fredag 26. juli 2013

Brakking

 Onsdag kveld brakka Jan Magne eit lite jorde på 2 dekar. Han brukte like godt ATV´en med den vesle åkersprøyta på. Bommen på den er på tre meter, så det går no ikkje så seint. :) ATV´en er Hans sin, men me får no låne den innimellom.
Me brukar den hovedsakleg til å sprøyte på beitene med, og brukar 3 dl på dekaret med Glysofat. Glysofat er noko rimeligare en Roundup.

I vinter, då Jan Magne grøfta opp att delar av Storamyre i Leirvågen (det kan du lese om her og her), grøfta han denne samstundes. Ved å sprøyte denne jorda vert alt gras og ugras drept og me kan snu den om og så i på nytt. For og kunne kjøpe og nytte sprøytemidler må ein ha sprøytesertifikat, og det har Jan Magne.

I gardbrukaryrket, som i mange andre yrker er det mykje papirarbeid som skal gjennomførast, blandt anna dokumentasjon på alt ein gjer, som til dømes ved sprøyting. Då skal det førast ein sprøytejournal med bl.a. informasjon om dato, tidspunkt på dagen det er sprøyta, kor ein har sprøyta, kva ein har sprøyta mot, preparat som er brukt og mengde, vassmengde, veret då ein sprøyta, utviklingsstadium på det ein sprøyta mot, behandlingsfrist og kven som har utført sprøytinga. Alt dette er i samband med KSL (Kvalitetssystem i Landbruket). KSL er eit kvalitetssystem som er utvikla av landbruksnæringa sjølv. Dette av di forbrukaren skal kunne ha tillit til at maten som vert produsert i Noreg held høg kvalitet, og vert produsert på ein måte som tar omsyn til både dyr, menneske og til naturen. KSL dekkar alle typar matproduksjon i Noreg, og den stiller krav til korleis ein skal gjennomføre produksjonen og kva som skal dokumenterast. Kvalitetssystemet byggjer på dei krava lovar og forskrifter stiller til matproduksjon, dyrevelferd, miljøomsyn og arbeidsmiljø, men dei stiller og krav definert av landbruksnæringa. Du som forbrukar vil møte KSL gjennom Matmerk, t.d. Nyt Norge og Debio godkjende produkt.

Systemet har to typar revisjonar: Bonden si eiga, årlege gjennomgong (internrevisjon) der ein avdekker sterke og svake sider ved drifta og ekstern revisjon på ein viss prosent av alle gardsbruk kvart år. Me hadde eigenrevisjon i desember 2012, så det er ei stund til me treng neste, men i mellomtida er det mange papir som må fyllast ut undervegs så ein kan dokumentere t.d. kor tid ein har sprøyta. Det er viktig at eigenrevisjonen er på plass, det fører til at ein får diverse tillegg på mjølke- og slakteoppgjeret. Viss ein har KSL i orden og får tillegga, men av ein eller annan grunn plutseleg ikkje har alt på stell og dermed mister KSL-tillegget, vil det følast som eit trekk. Og i denne bransjen treng ein alle tillegg ein kan få så ein streber etter å ha alt på stell.

