse var ute i fjor og så desse kunne me sleppe rett på beitet. Dei som ikkje har vore ute før får gå i ei innhegning oppe med gamlefjøsen slik at dei får sprunge og herja frå seg og blitt vane med straumgjerdet før dei får kome på beitet. Viss me slepp dei rett på beitet kan me risikere at dei spring rett gjennom straumgjerdet og me må ut på leit og hente dei. Det er litt meir liv med dei som ikkje har vore ute før. Me skal sjå om me ikkje får filma det. :)
Dei tre brunaste sprang rett ut av fjøsen og sprang om kapp med halen i veret ned på beitet.

 "Ka skjer? Er det nokon som tar bilete av meg?!"

 Desse har stått på bås og når dei kjem ut må dei måle kreftene mot kvarandre og finne sin rang før dei slår seg heilt til ro.

 Make love, not war! :)
Fire av kvigene slåss med kvarandre, men den kviga med horn er den rolegaste av dei alle. Ho stod ei stund å kikka på dei før ho begynte å ri på den eine. Kanskje i håp om at dei andre skulle slutte å slåss? :)

Slåssinga roar seg etterkvart og dei slår seg heilt til ro å et og kosar seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar