torsdag 11. juli 2013

Ein frustrert bonde

 Jan Magne har i dag køyrt ut meir møk og begynt å rake saman på Fonnes og Kaland. Undervegs på Fonnes begynte boltane å løsne på rakeriva så graset vart ikkje rakt saman på ordentleg måte. Jan Magne måtte bort til ein svoger for å få tak i boltar og skjever. Heldigvis fekk han alt på plass att slik at han kunne gjere seg ferdig på Fonnes. På veg heim løsna dei opp att, de kan sjå biletet over. Bileta er oversendt leverandør for klage, så håpar me at det vert ordna. Riva er jo berre 1 år gamal og burde så absolutt halde litt betre enn dette.

 Jan Magne skrur fast boltane på riva og er klar til å rake saman på Kaland så me får pressa i morgon.

I dag etter jobb har Torunn henta Håvard på Flesland. Han har flydd åleine for første gong frå Kirkenes, via Tromsø og til Bergen. Han skal vere her i over ei veke. Så det blir kjekt. Her kan de sjå eit innlegg om han tidlegare. No er Håvard med Jan Magne og rakar dei siste måla før pressinga i morgon.

onsdag 10. juli 2013

Ein smak av sommar

Utsikt frå huset.

I dag har Jan Magne fått gjort ein del vedlikehaldsarbeid medan Torunn har vore på jobb. Det er sol og flott ver i dag, dog noko vind. No er Jan Magne og slår ned dei siste 70 daa med gras, fordelt på fire teigar, på Kaland og Fonnes. Planen er å la det ligge til fredag då det er meldt regn på laurdag. Dess lenger det får ligge dess betre tørrstoffinnhald vert det i fôret og dermed vert kvaliteten betre og det vert meir gras i kvar rundball. Sjølvsagt er fôrkvaliteten gått noko ned no ettersom graset har blitt seinare hausta enn ønskjeleg, men samstundes har det kalde veret vore litt på bonden si side og. Det at den voldsomme varmen ikkje har kome enno, har og ført til at graset ikkje er så hausta som det normalt sett kanskje ville vore når haustingsperioden er langvarig.
Det blir godt å bli ferdig!
All møkakøyring på jorda her heime, inkl leigejorda hos naboen, er no ferdig, i tillegg til ein del i Leirvåg. Så me nærmar oss ferdige med det og. Det blir godt.

Me har planlagt fleire vintrar å sage ned trea som du ser fremst på biletet over, forhåpentlegvis får me kanskje gjort det den komande vinteren. Fordelen med å få dei vekk er at me hindrar attgroing, me får rydda beitet og me får betre utsikt mot sjøen frå huset.
Me har enno ikkje fått tid til å diskutere kva kalven skal heite, så me får tenke litt til. Om du har eit forslag er det berre til å legge inn ein kommentar på innlegget som du finn her.

tirsdag 9. juli 2013

Bonde på veg

 For ei tid tilbake la Hordaland Bondelag ut ein link på Facebook til Østfold bondelag si side. Dei hadde produsert nokre geniale klistremerker som ein kunne kjøpe. Me sendte ei bestilling på fleire klistremerker som me kan ha på bl.a. pressa og tankvogn. Det står riktignok Østfold bondelag på dei (på det blå feltet), men bondelag er bondelag og bodskapen er det viktigaste her. Me fekk dei for ei tid tilbake, men har først fått det eine på no i kveld.

Her er det første komen på pressa.

I går og i dag har Jan Magne køyrd ut møk på store delar av heimejorda, me har litt att på delar av leigejorda hos naboen. Det har regna ein del i dag så på slutten vart det for bløtt til å kome seg utpå.

Me takkar for mange gode forslag til kalven og skal sjå gjennom dei i løpet av veka før me får bestemt oss. Kommentarar som har kome vil og bli svart på i løpet av veka. No ser det ut til at veret skal bli bra resten av veka så me håpar på slåttegraut før veka er over.

mandag 8. juli 2013

Ein ny kalv er fødd


Denne kalven kom til verda laurdag 6.juli.
460 er mora og ho kalva medan avløysaren mjølka resten av kyrne.
Ein stor og flott kvigekalv som treng eit namn, så kom gjerne med forslag!
Medan dei andre kyrne var ute på beite i dag gjekk ku og kalv inne i lag og koste seg.
Det var utruleg koseleg å sjå på ku og kalv som låg side om side på liggjebåsen og hadde, så godt som me kunne sjå, eit godt forhold. I enkelte tilfeller kan kua nekte å ha noko med kalven sin å gjere.
Kalven fekk i seg mykje råmjølk raskt etter fødsel og har fått den starten i livet den treng.
Råmjølka er ei viktig kjelde for nærings-, vekst- og antimikrobielle faktorar for den nyfødde kalven. Oppbygginga av morkaka hindrar overføring av immunoglobulin frå mordyr til kalv i fosterlivet. Difor er det viktig at kalven får råmjølk av god kvalitet (med høgt innhald av immunoglobulin) så raskt som mogeleg etter fødsel for å redusere risikoen for sjukdom og død etter fødsel. 460 vart mjølka ikkje lenge etter fødselen, så kalven fekk raskt i seg mykje råmjølk. No går den i lag med Rosa og Julie i den flotte bingen med ei god og lun kalvehytte.
Far til denne kalven er 10556 Motrøen.

Den nye kalven i lag med Rosa.

søndag 7. juli 2013

Opprydding

 Medan ein presser vert rundballane lagt ikkje langt bak der rundballen er ferdig pressa og pakka og dei ligg strødd rundt på jorda. Desse må vekk frå slåttemarka så fort som mogeleg. Dess lengre dei ligg på jorda dess meir hemmar dei veksten av graset under der dei ligg slik at når ein flyttar rundballen er det gule flekkar der. Samstundes er det jo litt dumt viss ein må køyre slalom mellom rundballane frå første slåtten når ein skal slå og presse på håslåtten. :)

 Me brukar ein rundballeløftar som me flytter rundballane frå jorda og til "land",- altså inntil kanten eller på eit anna område som ikkje er slåttemark. Det går og an å bruke ei rundballeklype. Den knip rundt rundballen på kvar side slik at rundballen vert pressa saman på midten. Ulempen med den er at ein kan knipe hol i plasten i tillegg til at ein pressar lufta utor den.
Desse bileta vart tekne i går og Jan Magne og Hans vart ferdige med å køyre alle rundballane til land, så no er det berre siste innspurten så er me heilt ferdige med første slåtten og kan gjere oss klare til håslåtten.

Jorda er tom for rundballar.

I går kalva 460, så i morgon skal de få sjå bilete av den nye verdsborgaren. I tillegg treng me forslag til namn på kalven så de får leggje hovuda i bløyt og skrive kommentarar under morgondagens innlegg om de har forslag. Det er ei kvige (jente). :)

Me ventar fortsatt på å få slå. Me har vurdert om me skal slå ned i kveld og presse i morgon, men veret ser litt utrygt ut i sør i tillegg til at det er meldt regn i morgonkveld og me er usikre på om me rekk å bli ferdige før regnet kjem. Det er meldt mykje regn på tysdag, men opphold frå onsdag til søndag i allefall så det spørs om me ikkje må vente til slutten av veka. I dag har vore ein nydeleg dag som me har nytt i lag med delar av næraste familien og vaflar og is. Det er no godt med nokre slike dagar innimellom og.

lørdag 6. juli 2013

Medan me venter....