onsdag 24. juli 2013

Finpuss

 Det har vore nok ein dag med fantastisk nydeleg ver i dag og me må nyte det så lenge me kan. Me har fortsatt att å køyre møk på Fonnes, men me ventar med det til det er nærmare ein dag med regn, sjølvsagt med forbehold om kor langt graset er vokse. Der me slår på Fonnes ligg teigane tett oppi ein del hus og det er ikkje så veldig ideelt å spreie møk der når det er så varmt som det er no. Samstundes som møka kan, når det er så varmt som no, svi graset. I tillegg til ein del nitrogentap i solsteik. Det mest ideelle veret for møkapreiing er duskregn, for då renn møka meir av bladverket og ned i jorda der den trengs. I dag har Hans starta å slå alt gras og ugras som veks rundt teigane. Dette er gras som me anten ikkje kjem til for å slå med slåmaskina og gras langs vegkantar, såkalla skrapeslått. Her brukar han ein beitepussar slik at graset vert slått og det ser med eitt mykje finare ut og meir velstelt. Me har mykje leigejord for å ha nok fôr til dyra og då er det, synes me, svært viktig å stelle heile jorda og ikkje berre det me kjem til og kan bruke til fôr. Difor slår me med beitepussaren. Graset ligg på marka etter at det er slått, fordi beitepussaren malar/kuttar graset opp til små delar. På denne myra har kommunen vore og øydelagt nokre grøfter pga forsøksgraving på historiske kulturminner. Området som må beitepussast er på om lag 2 daa. Kommunen vil ikkje ordne opp etter seg, så me må, på sikt, få ordna grøftene sjølv.
Hans var alt i gong med å slå då Jan Magne kom bort og kunne ta bilete. Torunn har vore på jobb i det fine veret i dag, så då er Jan Magne fotograf. :)

 Her nærmar han seg ferdig på denne slåttemarka.
Måsen kjem straks ein byrjar å slå og leitar etter frø dei kan ete.

Jan Magne har blant anna lagt singel, drensrøyr og deretter singel igjen i grøfta som han grov i går. Det kan du lese om her. Jorda skal få liggje å tørke til i morgon før han legg den over til slutt.

Nokre av dykk har gjerne lagt merke til at gårsdagens innlegg har blitt endra. Me fekk litt tilbakemeldingar då me endra kommentarfeltet, og tusen takk for det! Me har tatt det til etteretning og no kan anonyme kommentere igjen og så oppfordrar me dykk som har kontoar til å legge inn kommentarar via dei og har du ikkje konto så vær så snill å skriv under med namnet ditt så me veit kven me snakkar med. :) Me er svært glade for alle som kjem med tips, råd og konstruktive tilbakemeldingar. Me vert aldri utlærde,- heldigvis! :)

tirsdag 23. juli 2013

Grøfting for hand

 No på førsteslåtten merka me at det hadde blitt blaut nedanfor eit redskapshus på den eine leigejorda på Fonnes. Det kom vatn opp i torva. I går og i dag har det vore nydeleg ver her. I dag tok Jan Magne spaden fatt og ville løyse problemet på Fonnes. Grøftene er grunne her så det går fint å spa når grøfta ikkje er så lang. Der reidskapshuset står var det tidlegare ein fjøs og det er vassig frå tomta som gjorde det blaut.

 Her har Jan Magne funne den grøfta som skal leia vatnet ut frå tomta. Sidan det er ei kort og grunn grøft så brukar me ikkje gravemaskin på dette. I tillegg er det ei steingrøft og det er då lett for å øydelegge grøfta med gravemaskin, samstundes som det var svært blaut der og det frista ikkje å belte utpå med maskina. Det er no godt å få spa litt og. :)

 No renn vatnet inn i grøfta og det skal få sige ut til i morgon tidleg. I morgon skal det leggjast singel i botn så dreneringsrøyret ligg godt og deretter vert drensrøyret lagt oppå og til slutt vert det lagt singel  nesten opp til torva. Det fører til at det vert god drenering. Det har vore over 27 grader i skuggen i dag, så sveitten har fått runne godt, og Jan Magne valgte den varmaste dagen til styrketrening på. :) 

Det sildrar godt ut i steinlaget.

I dag er det forresten to år sidan den første mjølkinga i den nye fjøsen. :)

