lørdag 22. juni 2013

Det nærmar seg...

 Det nærmar seg slåttestart.
I år har me kjøpt nytt syreutstyr til pressa (det som er montert i front på traktoren på biletet over). Me kjøpte eit tomt syrefat (tønne) av ein kollega og på denne skal me blande ut ensileringsmiddel som vert pumpa bak til pressa og blanda i graset. Då me brukte fôrhaustar og køyrde graset i siloen brukte me maursyre som ensileringsmiddel, men maursyre tærer mykje på utstyret og gjer levetida på dette kortare. Difor brukar me ikkje det i pressa, men me nyttar noko som heiter Sil-all 4x4. Det er eit naturleg biologisk bakteriekulturpreparat. Dette kjem i pulverform som vert oppbevart i frysen. Det vert blanda ut i vatn og skal vere i syrefatet som er montert på traktoren. Det må brukast opp innan 48 timar. Dette er det tredje året me brukar Sil-all, og så langt er me svært nøgde med det.

 Syrefat og syrestativet sett framifrå.
Sil-all 4x4 er samansett av eit høgt innhald av nyttige bakteriar kombinert med enzym som spaltar sukkeret. Det set i gong ein rask og effektiv fermenteringsprosess når det tilsettast graset. Dette er viktig for å oppnå god kvalitet på graset. Ved å hindre lufttilgong ved å pakke rundballane inn i plast (ensilering) og tilsette sil-all for å oppnå riktig pH (fermentering) oppnår ein god kvalitet på fôret som skal brukast utover hausten, vinteren og våren.

Knivane i pressa er slipte i dag. Skiveslåmaskina er alt klar, så no manglar berre tvillinghjula og så er me klare for første slåtten. Yr og Storm har meldt noko ulikt ver for natta som kjem og for morgondagen, så foreløpig vågar me ikkje å starte opp. Den første bya som skulle kome mellom kl 18 og 24 i dag, fòr forbi og tok turen i Masfjorden. Det er meldt noko regn framover, men me håpar å få starta opp i starten på veka.

325 Goffeline fekk jurbetennelse i forgårs. Goffeline kjøpte me frå ein kollega som heiter Godtfred, og dermed fekk ho namnet Goffeline. Ho hadde feber og betennelse på to spenar. Det vart teke ut speneprøvar og dei er frosne ned og vert sendt til Veterinærinstituttet på måndag. Det var ingen vits å sende dei på fredag for då vert dei berre liggande til over helga og kan bli øydelagde før dei vert sett på. Sidan Goffeline var allment påkjend vart ho behandla med ein gong med ei penicillinsprøyte i kroppen, tubar i spenane (innlegg og bilete av det kan du sjå her) og smertestillande/febernedsettande. Så ventar me på prøveresultata for å sjå kva bakteriar som er årsaka til hennar mastitt.

10 kommentarer:

  1. Sil-all er ikke alltid like bra, høyt tørrstoff er viktiig: https://medlem.tine.no/cms/fagprat/foring/ensilering/_attachment/298287?_ts=13e3ff670a6

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er riktig at tørrstoffet er viktig, men eg har tatt fôrprøvar av fôret og fått veldig bra resultat til trass for at me brukar sil-all og gjerne har hatt litt lågt ts-innhald i fôret på enkelte teigar. Landbruksrådgjevinga vart veldig positive over fôrkvaliteten i rundballane. Dei meinte at eg måtte ha brukt syra. Eg kjem aldri til å bruka syrebasert ensileringsmiddel i rundballepressa, då dette ikkje er bra å ha i pressa. Det er mi meining :)

      Slett
  2. E da bra å kjøra utpå bakkane med det der? Stor traktor, tong presse og eit svært fat frampå? Vert da ikkje tongt?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei. Traktoren veg 3200 kg og pressa veg ca 2900 kg. Fatet tar 200 liter, men eg kjem hovudsakleg til å fylle det halvvegs opp:). Eg køyrer med tvillinghjul på traktoren og har bestilt 60 cm framhjul, då har eg ei bæreflate på ca 90 cm. Pressa har 70 cm hjul. Eg rakar saman to skårar i lag når eg presser, då blir det mindre køyring med pressa:) Alt dette kjem me tilbake til når slåtten er godt i gong.

      Slett
  3. Då e du i 6000 kg + ball. Breie dekk e bra men kun visst du tenkjar marktrykk. du ve likevel få pakking jupare ner i bakken. (sjå under)

    Marktrykk: er belastninga frå hjulet fordelt på den kontaktflata dekket har med jorda. Mest avgjerande for pakkinga av det øvre laget, pløyelaget. Kan reduserast ved å bruka breie lågprofildekk eller tvillinghjul og lågt lufttrykk i dekka.

    Akseltrykk: Vekta som kviler på kvar aksel til køyretyet. Avgjer pakkinga i djupare jordlag, frå 30-40 cm og nedover. Minkar ikkje sjølv om me bruker breie dekk og mindre lufttrykk. Kun lettare utstyr som hjelper.

    Helsing Kåre Lie

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for innspel!
      Ja, det er eg einig i, Kåre, og det har vore ein svært høg prioritet hos meg heile vegen med å ha lettast mogeleg utstyr på jorda og samtidig flyte godt med breie dekk eller tvillinghjul. Difor brukar eg ein såpass lett traktor på jorda. Eg har sjølv vore i stuss lenge om eg i det heile tatt skulle kjøpe ei biopresse, men dessverre er dette noko som tvingar seg fram meir og meir. Ein må bli meir effektiv og det er vanskeleg å få tak i hjelp i slåtten og dermed må eg meir og meir kunne gjere det meste sjølv. Før holdt eg av og til på å sprang mellom presse og pakkar for å klare å kome i hamn. No er eg ikkje avhengig av å ha hjelp og dermed kan eg sjølv køyre når eg vil og kor lenge eg vil. Dette er det lettaste kombiutstyret eg kan bruke, og i kombinasjon med at eg brukar breie dekk/tvillinghjul er det den løysinga som passar meg best her.

      Slett
  4. hei hei.

    Kva slags dimensjon får du på framdekka? 600/45-24?

    Helsing Nils Andre

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei nye dekka er komen på traktoren og er 560/45-R22,5. Bilete kjem nok i kveld. :)

      Slett
  5. hei:)
    Kva slags størrelse har du bestilt på dekka?
    600/45-24 ??

    SvarSlett
    Svar
    1. 560/45-R22,5. Bileta kjem nok i kveld :)

      Slett