 Vedlikehaldsarbeid er og ein viktig del av arbeidet og no når regnet ramlar ned frå himmelen kvar einaste dag går dagane til det. No har det regna såpass mykje at me treng to dagar med opphaldsver før me kan slå ned dei siste 40-50 daa som me har på Fonnes og Kaland. Det er frustrerande å gå slik og vente på å få gjort ferdig siste resten samstundes som fôrverdien på dette graset går ned dag for dag.
I dag er det foreløpig flott ver, sola skin og det er meldt liten kuling frå sørvest, men det er meldt regn til natta. Viss ikkje hadde nok Jan Magne slått ned i kveld og så hadde me raka og pressa i morgon. Me kjem heller ikkje utpå så me får køyrd ut meir møk på slåttemarkene, som allereie er slått, for å gjere klart til ny vekstsesong. Når det er gras på jorda så er graset med på å trekke mykje av vatnet opp i rot og stengel, samstundes som ein del regn hamnar på bladverket og med mykje vind tørkar dette fortare. No når graset er slått på mesteparten av slåttemarka tar det og lenger tid før desse tørkar opp fordi bladverket som krev mykje vatn for å vekse og leve er borte, samstundes som så og seie alt regnet hamnar i jorda og ikkje på sjølve graset.
På biletet over er det oljeskift på gardsbilen.

 Reperasjon av pumpa til åkersprøyta.

Reparasjon av ei gammal motorslåmaskin.
Til no har det blitt oljeskift på traktorane, bilen, reparasjon av ein rundballeløftar, reparasjon av sprøyteutstyr og vedlikehald av diverse andre reidskap.
I tillegg har ein god del av rundballane som ligg på jordene blitt køyrd til land. Det vil seie at dei blir samla på eit område, anten i utkanten av slåttemarka eller på ein heilt eigen plass som ikkje er i berøring med slåttemark, som t.d. ein grusplass el.l. Jan Magne er i Leirvågen no og køyrer saman ein del der.
Me lever i håpet om at me snart skal få slå og presse siste resten.

mandag 1. juli 2013

Ein effektiv og bra dag

 I går var ein svært effektiv dag, sjølv om det var søndag. Me byrja i 13 tida. Torunn raka og Jan Magne pressa. Søndag er ein dag me normalt ikkje gjer anna arbeid enn å gå i fjøsen morgon og kveld, men i dag (måndag) var det meldt regn og graset må i hus. Det er det eine unntaket me har frå regelen om å ikkje arbeide på søndagane. Dyra må ha mat så graset må me få inn. Me rakar i saman to eller tre skårar alt etter kor mykje gras det er.  Fordelen med å rake saman fleire skårar er at det vert mindre køyring med pressa på jorda, samstundes som ein kan rake vekk graset frå blautare parti, knausar, haugar osv slik at det ikkje vert fare for at pressa legg seg nedi eller pick-up`en vert øydelagt. Pick-up`en har tindar som den tar opp graset frå jorda med og mater det inn i pressa. Så langt har me hatt god avling og har fått i overkant av 2,5 rundballar/daa. Det er vanskeleg å bruke dette som samanlikningsgrunnlag då dess tørrare graset er dess meir fôr får ein i rundballen, men det vert mindre rundballar totalt. I tillegg avheng det og av korleis rundballen er pressa og kor mykje graset er kutta. Fordelen med å rake fleire skårar i lag er at ein kan køyre meir beint på skåren og likevel få ein jamn og kompakt rundball. Dersom ein ikkje rakar fleire skårar saman må ein veksle meir frå side til side for å få rundballen jamn. Klarar ein ikkje det får rundballen fort ei kjegleform.

 På det eine stykket Torunn raka på var det mange søte små vipeungar som sprang foran henne og ho måtte stoppe fleire gongar så dei fekk mogelegheita til å kome seg ut frå slåttemarka og i sikkerhet.


 Bilete før raking.

Bilete etter raking.