mandag 22. juli 2013

Det går likar no


I dag har Jan Magne køyrd kunstgjødning frå tidleg morgon til seine kveld medan Torunn var på jobb, og all gjødninga er komen ut. Vel, med eit lite unntak, kvigene som me flytta hin dagen (det kan du sjå her), gjekk om i dag. Ei av dei minste kvigene er i brunst i dag og rei på dei andre kvigene og har mest sannsynleg då fare gjennom straumgjerdet. Då dei kom gjennom såg dei to kviger som går på nabobeitet, så då koste dei seg godt i lag. :) Jan Magne fekk dei tilbake der dei høyrer heime og fekk ordna straumgjerdet. Me har fortsatt møkakøyring att på Fonnes, men graset, der Jan Magne allereie har køyrd møk, er kome så langt no at gjødninga må spreiast før det vert for langt. Vert det for langt vil ein berre køyre ned graset når ein spreier ut gjødninga og vil då knekke stengelen slik at graset vert liggande og ein hemmer veksten. Når graset er kortare er ikkje stengelen så kraftig og graset reiser seg fortare att. Plantane si tilgong på næringsstoff er avgjerande for kvaliteten på planteprodukta og resultatet som bonden sit att med. Tilføringa av ulike næringsstoff bestemmer bl.a. planteprodukta si smak, fasthet, farge, frodighet, næringsinnhald og lagringsevne. Som tidlegare nemnd tar me jordprøvar for å få sett saman ein gjødselplan utifrå behova på dei ulike teigane. Jorda sine eigenskapar inkl næringsinnhald, kva som veks der og dei klimatiske forholda er avgjerande for korleis gjødselplanen vert sjåandes ut. Ein gjødselplan tar og omsyn til kultur (kva som veks der) og tilgong på husdyr- og mineralgjødsel. Den er justert i forhold til forventa avling og jordanalysar. Det er nok mest ideelt å få ut møka før gjødninga, men det var mest praktisk å få ut all gjødninga no når Jan Magne først var i gong.

I dag har det vore herleg med flott ver! Hans har beitepussa på dei plassane me ikkje kjem ordentleg til med slåmaskina. Han gjorde krav på traktoren med air condition, så Jan Magne har hatt det litt hett i dag. :) Me er evig takknemlege for all den gode hjelpa me får frå Hans, så han kan få køyre så mykje traktor med air condition han berre vil i sommar. :) No håpar me berre at det fine veret varer ei stund.
Då me gjødsla før første slåtten fekk me litt for lite gjødning og me måtte låne ein storsekk frå ein kollega. I kveld er Jan Magne og leverer tilbake ein storsekk og hjelper kollegaen med flytting av kalvar medan han er der. Det er ei svært god side med det kollegiale mellom bøndene. Ein hjelper kvarandre og trår til når det trengs. Forrige helg på laurdagskvelden var Jan Magne og hjalp ein kamerat og kollega med å få alle rundballane til land slik at han vart ferdig og kunne "slappe litt av" når regnet sette inn på kvelden/natta. Andre gongar er det me som treng hjelp og då er det godt å ha gode kollegaer.

I går fulgte me Håvard til flyet og sendte han heim att til Kirkenes. Han kom seg vel heim og gler seg allereie til neste besøk. De hugsar kanskje kalven, 781, som me fekk for to veker sidan? Du kan lese om ho her. Me fekk mange gode forslag på Facebook, men sidan Håvard var her og hadde eit sterkt ønskje om at ho skulle heite Lilja, så vart det namnet hennar. Dei andre namna tar me godt vare på, og kanskje dei neste kalvane som kjem dei neste vekene får det namnet du kom med forslag om. 

Du hugsar og kanskje innlegget om rakeriva vår som ramla frå kvarandre? Du kan lese om det her. Me må takke leverandøren for god service! Den vert fiksa så då er den nok i orden til håslåtten (andre slåtten).

lørdag 20. juli 2013

Grillhytte

 I fjor bestilte me ei grillhytte i lag med foreldra til Jan Magne.
I haust vart golvet støypt og no i vår vart store delar av grillhytta sett opp.
I går fekk Dag, svogeren til Jan Magne, og Jan Magne grillen på plass.
Oddgunn, yngste søstra til Jan Magne, og Torunn var med som motivatorar og fekk den aller siste finnishen lagt over hytta så då var det duka for ei lita innviing før Oddgunn og co reiste heim att i dag.
Hans er bortreist denne veka, men kjem heim att i kveld, så det får bli ei ny innviing når han er heime.
Biletet over er tatt no i føremiddag. Det ser ut til at det fine veret, som yr har lovd, faktisk kjem.

Dag hadde med 3 pølser som me delte broderleg. :)

Frida (datra til Oddgunn), Dag (mannen til Oddgunn), Håvard og Jan Magne nyter pølser, brus, kaffi og snop i grillhytta. Det vart godt og varmt og me håpar på mange slike koselege samlingar her.

Kjellaug (mor til Jan Magne) og Oddgunn.

Scott og Tassen (Oddgunn og co sin hund) er sjølvsagt med.

Håvard har bygd traktoren som han sit og held på.
Ein technic traktor med ei rakerive bakpå.

Ein avslappa bonde.

Sotus vågde seg til slutt inn i varmen han og.
Hytteboka er skriven i og grillhytta er offisielt innvia.

Dei siste dagane har det regna mykje. Me har fått ut møk på det me rekk med kanon, men det er og ein del områder me ikkje rekk med berre kanona og her må me ut med Doff´en og bladspreiaren. Me håpar det tørkar opp litt snart så me får ut resten. Kanskje Jan Magne får køyrd ut litt kunstgjødning i kveld. Medan regnet har sipa ned har ein del førefallande arbeid blitt gjort, og det er no godt det og.

mandag 15. juli 2013

Nytt beite


 I kveld har me flytta sju kviger frå beitet nedom huset og bort til beitet ved elveteigen (eine beitet me leiger på nabojorda). Det var begynt å bli veldig bløtt ein del plassar på beitet dei gjekk på, samstundes som det minka med mat så det var godt å få dei flytta. Då er det godt med god hjelp. Håvard gjekk i front og tok opp strengane som me har over innkjørslane til naboane. Ein flink "grindagut" med stor respekt for kvigene, og det er bra. Me brukar å sette opp strengane rett før me går forbi innkjørslane til naboane så me ikkje stengjer dei for lenge. I tillegg må me ha ein streng over kommunevegen, det er den siste me treng ha opp så den vert ikkje oppe så lenge. Bak Håvard gjekk Jan Magne med mjølbøtta, så kom kvigene trippane og til slutt gjekk Torunn og passa på at dei ikkje snudde og sprang tilbake. Det tar alltid litt tid før dei vågar å krysse der strengen har vore på beitet. Dei er jo van med at det er straum i strengen og stolar ikkje heilt på at det ikkje er straum der når dei skal krysse. Desse kryssa likevel ganske kjapt. På biletet over står Håvard og rister litt med mjølbøtta. Risting med mjølbøtta i lag med "kalling" gjer at dei kjem av seg sjølv utan at ein treng jage noko særleg i det heile. Her er Jan Magne og på veg ned mot dei, men dei kom ganske greit av seg sjølv slik at han kunne kome opp att utan noko særleg jaging på dei. P.S: Torunn tok over mjølbøtta frå Håvard så snart dette biletet vart teke.

Kvigene er komen bort på Elveteigen og får litt mjøl før me går.
Me tok eit bilete av kvigene på veg bort på beitet og, men det vart litt utydeleg så me får ta eit nytt bilete av kvigene "under transport" ved neste høve. :) Medan kvigene går inne er Jan Magne svært nøye på å vere mykje med dei, kose og prate med dei. På den måten vert dei svært tamme og dermed enkle å ha med å gjere når dei er på beitet. Medan dei er på beitet er Jan Magne eller Hans med jamne mellomrom med mjøl til dei, pratar og koser med dei slik at dei har jamnleg kontakt med menneske og dermed vert rolege og enkle å flytte frå beite til beite.

 Kvigene har mykje mat her på beitet, så dei kan gå her ei stund.