I går vart me heilt ferdige i Leirvågen og på Hope. No er det berre Fonnes og Kaland igjen, det er om lag ein dags arbeid for ein bonde. Jan Magne var ferdig med å presse rundt kl 2330 i går.
Det har regna mykje i dag så det er umogeleg å kome utpå slåttemarka. Jan Magne har starta å køyre møk på Storamye i Leirvågen i dag, dei andre jordene kjem han ikkje utpå enno. Det må ny møk på for å gjere klart til ein ny vekstsesong og håslåtten.

lørdag 29. juni 2013

Jag trivst bäst i öppna landskap


Medan me slo har avløysaren vår rydda frå redskapshuset og ned til garasjen, medan Benjamin, sonen til eit søskenbarn av Jan Magne, bar greiner. På biletet over ser du eit førbilete ved garasjen. Det var det einaste me fekk tatt før dei var i gong.


 No er alt på vår side rydda. Det er utruleg kor mykje kratt som veks opp med tida, men det vart mykje lysare og trivelegare no.

No er det berre berget att, og alle greinene ligg i haugar. Det blir endå finare når alle dei er rydda vekk og me får rydda litt ekstra rundt her.                                                      

Ope landskap :)

Her er avløysaren ferdig for dagen med saginga og skal ha seg ein liten pause før han startar i fjøsen. Han er utruleg kjapp og eit arbeidsjern!

 Alle greinene er samla i ein haug.

Då er det berre å få rydda vekk greinene eller leige ein fliskuttar og så ser det endå finare ut. I natt har det regna over 30mm, no skin sola så me håpar det tørkar godt opp så me kan starte å slå igjen. Det er meldt litt regn på måndag så dette vert nok ein av dei få søndagane me muligens kjem til å ta i bruk så me får redda graset i hus. Jan Magne har holdt på å presse til kl 01:00 fleire netter no, så det blir godt når alt er ferdig. Dersom du har lyst til å sjå ein film når Jan Magne presser og pakker, kan du sjå den her.

I går var det ei kvige som gjekk om som går på eit beite nedanfor huset. Ho hadde gøymd seg innimellom nokre graner ved det eine stykket me leiger. Ho tusla no heldigvis etter ei bøtte med kraftfôr heim og har kome på eit beite med nok andre kviger.

torsdag 27. juni 2013

Eit traktoregg blir til

Ja, då er omsider filmen klar.
Kvaliteten er ikkje så superbra, men det tok lang nok tid å laste den opp med denne kvaliteten så det blir som det blir denne gongen. ;) Dette er då ein film om pressing og pakking med biopresse og filmen startar mot slutten av pressinga, dette for at ikkje filmen skulle bli altfor lang. Du kan sjå filmen på youtube og. Jan Magne har pressa ferdig heimejorda i dag og har rakt der Torunn slo ned i går. Me brukar å rake to og to skårar saman, det medfører mindre køyring med traktor og presse. Dette får me forhåpentlegvis tatt bilete av ein dag fotografen er tilgjengeleg. :) No held han på å presse ferdig Storamyre i Leirvågen. I går var han heime kl 01.00, så eg håpar han får ein litt tidlegare kveld i kveld. I morgon er det meldt regn og det ser ut som om det regnar godt lenger sør i fylket.

På veg heim etter filminga i går kom kvigene som er på beitet rett ved springande til for å helse på, samstundes som dei er veldig obs på Scott. Scott er livredd kvigene og kvigene følger godt med på han og spring stort sett etter han om dei får mogelegheita. No var det heldigvis eit straumgjerde mellom dei. 

onsdag 26. juni 2013

Me skundar oss før regnet kjem

 I dag har Torunn slått ned gras på Storamyre i Leirvågen etter at ho kom heim frå jobb.
Me vågar ikkje slå ned meir enno då det er meldt regn på fredag. I skrivande stund er det og nokre mørke skyer i Åsane og Bergen som me håpar fer forbi oss.