 Vår gode hjelpar, Håvard.
I dag har Jan Magne og Håvard køyrd ut mykje møk i Leirvågen medan Torunn var på jobb. Jan Magne køyrer ut nokre fleire lass i Leirvågen no i kveld. Tidlegare i dag kunne han køyre utpå jorda med Doff´en, men det minkar på jorder ein kan køyre utpå så i kveld brukar Jan Magne kanona på møkavogna på dei stadene han har mogelegheit til det. Så får me sjå korleis veret artar seg og kor tid me får køyrd ut resten.
I går hadde Håvard og Jan Magne ein gutedag til byen og gjekk på kino i lag. Så Håvard får oppleve litt andre ting enn berre gardsdrift medan han er her og. :)

fredag 12. juli 2013

Slåttegraut

 I går var Jan Magne og Håvard og rakte saman på Kaland så det var klart til siste innspurten i dag. Riva holdt, så no håpar me den vert fiksa til andre slåtten (håslåtten).
Me rakar saman to og to skårar, på den måten vert det mindre køyring på jorda med pressa og samstundes vert det enklare å køyre med pressa. Dersom ein har enkle skårar må ein køyre meir vekselvis frå side til side slik at ein får ein jamn og kompakt rundball. Klarer ein ikkje det kan ein fort få rundballar som er kjegleforma samstundes som det vert fleire rundballar med mindre fôr i kvar. Når ein rakar saman to skårar kan ein køyre meir beint fram på skåren og får likevel ein kompakt og jamn rundball.

 Lunsjen tok me på asfalten på Fonnes i dag.
Her tar Jan Magne og Scott ein pust i bakken.

 Håvard var sjølvsagt med som sidekommentator og moralsk støtte.

 Pressing på Fonnes.
Her ser de og det flotte klistremerket som me skreiv om her.
Det var bløtt ein del plassar, men det gjekk heldigvis bra så me vart ferdige før regnet kjem.

 Traktoren i front med dei nye framdekka 560/45R22,5.
No er slåtten ferdig!!
Det blir pizza i kveld, men slåttegraut (rømmegraut) i morgon.
Jan Magne rakk akkurat å bli ferdig før det kom nokre dråpar med regn på Kaland.
I kveld skal Jan Magne køyre saman resten av rundballane før regnet set til.
Det er viktig å få dei vekk frå jorda så fort som mogeleg slik at dei ikkje hindrar veksten av graset der dei ligg. I morgon er det møkakøyring og så er me forhåpentlegvis ferdig med det i starten av neste veke. Då er det berre til å vente til neste slått... Eller det skal vel ikkje stå på arbeid mellom slåttane heller. :)

Her køyrer Hans saman rundballar på den største slåttemarka på Fonnes.

torsdag 11. juli 2013

Ein frustrert bonde

 Jan Magne har i dag køyrt ut meir møk og begynt å rake saman på Fonnes og Kaland. Undervegs på Fonnes begynte boltane å løsne på rakeriva så graset vart ikkje rakt saman på ordentleg måte. Jan Magne måtte bort til ein svoger for å få tak i boltar og skjever. Heldigvis fekk han alt på plass att slik at han kunne gjere seg ferdig på Fonnes. På veg heim løsna dei opp att, de kan sjå biletet over. Bileta er oversendt leverandør for klage, så håpar me at det vert ordna. Riva er jo berre 1 år gamal og burde så absolutt halde litt betre enn dette.

 Jan Magne skrur fast boltane på riva og er klar til å rake saman på Kaland så me får pressa i morgon.

I dag etter jobb har Torunn henta Håvard på Flesland. Han har flydd åleine for første gong frå Kirkenes, via Tromsø og til Bergen. Han skal vere her i over ei veke. Så det blir kjekt. Her kan de sjå eit innlegg om han tidlegare. No er Håvard med Jan Magne og rakar dei siste måla før pressinga i morgon.

onsdag 10. juli 2013

Ein smak av sommar

Utsikt frå huset.