 Medan eg slo har Jan Magne pressa heime. Det er foreløpig usikkert kor lenge han held på i kveld/natt. Alt avheng av skyene som lurar. Dersom det ser greit ut tar han gjerne ein del av heimejorda i morgon i lag med Storamyre, men me får sjå.
Eg likar forøvrig TN95D´en betre enn T4050´en, rett og slett fordi vår tidlegare selgar, Agnar, ordna det slik på den traktoren at setet vart flytta slik at i fremste posisjon passar det til mine korte bein og i bakerste posisjon passar det til Jan Magne, men, men det går no med denne og.

 Jan Magne er i full gong med å presse. Eg har filma då han pressa, men av ein eller annan merkeleg grunn får eg ikkje lasta den opp på youtube eller direkte på bloggen. På youtube lastar den opp til 11% og så får eg beskjed om at det ikkje går likevel. Gjer eit nytt forsøk i morgon og dersom det går då får me heller legge ut ein video då, så kan de som ikkje har sett pressing med ei biopresse få sjå det og.

 Alle tekniske detaljar angåande utstyret får bonden sjølv ta seg av nå han er tilgjengeleg for slikt. :)
På biletet over her er nettet komen på rundballen og det er klart til pakking. Me brukar 8 lag med plast på kvar rundballe. Kor mange ballar det foreløpig er på målet, veit eg ikkje, men all slik info kjem og når bonden er tilgjengeleg. :)

Rundballen vert pakka. Når den er ferdig pakka vert plasten kutta og ringen som er rundt vert løfta opp og rundballen vert vippa av pressa, kammeret vert lukka og det er klart til å presse ein ny rundball. Eg håpar me kan vise ein film av dette i morgon eller i løpet av helga.
Det er utruleg kjekt når slåtten er i gong, så sant alt utstyr held og veret held seg bra, og så er det samstundes godt når alt er over og møka er på nytt komen ut for ein ny vekstperiode og det er ein liten pause før håslåtten. Då veit ein at graset er i hus og ein har sikra ein del bra fôr til vinteren. Slåtten er uansett ein svært viktig del av sjølve sommaren! :)

tirsdag 25. juni 2013

Lukten av sommar

 Ja, no luktar det sommar,- det luktar nyslått gras!
Jan Magne starta å slå ned gras på ei slåttemark i går, og akkurat når han var ferdig vart skyene mørke og yr si vermelding stemte absolutt ikkje! Då var det ein bonde som ikkje var heilt blid. Det skein heldigvis opp att og me fekk slått ned litt meir i gårkveld. I dag var humøret betre og resten av heimejorda, inkl leigejorda hos naboen, vart slått ned i dag og er klart til raking og pressing i morgon.
Til saman er det 85 daa fordelt på 8 teigar. Bileta som er teke i dag er tatt på leigejorda hos naboen.

 Til å slå ned graset brukar me ei slepeslåmaskin, JF Stoll GMS 280. Den slår ei breidde på 280 cm og samlar det i skårar som du ser på bileta. I front er det sjølvsagt ein New Holland traktor, T4050. :)

Det er godt å vere i gong. No håpar me at veret held seg så me vert ferdige fort.

 Det går over haug og hamrar, og all jorda er ikkje flat, men me er no likevel blandt dei heldige her på Vestlandet og har lite bratte teigar.

 Eit pausebilete av bonden og Scott.
P.S: Scott er ikkje med i traktoren når Jan Magne slår, det er ikkje plass til han der, men han må jo få kome på besøk når traktoren står i ro.

Nedslått gras på ei av jordene.
Graset ligg her og vert fortørka slik at tørrstoffinnhaldet i graset vert høgare, då vert det betre fôr til dyra.

lørdag 22. juni 2013

Det nærmar seg...

 Det nærmar seg slåttestart.
I år har me kjøpt nytt syreutstyr til pressa (det som er montert i front på traktoren på biletet over). Me kjøpte eit tomt syrefat (tønne) av ein kollega og på denne skal me blande ut ensileringsmiddel som vert pumpa bak til pressa og blanda i graset. Då me brukte fôrhaustar og køyrde graset i siloen brukte me maursyre som ensileringsmiddel, men maursyre tærer mykje på utstyret og gjer levetida på dette kortare. Difor brukar me ikkje det i pressa, men me nyttar noko som heiter Sil-all 4x4. Det er eit naturleg biologisk bakteriekulturpreparat. Dette kjem i pulverform som vert oppbevart i frysen. Det vert blanda ut i vatn og skal vere i syrefatet som er montert på traktoren. Det må brukast opp innan 48 timar. Dette er det tredje året me brukar Sil-all, og så langt er me svært nøgde med det.

 Syrefat og syrestativet sett framifrå.
Sil-all 4x4 er samansett av eit høgt innhald av nyttige bakteriar kombinert med enzym som spaltar sukkeret. Det set i gong ein rask og effektiv fermenteringsprosess når det tilsettast graset. Dette er viktig for å oppnå god kvalitet på graset. Ved å hindre lufttilgong ved å pakke rundballane inn i plast (ensilering) og tilsette sil-all for å oppnå riktig pH (fermentering) oppnår ein god kvalitet på fôret som skal brukast utover hausten, vinteren og våren.

Knivane i pressa er slipte i dag. Skiveslåmaskina er alt klar, så no manglar berre tvillinghjula og så er me klare for første slåtten. Yr og Storm har meldt noko ulikt ver for natta som kjem og for morgondagen, så foreløpig vågar me ikkje å starte opp. Den første bya som skulle kome mellom kl 18 og 24 i dag, fòr forbi og tok turen i Masfjorden. Det er meldt noko regn framover, men me håpar å få starta opp i starten på veka.

325 Goffeline fekk jurbetennelse i forgårs. Goffeline kjøpte me frå ein kollega som heiter Godtfred, og dermed fekk ho namnet Goffeline. Ho hadde feber og betennelse på to spenar. Det vart teke ut speneprøvar og dei er frosne ned og vert sendt til Veterinærinstituttet på måndag. Det var ingen vits å sende dei på fredag for då vert dei berre liggande til over helga og kan bli øydelagde før dei vert sett på. Sidan Goffeline var allment påkjend vart ho behandla med ein gong med ei penicillinsprøyte i kroppen, tubar i spenane (innlegg og bilete av det kan du sjå her) og smertestillande/febernedsettande. Så ventar me på prøveresultata for å sjå kva bakteriar som er årsaka til hennar mastitt.

onsdag 19. juni 2013

Dyreliv og beitepuss


I dag vart nokre av kyrne flytta til eit beite som me leiger hos naboen.
Her kjem desse på veg heim til mjølking i kveld.

Kyrne på veg heim frå naboen.

"Hæ? Ka skjer? Må eg posere, eller?"
Kyrne på hovudbeitet på veg heim med Brown Swiss krysninga i tet.

 Ei god rekke med kyr på veg heim frå beitet.
Sjølvsagt ville dei ikkje gå perfekt på rekke når fotografen var med...
 Kyrne på veg heim frå ein annan vinkel.
"Hm...kva er det som skjer oppi bakken der?"

 Dei får god trim på veg heim og her er dei på veg opp siste bakken til fjøsen.

 Ein del kyr hadde eit stort behov for å gå innom denne grusdungen og gnure seg godt nedi dungen før dei gjekk inn i fjøsen. Det resulterte i fleire kyr som var grå i halve ansiktet i dag.

Sotus er med og remjer etter kos og selskap.

 Scott passar på kvigene som kom på beitet i dag.

Dette er beitet som kyrne, som vart flytta i dag, gjekk på fram til i går.
I dag har Jan Magne beitepussa det som var att av gras, ugras og andre ulumskheter, som bl.a. ei bøtte som hadde forvilla seg ned på beitet. :) 
No vart det så fint atte og me venter på at graset skal vekse opp att slik at kyrne på nytt kan gå her.