I dag har Jan Magne fått gjort ein del vedlikehaldsarbeid medan Torunn har vore på jobb. Det er sol og flott ver i dag, dog noko vind. No er Jan Magne og slår ned dei siste 70 daa med gras, fordelt på fire teigar, på Kaland og Fonnes. Planen er å la det ligge til fredag då det er meldt regn på laurdag. Dess lenger det får ligge dess betre tørrstoffinnhald vert det i fôret og dermed vert kvaliteten betre og det vert meir gras i kvar rundball. Sjølvsagt er fôrkvaliteten gått noko ned no ettersom graset har blitt seinare hausta enn ønskjeleg, men samstundes har det kalde veret vore litt på bonden si side og. Det at den voldsomme varmen ikkje har kome enno, har og ført til at graset ikkje er så hausta som det normalt sett kanskje ville vore når haustingsperioden er langvarig.
Det blir godt å bli ferdig!
All møkakøyring på jorda her heime, inkl leigejorda hos naboen, er no ferdig, i tillegg til ein del i Leirvåg. Så me nærmar oss ferdige med det og. Det blir godt.

Me har planlagt fleire vintrar å sage ned trea som du ser fremst på biletet over, forhåpentlegvis får me kanskje gjort det den komande vinteren. Fordelen med å få dei vekk er at me hindrar attgroing, me får rydda beitet og me får betre utsikt mot sjøen frå huset.
Me har enno ikkje fått tid til å diskutere kva kalven skal heite, så me får tenke litt til. Om du har eit forslag er det berre til å legge inn ein kommentar på innlegget som du finn her.

tirsdag 9. juli 2013

Bonde på veg

 For ei tid tilbake la Hordaland Bondelag ut ein link på Facebook til Østfold bondelag si side. Dei hadde produsert nokre geniale klistremerker som ein kunne kjøpe. Me sendte ei bestilling på fleire klistremerker som me kan ha på bl.a. pressa og tankvogn. Det står riktignok Østfold bondelag på dei (på det blå feltet), men bondelag er bondelag og bodskapen er det viktigaste her. Me fekk dei for ei tid tilbake, men har først fått det eine på no i kveld.

Her er det første komen på pressa.

I går og i dag har Jan Magne køyrd ut møk på store delar av heimejorda, me har litt att på delar av leigejorda hos naboen. Det har regna ein del i dag så på slutten vart det for bløtt til å kome seg utpå.

Me takkar for mange gode forslag til kalven og skal sjå gjennom dei i løpet av veka før me får bestemt oss. Kommentarar som har kome vil og bli svart på i løpet av veka. No ser det ut til at veret skal bli bra resten av veka så me håpar på slåttegraut før veka er over.

mandag 8. juli 2013

Ein ny kalv er fødd


Denne kalven kom til verda laurdag 6.juli.
460 er mora og ho kalva medan avløysaren mjølka resten av kyrne.
Ein stor og flott kvigekalv som treng eit namn, så kom gjerne med forslag!
Medan dei andre kyrne var ute på beite i dag gjekk ku og kalv inne i lag og koste seg.
Det var utruleg koseleg å sjå på ku og kalv som låg side om side på liggjebåsen og hadde, så godt som me kunne sjå, eit godt forhold. I enkelte tilfeller kan kua nekte å ha noko med kalven sin å gjere.
Kalven fekk i seg mykje råmjølk raskt etter fødsel og har fått den starten i livet den treng.
Råmjølka er ei viktig kjelde for nærings-, vekst- og antimikrobielle faktorar for den nyfødde kalven. Oppbygginga av morkaka hindrar overføring av immunoglobulin frå mordyr til kalv i fosterlivet. Difor er det viktig at kalven får råmjølk av god kvalitet (med høgt innhald av immunoglobulin) så raskt som mogeleg etter fødsel for å redusere risikoen for sjukdom og død etter fødsel. 460 vart mjølka ikkje lenge etter fødselen, så kalven fekk raskt i seg mykje råmjølk. No går den i lag med Rosa og Julie i den flotte bingen med ei god og lun kalvehytte.
Far til denne kalven er 10556 Motrøen.

Den nye kalven i lag med Rosa.

søndag 7. juli 2013

Opprydding

 Medan ein presser vert rundballane lagt ikkje langt bak der rundballen er ferdig pressa og pakka og dei ligg strødd rundt på jorda. Desse må vekk frå slåttemarka så fort som mogeleg. Dess lengre dei ligg på jorda dess meir hemmar dei veksten av graset under der dei ligg slik at når ein flyttar rundballen er det gule flekkar der. Samstundes er det jo litt dumt viss ein må køyre slalom mellom rundballane frå første slåtten når ein skal slå og presse på håslåtten. :)

 Me brukar ein rundballeløftar som me flytter rundballane frå jorda og til "land",- altså inntil kanten eller på eit anna område som ikkje er slåttemark. Det går og an å bruke ei rundballeklype. Den knip rundt rundballen på kvar side slik at rundballen vert pressa saman på midten. Ulempen med den er at ein kan knipe hol i plasten i tillegg til at ein pressar lufta utor den.
Desse bileta vart tekne i går og Jan Magne og Hans vart ferdige med å køyre alle rundballane til land, så no er det berre siste innspurten så er me heilt ferdige med første slåtten og kan gjere oss klare til håslåtten.

Jorda er tom for rundballar.

I går kalva 460, så i morgon skal de få sjå bilete av den nye verdsborgaren. I tillegg treng me forslag til namn på kalven så de får leggje hovuda i bløyt og skrive kommentarar under morgondagens innlegg om de har forslag. Det er ei kvige (jente). :)

Me ventar fortsatt på å få slå. Me har vurdert om me skal slå ned i kveld og presse i morgon, men veret ser litt utrygt ut i sør i tillegg til at det er meldt regn i morgonkveld og me er usikre på om me rekk å bli ferdige før regnet kjem. Det er meldt mykje regn på tysdag, men opphold frå onsdag til søndag i allefall så det spørs om me ikkje må vente til slutten av veka. I dag har vore ein nydeleg dag som me har nytt i lag med delar av næraste familien og vaflar og is. Det er no godt med nokre slike dagar innimellom og.

lørdag 6. juli 2013

Medan me venter....

 Vedlikehaldsarbeid er og ein viktig del av arbeidet og no når regnet ramlar ned frå himmelen kvar einaste dag går dagane til det. No har det regna såpass mykje at me treng to dagar med opphaldsver før me kan slå ned dei siste 40-50 daa som me har på Fonnes og Kaland. Det er frustrerande å gå slik og vente på å få gjort ferdig siste resten samstundes som fôrverdien på dette graset går ned dag for dag.
I dag er det foreløpig flott ver, sola skin og det er meldt liten kuling frå sørvest, men det er meldt regn til natta. Viss ikkje hadde nok Jan Magne slått ned i kveld og så hadde me raka og pressa i morgon. Me kjem heller ikkje utpå så me får køyrd ut meir møk på slåttemarkene, som allereie er slått, for å gjere klart til ny vekstsesong. Når det er gras på jorda så er graset med på å trekke mykje av vatnet opp i rot og stengel, samstundes som ein del regn hamnar på bladverket og med mykje vind tørkar dette fortare. No når graset er slått på mesteparten av slåttemarka tar det og lenger tid før desse tørkar opp fordi bladverket som krev mykje vatn for å vekse og leve er borte, samstundes som så og seie alt regnet hamnar i jorda og ikkje på sjølve graset.
På biletet over er det oljeskift på gardsbilen.

 Reperasjon av pumpa til åkersprøyta.

Reparasjon av ei gammal motorslåmaskin.
Til no har det blitt oljeskift på traktorane, bilen, reparasjon av ein rundballeløftar, reparasjon av sprøyteutstyr og vedlikehald av diverse andre reidskap.
I tillegg har ein god del av rundballane som ligg på jordene blitt køyrd til land. Det vil seie at dei blir samla på eit område, anten i utkanten av slåttemarka eller på ein heilt eigen plass som ikkje er i berøring med slåttemark, som t.d. ein grusplass el.l. Jan Magne er i Leirvågen no og køyrer saman ein del der.
Me lever i håpet om at me snart skal få slå og presse siste resten.

mandag 1. juli 2013

Ein effektiv og bra dag

 I går var ein svært effektiv dag, sjølv om det var søndag. Me byrja i 13 tida. Torunn raka og Jan Magne pressa. Søndag er ein dag me normalt ikkje gjer anna arbeid enn å gå i fjøsen morgon og kveld, men i dag (måndag) var det meldt regn og graset må i hus. Det er det eine unntaket me har frå regelen om å ikkje arbeide på søndagane. Dyra må ha mat så graset må me få inn. Me rakar i saman to eller tre skårar alt etter kor mykje gras det er.  Fordelen med å rake saman fleire skårar er at det vert mindre køyring med pressa på jorda, samstundes som ein kan rake vekk graset frå blautare parti, knausar, haugar osv slik at det ikkje vert fare for at pressa legg seg nedi eller pick-up`en vert øydelagt. Pick-up`en har tindar som den tar opp graset frå jorda med og mater det inn i pressa. Så langt har me hatt god avling og har fått i overkant av 2,5 rundballar/daa. Det er vanskeleg å bruke dette som samanlikningsgrunnlag då dess tørrare graset er dess meir fôr får ein i rundballen, men det vert mindre rundballar totalt. I tillegg avheng det og av korleis rundballen er pressa og kor mykje graset er kutta. Fordelen med å rake fleire skårar i lag er at ein kan køyre meir beint på skåren og likevel få ein jamn og kompakt rundball. Dersom ein ikkje rakar fleire skårar saman må ein veksle meir frå side til side for å få rundballen jamn. Klarar ein ikkje det får rundballen fort ei kjegleform.

 På det eine stykket Torunn raka på var det mange søte små vipeungar som sprang foran henne og ho måtte stoppe fleire gongar så dei fekk mogelegheita til å kome seg ut frå slåttemarka og i sikkerhet.


 Bilete før raking.

Bilete etter raking.

I går vart me heilt ferdige i Leirvågen og på Hope. No er det berre Fonnes og Kaland igjen, det er om lag ein dags arbeid for ein bonde. Jan Magne var ferdig med å presse rundt kl 2330 i går.
Det har regna mykje i dag så det er umogeleg å kome utpå slåttemarka. Jan Magne har starta å køyre møk på Storamye i Leirvågen i dag, dei andre jordene kjem han ikkje utpå enno. Det må ny møk på for å gjere klart til ein ny vekstsesong og håslåtten.

lørdag 29. juni 2013

Jag trivst bäst i öppna landskap


Medan me slo har avløysaren vår rydda frå redskapshuset og ned til garasjen, medan Benjamin, sonen til eit søskenbarn av Jan Magne, bar greiner. På biletet over ser du eit førbilete ved garasjen. Det var det einaste me fekk tatt før dei var i gong.


 No er alt på vår side rydda. Det er utruleg kor mykje kratt som veks opp med tida, men det vart mykje lysare og trivelegare no.

No er det berre berget att, og alle greinene ligg i haugar. Det blir endå finare når alle dei er rydda vekk og me får rydda litt ekstra rundt her.                                                      

Ope landskap :)

Her er avløysaren ferdig for dagen med saginga og skal ha seg ein liten pause før han startar i fjøsen. Han er utruleg kjapp og eit arbeidsjern!

 Alle greinene er samla i ein haug.

Då er det berre å få rydda vekk greinene eller leige ein fliskuttar og så ser det endå finare ut. I natt har det regna over 30mm, no skin sola så me håpar det tørkar godt opp så me kan starte å slå igjen. Det er meldt litt regn på måndag så dette vert nok ein av dei få søndagane me muligens kjem til å ta i bruk så me får redda graset i hus. Jan Magne har holdt på å presse til kl 01:00 fleire netter no, så det blir godt når alt er ferdig. Dersom du har lyst til å sjå ein film når Jan Magne presser og pakker, kan du sjå den her.

I går var det ei kvige som gjekk om som går på eit beite nedanfor huset. Ho hadde gøymd seg innimellom nokre graner ved det eine stykket me leiger. Ho tusla no heldigvis etter ei bøtte med kraftfôr heim og har kome på eit beite med nok andre kviger.